Bergsøy Legender


BERGSØY LEGENDER





Liste over Bergsøy A-trenere 1952-Idag
 
Bergsøy A-trenere

Fotball kampar


For informasjon om Bergsøy A-trenere gjennom historien kan du se denne siden

Liste over Bergsøy Æresmedlemmmer
 
Peder Worren

Peder Worren



Æresmedlem 1994

Han var tilstede fra første dag, da Bergsøy blei skipa 4.oktober 1944, og han vann seniorklassa i skihopp under klubbens første arrangement. Han var med på det første lagbildet i fotball og var tidlig aktiv i det meste. Han var også kasserar i klubben. I 1946 overtok han som leiar i klubben da Andreas Sævik flytta. Da han blei bedt om å være instruktør for damegruppa takka han ja til dette, og det blei drevet gymnastikk på Høgtun. Vidare blei han instruktør for symjing, livredning, og handball.

Han var totalt sju år medlem av styret, og fira av dei som formann. Peder Worren var også en sterk pådrivar for arbeidet i Huldalen, samt friidretts og ungdomsgruppe i laget. Idet Huldalen blei åpna i 1952 fekk Peder Worren overrekt blomster, og blei spessielt takka for sitt arbeid i Bergsøy sidan klubben blei stifta.

 
Egil Leikanger

Egil Leikanger



Æresmedlem

Egil Leikanger var eit tidlig idrettstalent. I tidlig alder reiste han til Ålesund på eget initiativ og erobra 1. og 2.plassar i forskjellige øvelsar, og skulle i fleire år dominere årsklasser innenfor friidrett. I 1952 stilte han som 13 åring i klasse 14 år sidan det var den yngste klassa i KM, og blei nummer 2 i øvelsane 60 meter, høgde, lengde og kule. Året etter vann han øvelsane høgde og lengde uten tilløp. 2,67 i stille lengde var eit godt resultat for den yngre klassa.

Det var kanskje ikkje rart at mannen med slik spenst i 1954 spelte keeper da Bergsøy slo Heid 11-1 i Huldalen. Vidare på 1950 tallet tok han instruktøransvar for friidrett i klubben, mens han også utover på 1960 tallet spelte Bergsøy A-lag kampar, blant anna starta han i debutkampen i 3.divisjon i 1960/61. I 1969 fekk han pris for over 25 spelte kampar.

Etterkvart skulle Egil Leikanger være borti svært mange roller innad i klubben, og hadde ei stor rolle for å bedre klubbens økonomi. Han var leiar i stadionnemda, med i UK fleire gongar, kasserar, oppmann i 1969, og var svært delaktig i organisering og talentutvikling som blant anna tiltaket med bronsjeballen.

 
Ola Goksøyr

Ola Goksøyr



Æresmedlem

Ola var ein av støttespelarane på Bergsøy det første tiåret i klubbens historie tiltross for at han måtte ta båt frå Runde til trening og kamp. Rundt konfirmasjonsalderen starta gutane på Goksøyr å stable på plass eit fotballag, og Ola var kaptein på laget.

-"Frå 1945 til 1965 var eg fast inventar på fotballaget til Bergsøy. Eg fekk spele både i dei grøne og dei raude og kvite draktene dei åra eg var med i klubben. Det var ei utrulig rik tid for meg".

Idet Bergsøy kom tilbake til Fosnavåg så var det fortsatt lenge til Ola kom seg heim, for da måtte han benytte snekka si for å komme seg vidare til Runde hamn. Så sykla han derifrå til Goksøyra. I dårlig vær var foreldra ofte bekymra heime mens dei venta.

Ola var tidlig aktiv også som friidrettsutøvar, og var med i fleire konkurransar. På det første friidrettsstemnet som Bergsøy arrangerte i 1957, var Ola Goksøyr med som deltaker og vann 1500 meter. Med åra blei det stadig fleire løp og premiar for sin deltakelse. Faktisk var Ola lengre aktiv som friidrettsutøvar enn han var fotballspelar i Bergsøy IL.

