80 år med handball i Bergsøy Tilbake

80 år med handball i Bergsøy

🕒 2026-08-22 00:00
🏷️ Handball

Og det feirast ved å spele Eliteserie!

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Frå skuleplassen til Eliteserien – Bergsøy-handballen fyller snart 80 år

30. oktober 1946 vart handballgruppa i Bergsøy stifta.

Dei første spelarane var kvinner, treningsplassen var skuleplassen ved Myklebust skule, og i starten mangla dei til og med ein handball å trene med. Gjennom dei neste tiåra skulle handballen både oppleve kretsmeisterskap, nedlegging og fleire gjenoppstandingar. 80 år seinare har historia fått eit nesten eventyrleg nytt kapittel: Bergsøy spelar i Eliteserien.

Bergsøy handballag rundt 1950-1955
Bergsøy handballag rundt 1950–1955. Bak frå venstre: Margit Myklebust, Reidun Roksvåg, Sonja Melvær, Kjellaug Almestad, Liv Pettersen og Hjørdis Myklebust. Framme frå venstre: Anny Myklebust, Aslaug Myrhol (keeper) og Bergljot Myrhol.

Det er vanskeleg å sjå føre seg at dei som stod ute på skuleplassen ved Myklebust og kasta handball for 80 år sidan, kunne ha førestilt seg dette.

1. november 2026, berre to dagar etter 80-årsdagen til handballgruppa, skal Bergsøy sitt herrelag spele heime mot Follo i Eliteserien.

Frå skuleplassen til Eliteserien. Det tok 80 år.

Stiftelsen for ei 80 år sidan

Kor sikre er vi på datoen? Første gang vi ser det nemnast noko som trulig handla om handball var like før jul i 1945:

21.desember 1945 står det i møteprotokollen at det blei oppretta et styre i dameklubben som hadde Tulla Paulsen som formann, Randi Bostad, Kjellaug Almestad samt varamenn Gina Brekke, Hjørdis Huldal og Alie Gjerde.

Men så ser vi i et brev datert 26.10.1946 som "Bergsøy idrettslags Dametropp"sender til Bergsøy Fril.Ungdomslag der det står:

"Som styret i BFUL allerede vet så har vi innen idrettslaget tengt å starte en dametropp, men så har vi ikke hus, og vi tør herved forespørre dere om det er råd å få låne Høgtun til desse øvelser. Vi hadd tenkt en kveld i uken til å begynne med. Håper at de vil innvilge vår søknad da det ellers kommer til å strande for oss, også denne gang en slik tropp skal forsøkes opptatt her."

Så ser vi i et dokument datert med en dato som er fire dager seinare at det står at handballgruppen blei stifta 30.10.1946 med Ingvarda Dimmen (trulig født 1916 og seinare etternamn Vike) som formann., og at dei trente på Myklebust Folkeskule på ei bane som var 50x 30 meter. Medlemstalet var utelukkande kvinner: 38 over 17 år og 15 under 17 år.

Bergsøy handball stifta 30. oktober 1946
Bergsøy handball vart stifta 30.10.1946.

Bergsøy tok videre kontakt med Sunnmøre Handballkrets om innmelding av laget. 21. desember kom svar frå kretsen.

Bergsøy ønskjer å melde handballaget inn i Handballkretsen
Bergsøy ønskjer å melde handballaget inn i Handballkretsen.

1947 – innmeldt i Norges Handballforbund

Av rapporten 1. januar 1947 ser vi at Karoline Djupvik var formann, og at gruppa hadde 28 medlemmer over 17 år og 16 under 17. I skriv 23. mars 1947 kunne Norges Handballforbund meddele at Bergsøy var teke opp i forbundet.

Rapport 1. januar 1947
Rapport 01.01.1947.
Innmeldt i Norges Handballforbund 1947
Innmeldt 25.03.1947.
Drakter 1947
Drakter 20.12.1947.
Treningstillatelse 18. juni 1947
Treningstillatelse 18.06.1947.

Dei mangla til og med ein ball

I februar 1947 mangla Bergsøy Handballag nødvendig utstyr. Det seier seg sjølv at det er vanskeleg å trene handball utan å ha ein ball, og Bergsøy tok saka opp med Sunnmøre Handballkrets.

Bergsøy manglar utstyr og handball i 1947
1. februar 1947: Som nystarta handballag mangla Bergsøy fleire nødvendige ting – mellom anna ball.

