Gåsehud på historisk dag
Då var dagen komen.
Bergsøy spelte i ELITESERIE.
En dag vi egentlig aldri såg kome. Iallfall ikkje dei fleste av oss.
Grenser blei sprengt. Aldri før har Bergsøy spelt på så høgt nivå. Aldri før har Bergsøy hatt så mange tilskuarar på en handballkamp.
«Publikumsrekorden auka med over 250 prosent – frå 450 til 1 582 tilskodarar.»

Det var et tidspunkt der det gjekk opp for meg kva eg var vitne til, idet også den andre tribuna blei fyllt opp. Dette var eit klubbhøgdepunkt verdig. Det var et gåsehudøyeblikk.
Så kom spelarane inn en etter en. Først Kolstad. Ett av landets beste lag. Så kom heltane våre. Bergsøy.
Så blei det ett minutts stillhet for Kong Harald. Kampen blei spelt med sørgeband.

Eg tenkte ikkje så fryktelig mykje på sjølve kampen. Det var sjølve ramma. Alle supporterane som støtta laget. Det var kamera, det var TV2 og NRK og det var mikrofonar og telelinser. Fleire storskjermar. Alt var større enn vi er vandt til.
Bana virka større. Tribunene var større. Motstanden var større. Det var ei stor begivenhet.
Sjølve kampen? Det var Kolstad som kom best igang, men Bergsøy kom tilbake og hadde ledelsen 7-6 Det var en spennande start på kampen. Men mot slutten av omgangen viste Kolstad fram si rutine og stillinga var 10-16 til pause.
Det var litt som forventa. Litt som det skal være, med ett nyopprykka lag som møter et lag med fem cup og seriegull siste fire åra.
Den første målscoraren var Ovi Lutsen. Totalt sett : Philip Molvær Haga scora 6, Petter Nygaard Eikrem 5 og Emil Raknes 5. Sistnemnte blei kåra til dagens beste Bergsøyspelar.
Men Kolstad har landslagsspelarar. Dei var store som fjell nokre av dei. Og på ett tidspunkt spelte dei faktisk drakta av Bergsøy, altså ikkje sånn veldig utklassingsmessig men meir bokstavelig talt. Fordi Ruben Meder måtte plukke opp drakta si fra gulvet, og tok den på feil vei. Før han snudde den rett vei like etter.

Altså, Kolstad var et bedre lag. Dei gjorde mindre feil. Men Bergsøy var med på leiken og fekk smake på dette nivået no. Frammover blir det også mange tøffe kampar, men Kolstad skal normalt sett være det høgste nivået. Det gjeld å ha trua på neste kamp.
For toppnivået på Bergsøy er også høgt. Både på og av bana. Vi kan skryte av alle. Vi snakka også med Volda-patriotar i pausa.
"Kven er han speakeren?" "Han treff altså sånn pang pang høgt nivå".
Og det var en ny Bergsøymaskot på plass. En Lundefugl. Som foreløbig manglar namn. Men den gir klubben identitet, og det er gøy. Bergsøy utvidar profilen sin. Utvidar merittane sine. Sprenger nye grenser.
Det er feil å trekke fram spelarar denne dagen. Men Emill Raknes hadde dagens mest spesielle mål, som gjekk via en Kolstadfot og langs bakken forbi en utmanøvrert keeper. Det trakk på smilebanda til alle, iallfall til Bergsøy.
Dei er jo heltane våre heile gjengen. Spesielt artig er det å sjå fleire av spelarane som har kjempa for Bergsøy i mange år - og som no har kome så heilt til topps. Så utenkelig for en gjeng som holdt plassen i 1.divisjon sesongen 2023/24 på grunn av at Nøtterøy hadde økonomiske problem.
Det er endel kontrastar og små marginar.

Det blir spennande å følge med vidare. Dette er starten. En fantastisk start, om en ser bort ifrå resultatet.
Vi kan være stolte av laget vårt.

For fleire bilder: Kampreferat-sida