 
Asbjørn Myklebust

Asbjørn Myklebust



Æresmedlem


Asbjørn Myklebust var tidlig et fotballtalent, og var med å vinne Sunnmørscuppen i fotball alt i 1962. Mange år seinare, i 1979 var han eldstemann på A-laget og kunne sjå tilbake på mange sesongar som toppscorar for laget. I 1979 kom kanskje ett av dei mest minnerike måla også, nemlig mot Rosenborg i NM-cupkamp.

For Bergsøy står han pr 12.02.2021 oppført med 159 kampar, 61 seriemål, 11 cupmål og 1 KM mål. Han er dermed på 5.plass på toppscorarlista i klubben.

I nokre år var også Asbjørn Myklebust den einaste norske fotballproffen i tysk fotball.

 
Ruth Frøystad

Ruth Frøystad



Æresmedlem 1995


Født i 1955, og er ei legende i Bergsøy IL for sitt engasjement innenfor handballen. Som handballkeeper sto ho i fleire år som ein levande mur, også når motstandarane fekk straffekast. Ho skulle kome tidlig inn på juniorkretslaget, og seinare være med på landslagssamling for junior og ungdom. I 1970/71 var ho med å vinne handball KM klassa 14-16 år, og det var berre det første av fleire. I ei kretsfinale 1971/72 redda ho fem av sju straffekast.

Seinare blei ho trenar for damelaget og fleire aldersbestemte klasser. Allereie i 1973 var ho sekretær i handballstyret.

 
Olaf Brathaug

Olaf Brathaug


Æresmedlem 1995



Olaf Brathaug var nokre år på 1970tallet leiar i fotballgruppa og seinare var han også oppmann for A-laget i 1979.

Historikk.com kjenner han best for sitt årelange arbeid med kampreferat og statistikk som han utførte ved å følge med A-laget. For kvar kamp noterte han ned ei utgave av det som blei kalla "Pravda". Pravda er russisk og betyr "sannhet", og teksta Brathaug skreiv var sannheten om det som skjedde på fotballabana.

Vi har prøvd å samle så mange av desse utgavene som mulig her på vår heimeside.

 
Martin Slåttelid

Martin Slåttelid



Æresmedlem 1995


I 2012 fekk handballentusiasten Martin Slåttelid utdelt frivillighetsprisen, og det altså ganske mange år etter at han blei æresmedlem i Bergsøy IL. Martin starta tidlig som keeper på handballaget, og har sidan den tid vore ei ildsjel. Innanfor handballen har han hatt ulike verv med like stort engasjement. Han har blant anna vore leiar i Handballgruppa. Han har vore eit forbilde for mange som motivator, og arbeidde blant anna for å få fram idrettsparken. Han har vore leiar for idrettsrådet i Herøy og blei også kåra til åres leiar av Norges Handballforbund.

Han har gjort ein formidabel innsats for barn og unge i Herøy.

 
Per Botn

Per Botn



Æresmedlem 2003


Sidan 1978 var Per Botn med i Bergsøy i diverse ledarverv. Per Botn var i mange år fotballedar i Bergsøy, deriblant var han daglig leder i 2001.

Han var messegeneral i 1996 for Herøymessa som skulle vare i ni dagar, ei tilstelning som skulle føre til viktig bidrag til Bergsøy si pengekasse. Å skaffe pengar var også ei av utfordringane da Per Botn var oppmann i Bergsøy sin suksessesong 1981 da laget spelte på det nest høgste nivået i Norge. Det blei nærmast eit fast sentralbordfunksjon på lærarrommet ved Ytre Herøy ungdomsskule denne tida for å få alt til å henge sammen. Budsjettet den sesongen var på mellom 600 og 650 000 kroner for å dekke blant anna resiseutgifter. Det var mykje arbeid med reklame, program, danser og basarar i tillegg til å håpe at publikumsinntektene skulle stå for en god del av potten.