17. april 1947 søkte Bergsøy om å få bruke Myklebust Folkeskule som øvingsplass for handball og fotball. Klubben meinte å trenge to til tre øvingskveldar i veka. På vanlege dagar ønskte ein å trene frå klokka 20 til 22, og i juni, juli og august fram til 22.45. 18. juni kom løyvet til trening.

Myklebust skule som treningsplass
I den tidlege perioden var skuleplassane naturlege trenings- og kampstader. Myklebust skule var ein av dei viktigaste treningsplassane dei første åra.

«Ein heil tauseflokk»

I juli 1947 skreiv Bergsøy til Sunnmøre Handballkrets at treningsmoglegheitene framleis hadde vore små, og at laget enno ikkje hadde spelt kamp. Men treninga skulle halde fram.

I boka Idrett i Havgapet blir det vist til Vestlandsnytt frå mai 1947, der det stod at det var «ein heil tauseflokk som har teke til med trening på denne framande sporten handball». Det hadde ikkje vore vanleg å sjå jenter drive med slik sport. Dei trente på dårleg grusunderlag og med tynne sko, men interessa voks, og mange møtte fram for å sjå både trening og kamp.

Bergsøy handball hadde enno ikkje spelt kamp i juli 1947
07.07.1947: Bergsøy handball hadde enno ikkje spelt kamp.

23. oktober 1947 vart det halde møte for dametroppen med rundt 20 damer til stades. Karoline Dybvik vart formann, medan Reidun Råksvåg, Karoline Paulsen og Kari Røren vart styremedlemmer. Ingrid Falkhaug, Anne Mari Stenersen og Elly Sørdal vart vara.

Peder Worren skulle halde fram som trenar og instruktør. Han kunne reglane og var god til å lære frå seg. Det vart også bestemt at to damer skulle ha ansvar for at golvet på Høgtun vart vaska etter kvar trening.

Peder Worren
Peder Worren (1921–2000) gjorde gjennom ein mannsalder ein stor innsats for Bergsøy Idrettslag.

1949 – seriehandball

I perioden frå 1. juli 1948 til juni 1949 opplyste Bergsøy at det var halde to handballstevne med ti kvinnelege deltakarar, og handballrapporten viste 35 medlemmer i gruppa.

1949 vart også det første året med seriehandball for Bergsøy. Laget vart meldt på i pulje B saman med Hjørungavåg, Hødd B og Hareid B. Den første seriekampen var etter alt å døme mot Hødd i Ulsteinvik, der heimelaget vann 5–1. Ifølgje Vestlandsnytt viste Hødd at dei hadde meir erfaring, medan Bergsøy rakk å vise at laget hadde potensial.

Dei neste kampane enda Bergsøy–Hareid 1–2 og Hjørungavåg–Bergsøy 5–2. I neste kamp mot Hareid meinte Bergsøy seg snytt for eit uavgjortresultat då Reidun Roksvåg sende av garde eit skot akkurat idet dommaren blåste av.

Bergsøy protesterte på kampen mot Hareid
Bergsøy protesterte på resultatet og dømminga i kampen mot Hareid, men utan å få medhald.

27. august 1949 kom sigeren. Bergsøy slo Hødd 2–0. Returkampen mot Hjørungavåg vart først omtalt som trekt av motstandaren, men andre kjelder tyder på at kampen kan ha blitt spelt seinare og enda uavgjort.

Dokument 10.03.1949
10.03.1949.
Kampar 1949
Kampar 1949.
Rapport 1949
Rapport 1949.

På årsmøtet 19. oktober 1949 vart Reidun Roksvåg vald til formann for handballgruppa, Karoline Paulsen til nestformann, og Liv Pettersen, Liv Såstad og Kjellaug Myklebust kom inn i styret.

1950 – Harald Solbakk blir instruktør

I 1950 er det registrert at Bergsøy handball brukte blå bukser og blå/raud trøye. Gruppa hadde 24 medlemmer over 17 år og 12 under 17.

På årsmøtet 18. oktober vart Reidun Roksvåg formann og Sonja Melvær nestformann. Bergljot Myrhol, Liv Sjåstad og Kjellaug Myklebust sat i styret. Oppmenn var Signe Paulsen, Jan Vinge og Kåre Myklebust, medan Harald Solbakk var instruktør for damehandballen.

