Tilbake

Gintaras Savukynas er tilbake

🕒 2026-04-23 00:00
🏷️ Handball

Ambisjonane til Bergsøy viser seg

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Det er virkelig spennande tider for Eliteserieklubben Bergsøy - som har gått ut og sagt at dei har ambisjonar om å bite godt fra seg. Og det må vi seie at dei gjorde allereie ikveld.

Imponerande godt utført å få på plass ny trenar til herrelaget berre 8 dagar etter at vi fekk vite at Peter Pucelj gav seg. Har Bergsøy også denne farta når det gjeld utviding av tribunekapasitet så kan det være snakk om tusenvis av tilskuarar på Rem Arena komande sesong. Ja, her har vi utvida litt kapasiteten:

Gintaras Savukynas.

Og trenaren blei altså Gintaras Savukynas. Som hadde laget sesongane 2013/14 tilogmed 2015/16.

(Statistikken hans sist han var i Bergsøy kan du studere mer her.)

Totalt 57 kampar, 32 sigerar, 2 uavgjort og 23 tap den gang. Opprykk den første sesongen med 13 strake sigerar. Ein veldig poppulær og godt merittert trenar. Tross alt landslagstrenar for Litauen.

Presemeldinga til Bergsøy Handball var imponerande. Så kven er han?

Litauisk toppspelar, årets spelar i den litauske ligaen i 1994 og 1998. Han blei årets angrepsspelar i den islandske ligaen i 2000, og i 2002 igjen årets spelar i den litauske ligaen. Som spelar var han kaptein for landslaget før han sjølv blei landslagstrenar i 2009. Han spelte landskampar frå 1991 til 2005.

Og trenarkarriæra er faktisk meir imponerande!

Han gjekk frå å vinne den litauiske cupen i både sin førsteog andre sesong, til å vinne ligaen i 2006 i sin tredje sesong som trenar. Han blei då årets trenar,

Så tok han turen til Island der han hadde vore spelar nokre år tidligare, og der tok han HC IBV Vestmannaeyjar opp til toppdivisjonen på første forsøk. Turen gjekk vidare til kviterussland der han vann cupen i sin første sesong.

Så kom han til Bergsøy i 2013, og blei en veldig poppulær trenar i klubben. Som Bergsøy sa i pressemeldinga idag: "Han var en av drivkreftene bak satsingen som la grunnlaget for klubbens utvikling og reisen mot Eliteserien. Nå returnerer han med en enda tyngre merittliste og et bredt internasjonalt perspektiv".

👉 Og kva har han gjort dei ti siste åra sidan han dro frå Bergsøy?

Han tok turen til Finland. Der vann han den finske ligaen og den finske cupen 3 gongar, blei baltic League mester og var i Champions League. Beste finske trenar i 2017 og 2019. Før han tok turen til Ukraina og vann ligaen der i 2020, og både ligaen og cupen i 2021.

Gintaras har vore hovudtrenar i fleire europeiske toppklubbar, mellom anna Motor Zaporizhzhia (Ukraina), Meshkov Brest (Belarus) og Riihimäki Cocks (Finland), der han har vunne fleire nasjonale titlar og deltatt i EHF Champions League.

Totalt spelt og trent i 9 forskjellige land og vunnet 15 ligatittlar, hatt 10 sesongar i europa og vunnet 5 prisar som beste trenar samt at han er inne i si andre periode som landslagstrenar.

👉 Dette er ikkje det vi kallar one-hit-wonder. Dette er hit på hit nok til fleire album.

Med Gintaras Savukynas på plass har Bergsøy fått ein trenar med sterke internasjonale merittar, titlar frå fleire land og erfaring frå spel på høgaste europeiske nivå.

👉 Og han har tilogmed si eiga heimeside.

Litauen står sterkt i Bergsøy

På historikk.com har vi no forbedra våre spelarprofilar og profilsøk. Vi har også lagt inn nasjonaliteter på spelarane. I utgangspunktet har alle blitt satt til å være norske, men når vi bekreftar andre nasjonaliteter så forandrer vi det. Og slik ståda er no så er det Litauen som er på topp på herrelaget om vi ser bort ifrå dei norske.

På vår profilsøkside kan du sortere spelarar etteridrett, og sortere blant anna på nasjonalitet. Alle spelarprofilar (1077 stykker), både handball/fotball/ - damer og herrer - har no også fått trofehylle. Så om du går inn på profilen til Oddvar Roseth så ser du blant anna at han har 3 gullmedaljer for Bergsøy.
Trykk for å gi saka ein tommel opp.