 
Johs Wike

Johs Wike



Æresmedlem 2011


Johs Wike var eit friidrettstalent som tok førsteplass i juniorklassa i både høgde og lengde Etter å ha deltatt i instruktørkurs i regi av Norges Idrettsforbund fekk Johs Wike på 1950 tallet ilag med Egil Leikanger og Sigmund Emhjellen ansvar for instruktøroppgåver i Bergsøy. Så tidlig som i 1955/56 var han med dugnadsnemnda for banearbeid. I 1960 debuterte han på Bergsøy sitt A-lag fotball, og spelte blant anna i debutkampen i 3.divisjon. I 1974 var han styremedlem i friidretten.

Johs Wike har gjort eit uvurderlig arbeid for Bergsøy Idrettslag ved å dokumentere historia til klubben gjennom si bok "Idrett i havgapet". Han står også bak "oversettelsen" av den første møteboka til klubben - boka vi kaller Bergsøy sitt gamle testament - som du finner her.

 
Mathias Pettersen

Mathias Pettersen



Æresmedlem 2011


Gjennom heile sitt liv hadde fotballen ei stor betydning for Mathias. Frå han var ungdom spelte han aldersbestemt fotball, og fram til det siste var han med å administrere Bergsøy IL som klubbkoordinator.

På 1970 tallet stilte han opp på det som var av dugnadar i klubbens regi, og stilte velvillig opp om nokon trengte ei hjelpande hand. På 1980 tallet blei han tillitsvalgt i fotballgruppa. Mathias har vore annleggsansvarlig, marerialforvaltar, og arbeidde med kampoppsett og treningstider. Som arrangement og kampansvarlig var han nøyaktig.

Hovedstyreformann Mathias Pettersen sto i spissen for festkomiteen som sørga for den hjertelige velkomsten til laget som i 1980 kom tilbake til Fosnavåg etter å ha sikra opprykket til det nest høgste nivået i Norge.

 
Geir Johan Bakke

Geir Johan Bakke



Æresmedlem 2019


Bergsøy IL utvikla seg svært mykje på dei åra Geir Johan Bakke var styreformann i klubben fram til Lars Conradi tok over stillinga i november 2018. I 2010 var han offansiv på at kunstgraset på den nye bana skulle kome igang året etter, og sidan den gong har Bergsøy sitt baneområde forandra seg til det uigjennkjennelige.

Fotballformann Geir Johan Bakke var stolt da han i 2013 kunne åpne Bergsøy sitt nye klubbhus ved sidan av Havila Stadion.

Både på drift og anleggsida blei det store utviklingar, der Fiskarhallen var det siste tilskuddet. Geir Johan var styreleiar i Bergsøy i 10 år.

 
Roger Kvalsvik

Roger Kvalsvik



Æresmedlem 2020


Roger Kvalsvik svinger seg opp med staven og vinner stavhoppkonkurransa med 1,85 i år 2000 i konkurranse mot blant andre Kjartan Paulsen og Bjørn Myklebust. Han leiar også heile heatet foran Paul Kurt Nerland da dei spring rundt bana og oppi vollgrava. Det er Tindeklubben Grei som arrangerer konkurransene.

Fysioterapeuten er opptatt av fysisk aktivitet. Når han deltek i treningstilbud for aktive menn i Herøy kirka kalla dei treningsgruppa for "Amen". Roger Kvalsvik var aktiv i Bergsøy IL Trimgruppa, men også som leiar i friidrett. Han var primus motor i Bergsøyleikane som var eit av dei største friidrettsarrangementa i Møre og Romsdal.

 
Tor Sindre Steinsvik

Tor Sindre Steinsvik



Æresmedlem 2020


Tor Sindre Steinsvik har gjennom fleire år vore engasjert innenfor samfunnsliv og kulturliv i Herøy kommune. Det å bidra på grasrota har vore viktig. Særlig er det arbeid innanfor musikk, idrett og kultur som har engasjert han.