1951 – kretsmeister og eit klubbmerke med handballrøter

Bergsøy sitt kretsmeisterlag i 1951
Handballaget som vart kretsmeister i 1951. Framme frå venstre: Bjørg Leikanger, Bergljot Myrhol, Anna Nilsen, Grethe Solbakk og Marit Myklebust. Bak frå venstre: Synnøve Trettøy, Reidun Roksvåg, Sonja Melvær, Liv Igesund og Rannveig Solbakk.

I 1951 vart Bergsøy kretsmeister. Laget vann B-serien og rykte opp i A-serien. Det var også denne sesongen Bergsøy spelte den første handballkampen i Huldalen. Jonsokafta slo Bergsøy Hareid. I Huldalen var bana betre og publikum fekk betre oversikt, men garderobe mangla, så ein måtte nytte ein kjellar i eit nabohus.

Etter sesongen slutta store delar av den gamle stammen. Berre to til tre spelarar var att då 1952-sesongen starta, og Bergsøy stod framfor eit tydeleg generasjonsskifte.

Terminliste 1951
Terminliste 1951.

1951 vart også eit viktig år for klubbidentiteten. Då Bergsøy fotball sende inn innmeldingsskjema og forslag til drakt og lagmerke, tok ein utgangspunkt i lagmerket som dametroppen brukte på handballdraktene. Handballen var dermed med på å forme det visuelle uttrykket til Bergsøy Idrettslag.

Bergsøy kretsmeister i 1951
Bergsøy damer vart KM-vinnarar i klasse B i 1951.

1952 – eit generasjonsskifte

Laget som i hovudsak vart brukt i 1952 var Anna Nilsen, Janny Hopen, Palma Leikanger, Lilly Flote, Jorunn Leikanger, Grethe Solbakk, Liv Igesund og Bjørg Leikanger.

«Då eg var jentunge fekk vi så å seie aldri spele fotball ilag med gutane. Derfor måtte vi finne på noko sjølv, og då vart det gjerne handball. Fram til 1951 vart treningane avvikla på skuleplassen ved Myklebust skule. Vi var ein gjeng med jenter som møtte opp før dametreningane tok til. Peder Worren som trena damene instruerte oss jenteungane litt før dametreningane tok til. Det hende også at vi jentene fekk vere med på desse treningane. På den måten blei vi tidleg interesserte i handball. Grethe Myklebust og eg var skikkeleg stolte då vi i 1951 fekk beskjed om at vi som 13 og 14 år gamle vart tekne ut på damelaget. Dette var i den tida då handball var ein utandørsidrett.»

– Bjørg Stenersen

Peder Worren får pokal i 1969
Bilde frå 1969: Peder Worren får pokal av formann Knut Reite då Bergsøy feirar 25-årsjubileum. Peder var mykje med som instruktør i handballen sin første fase.

Årsrapporten viser at Bergsøy denne sesongen var meldt inn i klasse A.

Omberamming 1952
Omberamming 1952.
Årsberetning Sunnmøre 1952
Årsberetning Sunnmøre 1952.
Årsberetning Bergsøy 1952
Årsberetning Bergsøy 1952.
Kronerulling 1952
Kronerulling 1952.

1952 var ein milepåle for Bergsøy fordi idrettsanlegget i Huldalen var ferdig, men handballjentene hadde ein tøff sesong etter at fleire av dei beste frå kretsmeisterlaget hadde reist. Likevel gjorde laget ein heiderleg innsats.

Bergsøy handballag 1952
Handballaget i 1952.

1953 – Bergsøy ønskjer trenar

Bergsøy damelag rundt 1953
Bergsøy damelag ca. 1953. Bak frå venstre: Norunn Roksvåg, Grete Solbakk, Liv Igesund og Bjørg Leikanger. Framme frå venstre: Lilly Flote, Inger Moen, Janny Hopen, Rigmor Tollås og Norunn Dybvik.

Bergsøy hadde framleis eit relativt ungt handballmiljø, men hadde allereie oppnådd ein viss suksess og ønskte å satse vidare. Klubben bad derfor kretsen om hjelp til å skaffe handballtrenar.

Bergsøy krev poenga i Herd-kampen
Bergsøy krev poenga i kampen Herd–Bergsøy.
Bergsøy ønskjer handballtrenar
Bergsøy ønskjer å satse vidare og ber om trenar.

