Tilbake

Historikk feirar 10 år

🕒 2026-04-26 00:00
🏷️ Historie

Men det starta egentlig i 2002

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Ja historikk.com har vore ei 10 år på nett, og det har skjedd mykje. Ting startar å kome litt meir på plass, og Historikk.com startar å bli et solidt Bergsøyarkiv.

👉 Det er over 1000 "nyheter" i vårt Nyhetsarkiv. Nyheter frå dannelsen 1944 og fram til idag. Og fortsatt er det mykje vi ikkje har fått over frå vårt gamle design enda.

👉 Ny søkeside for kampane til alle A-laga sine hittil 2789 kampar som vi har i vårt arkiv. Ingen andre klubbar kan vise til noko tilsvarande.

👉 Ny søkeside for Bergsøyprofilane våra. Det er 1077 Bergsøyprofilar med sine egne sider med statistikk og informasjon.

Det blir stadig meir innhald, men når en først har et lite jubileum så kan en sjå litt tilbake. Og sjølv om historikk.com er 10 år, så startar historia egentlig for over 20 år sidan.

Starten i 2002

Historia starta jo egentlig da eg laga "Bergsøys uoffisielle heimeside i 2002. Denne sida blei meir kjent som bergsoy.com etterkvart. Det er altså godt over 20 år sidan, og du kan faktisk sjå korleis den første sida såg ut om du trykker her.

2002 til 2009

Klubben hadde jo sjølv inga eiga nettside på denne tida - så i sju år dreiv eg egentlig klubbens omtrent einaste kanal. Dette var før Facebook også blei lansert. Det sto ikkje på innsats, og i 2005 blei nettsida kåra til å være den 8.beste fotballsida i Norge av fotballen.no. Sunnmørsposten skreiv i denne artikkelen at Bergsøy si uoffisielle heimeside trulig er mellom dei mest innhaldsrike i fylket.

Sida utvikla seg fort, og i 2009 hadde eg laga om nettsida slik at trenarane på dei forskjellige aldersbestemte laga sjølv fekk logge inn og skrive nyheter på sida. Slik blei det lagt til rette for at klubben kunne ta over nettsida sjølv da eg flytta til Hareid. Då tok klubben over nettsida, og den blei klubbens offisielle fotballside.

Historikk.com fra 2016

Eg hadde hatt nokre år med andre prosjekt. Skreve fleire slektsbøker. Så kjem vi til 2016 , og eg syntest det fortsatt var mykje Bergsøyhistorie som "ikkje var på plass". Det var ingen skikkelige adelskalender eller målscorarlister. Arbeidet blei tatt opp igjen - men med fokus på rein klubbhistorie. Ikkje noko sjølvpålagt stress om daglig oppdatering. Dermed blei nettadressa historikk.com. Historiefortelling.

Arbeidet med Adelskalender og målscorerliste var sentralt, og for å få det til: Kampreferat og samle inn informasjon av alle fotballagets kampar frå 1952. Leiting etter informasjon, dommarkort, lagoppstillinger, målscorarar. Eg var på biblioteket i Ålesund og såg i gamle microfilmar i gamle aviser. Eg var under tribuna i Sunnmørshallen og leita i gamle arkiv og kasser til kretsen på jakt etter dommerkort.

👉 I 2018 starta en å få mer kontroll.

👉 I 2019 kunne eg publisere komplett målscorarliste frå 1969-2019. Lista omfatta også tilbake til 1952, men der er fortsatt mange kampar vi manglar målscorarar på.

👉 I 2020 hadde historikk.com 100% dekning av alle dei obligatoriske kampane til herrelaget i fotball. Det vil seie, kvar kamp har si eiga side der du finner informasjon, statistikk og bilder.

👉 I 2021 gjekk sida frå å handle om kun fotball, til å prøve å også ta tak i Handball og Friidrett. Handball har kome se mykje, det er fortsatt litt lite friidrett må eg innrømme.

Og frå 2019 og fram til august 2025 hadde eg sideprosjektet: Bergsøyfilmen.

Bergsøyfilmen

Når prosjektet er å ta vare på Bergsøy si historie, så kjem en berre ett stykke med tekst. Eg fann ut at eg måtte ta det vidare.

13.oktober 2019 tok eg turen til mitt første intervjuobjekt Sigmund Paulsen. Den første målscoraren for Herrelaget i fotball. Deretter blei det på rad og rekke. Prytz og Myklebust, Johs Wike, Ingvald Stenersen, Egil leikanger, Kjartan Fagerlund, Knut Teige, Leif Pettersen, Margot Ramstad, Kåre Botn, Eivind Rødal... Og pluttselig hadde lista passert 120 namn.

Eg tenkte det kunne bli lagt ut som ei serie i 5 delar. Sånn ca 45 minutt pr del. Men så viste eg det til "Manager Tone". -"Dette skal på kino" sa ho. Eg valgte å gjere dei fire første delane om til to filmar. Du kan sjå dei her:

🎥Bergsøyfilmen Del 1 (1944-1970)

🎥 Bergsøyfilmen Del 2 (1970-1990)

Filmane tok vekk fokuset på heimesida. Derfor har det vore skippertak no etter kinoframvisningane å få opp heimesida i bedre stand. Før eg må snu fokuset igjen. Fordi det er fortsatt en film hengande over meg. Del 3. Det har blitt utført fleire intervju som hører til den filmen, men denne filmen er ikkje nær no. Eg må samle kreftene igjen.

👉 Men: Innsamlinga av innhald pågår sjølvsagt.

Innsamling av historie

Historikk.com samlar på Bergsøyhistorie, både tekst og bilde og video. Arbeidet med dette tek aldri slutt. Eg er takknemlig for alle som bidreg, og husk: Sjølv få sekund med opptak av video kan gjere underverker for en spelefilm. Det har blitt digitalisert VHS og 8mm og mange typar kasettar i jakt på å ta vare på klubbens historie.

På Historikk.com vileg prøve å organisere mykje av dette så godt som mulig. Lagbilder og anna. I Bildearkivet ligg det no 3440 bilder, men det er berre litt av mange.

Reisa pågår vidare

Takk for reisa hittil. Det har blitt nokre år. Mange kjenner nok fortsatt ikkje til historikk.com, og fleire trur nok kanskje at det er klubben som driv denne sida. Namnet burde trulig vore Bergsøysupporter.com. Av en supporter og til supportere. Bergsøy er lidenskapen.

Oddsa for å halde på med dette e kanskje ikkje dei beste. Når en bor på Hareid. Når en spelar sjølv for Hjørungavåg. Har jenter som spelar for Hareid og Hjørungavåg/Hasundgot/Haddal. Det er mange forskjellige drakter i huset. Men sjølv jentene har forstått det. Det er mulig å spele fotball for Hareid og samtidig heie på handballen i Bergsøy. Det har vi gjort lenge no, og har sett den utrulige reisa siste åra.

Bildet under: På vei til opprykkskampen som blei historisk: Bergsøy til Eliteserie i Handball. Kva blir neste stopp?

Trykk for å gi saka ein tommel opp.