Kampsimulator: Vinner Bergsøy 1981 mot Bergsøy 2026 ?
Kva er eigentleg det beste Bergsøy-laget gjennom tidene?
Kan Bergsøy sitt herrelag i handball frå 1980-talet slå dagens herrelag? Eller kan dagens damelag i fotball slå eit Bergsøy-lag frå 20 år tilbake?No kan du finne det ut.
Vel mellom Herrehandball, Damehandball, Herrefotball og Damefotball.
Vel to årgangar som skal spele mot kvarandre.
Du kan endre formasjon, bytte spelarar og gjere taktiske val. Eller du kan berre velje to lag og trykke Spel om du vil teste raskt.
Så ser du kampen bli spelt. Du kan endre hastigheita undervegs, eller hoppe rett til oppsummeringa.
Etter kampen får du resultatet, spelarbørs og kampens beste spelar. Men det stoppar ikkje der: Du spelar som heimelaget og samlar duellpoeng. Du får poeng ut frå prestasjonen din – mellom anna for å vinne, kor godt du presterer og kor sterk motstandaren er.
Gjer du ein god nok Bergsøyduell, kan du skrive inn namnet ditt og kjempe om ein plass på Top 10-lista. Kor høg poengsum klarer du?
👉 Spel Bergsøyduellen her:
https://historikk.com/moderne/bergsoyduellen/hovedside.php
Gå rett til Herrefotball:SPEL HER
Gå rett til Damefotball: SPEL HER
Gå rett til Herrehandball: SPEL HER
Gå rett til Damehandball: SPEL HER