1954 – aktuell for Sunnmøre/Romsdal-fellesserie

Bergsøy handballag rundt 1950-1955
Bergsøy handballag rundt 1950–1955.

3. april 1954 skreiv Bergsøy til Sunnmøre Handballkrets at klubben var villig til å melde på lag i ei Sunnmøre/Romsdal-fellesserie, men berre dersom reiseutgiftene vart dekte gjennom ei felleskasse.

Som året før kom det også litt «klammeri» med Herd. Denne gongen var det dommaren som ikkje møtte til kamp, og Bergsøy stilte spørsmål ved kva som hadde skjedd.

Dokument frå Herd-kampen i 1954
Dokument knytt til Herd-kampen i 1954.

1957 – kretsmeister igjen

I 1957 var Bergsøy i avdeling saman med Hareid, Hødd, Hjørungavåg, Volda og Ørsta. Det enda med ny triumf: Bergsøy vart kretsmeister igjen.

Avdelinga i 1957
Avdelinga i 1957.
Bergsøy kretsmeister 1957
Bergsøy handball vart kretsmeister i 1957.

Eitt år seinare purra Bergsøy framleis på vinnardiploma frå kretsmeisterskapet. I 1960 var klubben sjølv raskare ute med å gi ros til Margot Roksvåg.

Margot Roksvåg får ros for god innsats
Margot Roksvåg får ros for god innsats.

1959 – interessa dabbar av

Mot slutten av 1950-talet blir det mindre skriftleg materiale om Bergsøy-handballen. Eit skriv frå Rollon tyder også på at interessa hadde falle. Rollon inviterte Bergsøy, som enno ikkje hadde herrehandball, til å arrangere ein publikumskamp som kunne hjelpe interessa opp igjen.

Rollon inviterer til publikumskamp
Rollon inviterer til ein publikumskamp for å få opp interessa for handball igjen.

1962–1963 – handballen går mot ein stille død

Dei siste åra hadde handballgruppa gått med store underskot, og aktiviteten gjekk mot ein stille død. Bergsøy såg ingen annan utveg enn å melde seg ut av Norges Handballforbund.

Bergsøy avviklar seriespel i handball
Bergsøy ser seg nøydd til å avvikle handballen i serien.

3. november 1962 svarte Norges Handballforbund at det var synd utviklinga hadde blitt slik, men registrerte Bergsøy Idrettslag som utmeldt frå og med 27. oktober 1962.

I 1963 vart situasjonen skildra slik i klubbmaterialet:

Handballsituasjonen i Bergsøy i 1963
Handballsituasjonen i Bergsøy i 1963.

1964 – nytt liv

21. april 1964 såg Bergsøy at det kunne kome ein ny giv for handballen på Sunnmøre og tok kontakt med kretsen om vilkår og kostnader.

Mogleg seriespel 1964
Mogleg seriespel.
Resultat 1964
Resultat 1964.
Oppsummering 1964
Oppsummering 1964.

Bergsøy måtte skrape saman eit lag i full fart. Treningane kom raskt i gang, og etter berre 14 dagar starta kampane. Bergsøy hamna i serie med Langevåg, Herd, Ellingsøy, KFUM-kameratane og Ringen.

Det vart spelt ti kampar – Bergsøy vann åtte av dei.

Spelarar i Bergsøy handball 1964
Spelarane som deltok i serien i 1964.

1965–1967 – full stopp igjen

Til 1965-sesongen vart det igjen stopp, og Bergsøy melde ikkje på lag. I 1966 hadde handballgruppa berre to medlemmer og ingen midlar til å dekke kontingenten. Med så liten aktivitet meinte klubben at det ikkje gav meining å halde fram som innmeldt lag.

Handballen blir lagt ned igjen
25. november 1966 fell avgjerda om å legge ned handballaktiviteten igjen.

1968 – handballen er i gang igjen

I januar 1968 kom det teikn til nytt liv etter nokre år utan aktivitet.

Nytt håp for Bergsøy handball i 1968
Nytt håp for Bergsøy-handballen i 1968.

20. mars 1968 vart handballen starta opp på nytt. Eivind Rødal vart formann, Bård Røren sekretær og helseleiar, Harald Lied kasserar og Ludvig Hansen oppmann. Fr. Bjørkås og Johan Kroken var i UK og trenarapparat. Laget vart meldt på til seriestart våren 1968.

