Stjerneprofilar Nils og Pelle
Den eine var keeper, den andre playmaker og storscårar. Vi snakkar om: Per Arve “Pelle Kvalsund Og Nils Christian Nørvåg
|
|
|
|
Per Arve "Pelle" Kvalsund og Nils Christian Nørvåg
Nils står på vår målliste med 776 mål på 151 kampar, det er over 5 mål i snitt pr kamp. Flest mål scora han i 1989/90 med 153 mål på 22 kampar. Kva som er rekorden med mål i ein kamp veit vi ikkje, men han scora i alle fall 14 mål mot Mosjøen i 1993, og laget tapte likevel 21–27. Hans karriere i Bergsøy strekkjer seg frå 1988 til 2014.
Pelle manglar vi rett og slett statistikk på, men tidsperioda hans på herrelaget til Bergsøy var 1988–1992. Så blei det spel i eliteserien i mange år derifrå.
I 1981 spelar Pelle på Bergsøy sitt lilleputtlag i fotball, som presterte 68–1 i målforskjell og slo Larsnes med 19–0. Men frå 1982 ser det ut som handballen tek over interessa, og i ein kamp for Gutte12 vinn Bergsøy over Rollon med 6–4 der Pelle scorar 2 av måla, medan Nils Christian blir toppscorar med tre mål.
Pelle vil etter kvart få mykje skryt for sitt keeperarbeid, medan Nils utviklar sitt spel i den andre enden av bana.
1984: – ”Per Arne Kvalsund stod nok ein gong glimrande i mål”.
Begge spelar no på G14-laget som vinn KM både i 1984 og i 1985.
Snart er dei på G15-laget som skal kvalifisere seg til landsserien for å møte landets 16 beste lag. Gutane imponerte og vann mot fleire lag for å kvalifisere seg idet Nils Christian scårar 19 av 45 mål oppe i Trondheim. I landsserien enda Bergsøy på sisteplass, men laget fekk nyttig erfaring mot gode lag, som styrka dei i serien lokalt.
I 1986 vinn dei igjen KM. G16-laget har 16 sigerar med 377–150 i målforskjell med Bjarne Pettersen som trenar. Året etter vinn dei igjen – denne gongen med 8 poeng ned til neste lag på tabellen. Stig Vestnes var også med i trenarteamet no.
I tillegg vinn laget Rolloncup etter å ha slått Rollon i finalen 15–14. Dette skjedde etter nok ein kamp der Nils Christian og Pelle var dei dominerande spelarane. Nils blei toppscorar i turneringa med 19 mål, medan Kristian Berge scora 15.
I tillegg til å spele vil både Nils og Pelle utvikle seg vidare. I 1987 melder dei og fleire seg på idet handballgruppa vil utvikle trenarar og dommarar, kurs med Asbjørn Kilsli. Pelle blir trenar for Gutte12, som på denne tida har spelarar som Jarl Åge Vågsholm og Ronny Pål Kvalsvik som seinare blir mest kjende som fotballspelarar.
I 1988 vinn G18 Rosecupen i Molde, og i finalen blir Pelle kåra til den beste spelaren. Seinare på året går Bergsøy til topps i Bergsøycupen, og no var både Nils og Pelle med seniorgjengen i lag med spelarar på over 30 år som Adolf Espeseth, Per Frøystad og Tor Sindre Steinsvik.
I mars 1989 opplever dei trampeklapp med 500 tilskodarar idet Bergsøy slår Gloppen og rykker opp til 3. divisjon. Adolf Espeseth var kampens store spelar, kun i konkurranse med keeperane Terje og Pelle Kvalsund som stod glimrande i mål. Dei tok dei eine skudda etter dei andre i slik fortviling at Gloppen-spelarane slo golvet i frustrasjon.
Utviklinga går fort
Utviklinga går fort no. Pelle imponerte stort som keeper, og Nils Christian som bakspelar viste liten respekt for motstandarane og blei toppscorar under ein treningsleir i Skjåk. Idet Nils blir 18 år er det fleire som meiner han snart er moden for større oppgåver. Han har god skotarm og lure innspel og styrer kampane.
I 1990 har Pelle kapteinsbindet i Bergsøy medan Nils Christian prøver lykka i 1. divisjon med laget Tindlund. I januar 1991 får han debuten mot Stavanger IF som blei rekna å vere landets nest beste lag bak Sandefjord. Nils scora eitt mål etter at han overtok plassen til Petr Bartons som bakspelar.
Det blir imidlertid mest reservespel for Tindlund på Nils Christian. Han hadde også vore ein del småskada og fekk ikkje vist alt han var god for. Karrieren i Tindlund enda med 5 kampar, og etter eitt år var han tilbake i Bergsøydrakta.
I Bergsøy har Pelle i mellomtida storspelt. Jørn Remøy løfter han i været med overskrifta «Kvalsund vart helten». Pelle stod som ein levande mur og var både høgt og lavt. Med raske reaksjonar redda han fleire straffespark, og utan redningane ville laget ikkje vunne mot Mosjøen 15–14.
I oktober 1991 er Pelle og Nils i same militærleir; Vatneleiren. Begge blir henta heim til kampane. Dei trenar med 3. divisjonslaget Sola. Men i 1992 er det Pelle sin tur til å prøve seg på eit høgare nivå enn Bergsøy. Turen går til 2. divisjonslaget Fyllingen.
”Bergsøy-målvakten grep sjansen og leverte ein praktkamp”.