I april vart det skrive at Bergsøy hadde fått folk i sving for å stable handballen på beina igjen. Damelag var meldt på, og treninga gjekk for fullt. Utover året vart det meir optimisme, og tilgangen på unge medlemmer viste at interessa framleis var der.

Oppsummering av handballåret 1968
Oppsummering av handballåret 1968.
Medlemmer i handballen 1968
Medlemmer i handballen 1968.
Medlemmer i handballen 1968 del 2
Medlemmer i handballen 1968 – del 2.
Satsing mot 1969
Satsing mot 1969.

Året vart avslutta med dans på Bergshall 28. desember, arrangert av handballgruppa. I søknaden om dans vart det understreka at handballgruppa var ei sjølvstendig gruppe med eige styre og eiga kasse.

Dans arrangert av handballgruppa 1968
Handballgruppa arrangerte dans på Bergshall 28. desember 1968.

1969 – første år med herrelag

For første gong i Bergsøy si historie melde klubben i 1969 på eit herrelag i serien.

Det er eit viktig årstal når historia blir lesen i 2026. Her startar seniorhistoria til herrelaget som 57 år seinare skulle spele på det øvste nivået i norsk handball.

Årsmelding Bergsøy handball 1969 del 1
Årsmelding for Bergsøy handball 1969 – del 1.
Årsmelding Bergsøy handball 1969 del 2
Årsmelding for Bergsøy handball 1969 – del 2.
Årsmelding Bergsøy handball 1969 del 3
Årsmelding for Bergsøy handball 1969 – del 3.

1970 – første sesong med innandørshandball

På 1970-talet byrja handballen for alvor å bli ein innandørsidrett. Bergsøy-herrane starta med innandørshandball i 1970, medan damene følgde etter frå 1972. Dei yngste aldersgruppene spelte ofte ute heilt fram til 1974.

Bergsøy handballgruppe kunne sjå tilbake på eit godt år i 1970. Klubben hadde meldt på pikelag 12–14 år, pikelag 14–16 år, damelag og herrelag.

Herrelaget spelte nokre kampar, men på grunn av liten tilslutnad og dårleg oppmøte på trening vart laget trekt frå serien i august. Før den tid hadde Knut Teige, kanskje mest kjend som fotballspelar, blitt teken ut på kretslaget. Med fysikken og erfaringa frå lagidrett var han også ein god handballspelar.

Ellen Bjørkås, Magnar Aursnes og Olav Emdal bidrog på trenarsida, og fleire var på dommarkurs.

Spelarar som fekk diplom i 1970
Spelarar som fekk diplom i 1970.

Les årsmeldinga for Bergsøy handball 1970

80 år seinare – Eliteserien

Og til slutt nådde Bergsøy heilt opp.

1. november 2026 – nesten på dagen 80 år etter starten

I 1947 står ein gjeng jenter på grusplassen ved Myklebust skule. Handball blir omtalt som ein framand sport. Klubben manglar nødvendig utstyr og må be om hjelp fordi dei ikkje eingong har ein skikkeleg ball å trene med.

1. november 2026 møter Bergsøy Follo heime i Eliteserien.

Det er den same klubben. Den same handballhistoria.

I jubileumsåret er det også verdt å hugse kvar det heile starta. I dag vil mange først og fremst forbinde topphandballen i Bergsøy med herrelaget. Men då handballgruppa vart stifta i 1946, fanst det ikkje noko herrelag.

Det var kvinnene som starta det.

Det var jentene som stod på skuleplassen. Det var dei som spelte dei første seriekampane. Det var dei som vart kretsmeistrar i 1951 og 1957. Og då klubben i 1951 skulle finne eit lagmerke, tok ein utgangspunkt i merket frå handballdraktene til damene.

Herrane kom først i 1969.

Historia om handballen handlar om menneske som heldt aktiviteten i gang når føresetnadene var dårlege. Om dei som trente ute på grus. Om dei som vaska golvet på Høgtun etter trening. Om trenarar og oppmenn. Om spelarar som kom og gjekk. Om periodar der klubben ikkje eingong hadde eit lag.

Og om nye menneske som kvar gong bestemte seg for å starte igjen.

Handballgruppa har vore nede for teljing fleire gonger. Men ho har reist seg igjen.

Akkurat no er Bergsøy klare for toppen

Trykk for å gi saka ein tommel opp.