I september 1992 får Pelle strålande kritikk etter sin debut for 2. divisjonslaget Fyllingen. Motstandar var Skien som vann eliteserien året før. Pelle stortrivst etter kvart i Bergen som andrekeeper idet Fyllingen tek opprykk til 1. divisjon. Han spelte i 21 av 22 kampar, og tempo, teknikk og fysikk var på eit heilt anna nivå enn det hadde vore i Bergsøy.
Mot NM-finale
Alt går berre oppover. Keeperen med si store styrke på nærskot går frå det eine høgdepunktet til det andre. I ein kamp mot Sandefjord meinte Oslo-avisene at Pelle var den dominerande spelaren. I november 1993 blir Pelle klar for NM-finale etter at Fyllingen mot alle odds slo Viking i semifinalen. Det blir ikkje stort større handballkampar enn dette i Norge.
Men finalen 29. desember gjekk ikkje som laget håpte. Sandefjord vann 25–14 etter at det stod 6–12 til pause. Dei var sjanselause. Pelle var likevel bra med. Han kom inn etter 14 minutt og spela seg oppover, han fekk ein firar på børsen som ein av lagets beste.
I 1994 startar Nils med studiar i Oslo, og det blir mindre handball. I 1995 rykker Fyllingen ned, og då vel Pelle å gå til eit av laga som rykte opp: Norrøna.
Det blei ein god del speletid på Pelle i 1995/96-sesongen, og han følte seg aldri som ein andrekeeper, men to dagar før 1996/97-sesongen og hans fjerde sesong på det øvste nivået så er trenaren ute offentleg og seier han vil ha tak i betre keepere.
Dette skapar ein mediestorm. Pelle svara på tiltale med ein redningsprosent på 40 i treningskamp mot Åsane, og såg fram til å spele mot Glenn Solberg og Drammen som hadde blitt europacupmeister. Det blei imidlertid eit stortap.
Pelle trenar balanse med Cecilie Leganger og står på, men sesongstarten er tøff. Etter det sjette strake nederlaget heime mot Skien hadde han det forferdeleg og følte seg som ein syndebukk. Han tok på seg all skuld og ville grave seg ned. Han blei også slakta av trenaren som hadde gått ut og sagt at om laget skulle redde seg i eliteserien måtte dei skaffe seg ein ny keeper. Pelle hadde også forventa meir lojalitet av eigen trenar.
Toppidretten er tøff, men det er også Pelle. I den neste kampen storspelar han mot Runar og har 17 redningar og laget spelar 23–23 og tek det første poenget. Han storspelar også i den neste kampen idet Norrøna vinn mot Urædd. Så kjem ei uheldig timing med skade på trening, men idet han kjem inn i neste kamp er han igjen god og har 12 redningar på 21 skot. Han hadde kanskje variert i løpet av sesongen, men var likevel lagets klart beste keeper.
I mai 1997 kjem eit fristande tilbod frå Stavanger. Stavanger IF sine toppambisjonar frista meir enn Norrøna sin nedrykkskamp. Sesongen går opp og ned, og Pelle vurderer å legge opp etter sesongen. Då blir han overtalt til å kome tilbake til Norrøna av sine gamle lagkameratar.
I juni 1998 vinn Pelle og Norrøna over Fyllingen, hans tidlegare klubb, og Pelle får mykje av æra idet han skapte mange gode kontringar. Så storspelar han igjen idet Norrøna slår hans andre tidlegare klubb Stavanger IF med 25–24. Pelle blei kåra til banens beste med 20 redningar.
Men så skjer det brått at han melder at han legg opp like etterpå. Å vinne mot gamle lagkameratar seier Pelle er ei verdig avslutning. Ikkje lenge etter får han eit beinbrot under innefotball, og då er det slutt uansett.
Det blei mange år med eliteseriespel. Fem sesongar i Bergen der tre var for Fyllingen og to for Norrøna. Så sesongen i Stavanger. Ei imponerande reise på toppnivået.
Medan Pelle legg opp, så har ikkje Nils tenkt å gi seg heilt enno. Idet Bergsøy startar opp igjen herrelaget etter fem sesongar utan lag, så er han i gang igjen i 2006, og har no delt trenaransvar i lag med Jørn Remøy.
Nils med festspel
Spolar vi fram til september 2008 så har herrelaget vunne alle sine heimekampar dei to siste åra og er klare for 2. divisjon. Laget gjekk rett frå 4. divisjon til 2. divisjon. Nils Christian er snart 38 år, men mot Melhus/Gimse spelar han glimrande og slår til med 13 mål. – ”Han var kampen gjennom ei trussel for eit hardt pressa trønder-forsvar som nærmast vart svimle av Nørvåg sitt festspel”.
Utan Nils Christian og Jan Erik på bana i ein kamp mot Kolstad i mars 2009 gjekk Bergsøy på eit unødvendig tap. Laget var rett og slett eit mykje svakare lag utan dei to, stod det i Vestlandsnytt.
Bergsøy heldt seg i 2. divisjon, men Nils Christian melder snart at han gir seg og ikkje blir med vidare.
Fem år seinare, i februar 2014, gjer han likevel eit lite comeback. Bergsøy henta inn superveteranen som under trenar Gintaras får skryt for forsvarsarbeidet. Nils scora eitt mål mot NTNUI, det blir hans siste sprell for herrelaget.
Nils blei årets spelar i sesongane 1989/90 og 1993/94. I seinare år har Nils hatt roller som leiar sportsleg utval og styreleiar i Bergsøy handball.
Og dette var soga om to kompisar, der den eine hadde mål om å skape mål og den andre gjorde alt for å hindre dei.