Han var aktiv i handballgruppa gjennom ei årrekke både som trenar, leiar, styremedlem og sportslig leiar var han senrral i handballmiljøet. Sjølv var han aktiv spelar til han var 43 år og står oppførd med over 200 kampar.




Supporter Legender
 
Arne Arnesen

Arne Arnesen



1929 - 09.09.2008

Arne Arnesen var Fosnavåg sitt stolte Bybod. Han var nesten aldri sjuk, og var alltid til å stole på idet butikkane både ville sende og motta posten sin. Like engasjert var han for fotballen i Bergsøy og følgte god med.

 
Ludvik Hansen

 Ludvik Hansen



21.05.1937 - 14.09.2017

I Bergsøymiljøet var han ein kjend supporter gjennom fleire tiår. Han var med på bortekampar, og såg også gjerne en Bergsøy B-kamp. Det merkast når en som alltid var på plass, ikkje lengre er det.

 
Karoline "Kalla" Hansen

Karoline



07.03.1930 - 18.06.2002



 
Petter K Pettersen

Petter K Pettersen



06.10.1923 - 1992

Var det noko Pit var, så var det engasjert. Og engasjementet smitta over på alle andre. Han jubla kanskje mest av alle, og i motsatt fall var han ikkje redd av å kritisere. Han bydde på seg sjølv. Og engasjementet viste seg også tydelig når Pit var med i UK, som fram til omtrent 1970 var der mykje av makta låg rundt Bergsøy A-lag. For mens trenaren leiia treningane, så var det dei tre medlemmane i UK som tok ut laget til kamp. Og det var denne lagoppstillinga som blei hengt opp på Lied-hjørnet til full spenning dagen før kamp.




Spelar Legender
 
Bjørn Prytz

Bjørn Prytz



Trenarlegende med god spelarkarriære

Bjørn Prytz har kanskje ikkje spelt så mange kampar for Bergsøy, men han har ei imponerande fotballkarriære bak seg i klubben likevel. Han har trent blant andre Hødd, Volda, Haddal og Åram, men har stadig vendt tilbake til Bergsøy. Bjørn Prytz har våre skulesjef i Herøy Kommune, men for oss som bryr oss om fotball så er dei merittane minst like imponerande. Han bidro som keeper til at Hødd gikk opp til det høgste nivået, og som trener for Bergsøy førte han laget opp til det nest høgste nivået. Tiltross for sine gode Bergsøy-karrære, såt han oppført kun med 2 spelte kampar.

 
Franjo Tepuric

Franjo Tepuric



Solid spiss med landslagsbakgrunn

Franjo Tepuric ble født 10.02.1990 i Jajce, Jogoslavia. Han står oppført som spiss, foretrukket høgrefot, med høgde 1,88 m. Han har tidligere spilt 49 kamper på øverste nivå i Kroatia, for klubben Slaven Belupo. Han har også kamper for U19-, U20- og U21-landslaget til Kroatia. Sterk, rask og målfarlig. På rekordtid - i løpet av berre 5 sesongar - skøt Franjo seg oppover både på målscorerlisten og Adelskalenderen. På sine første 111 kampar frå 2015-2019 hade han scora 100 mål. Denne prestasjonen har foreløbig ført han til ein 3.plass på målscorarlista.

 
Frank Skorpen

Frank Skorpen



Topper Adelskalender og målscorarlista

Frank Sverre ble født 08.06.1977, og fekk sin debut på Bergsøy A-lag i 1994, og har holdt det gåande sidan. Etter sesongen 2018 har han passert 400 kampar og 200 mål med god margin - og toppar dei fleste statistikkar i klubben. Frank Sverre har spelt ca 480 kampar, og har 236 mål i sin Bergsøy karriære. Da teller vi som alltid ikkje treningskampar, slik tildømes Hødd brukar å gjere. Minst to gonga har han blitt kåra til årets spelar, og 11 gongar har han våre toppscårer i klubben. En imponerande prestasjon. Toppscårer i Bergsøy årene: 2000, 2001, 2002, 2003, 2007, 2008, 2009, 2011, 2012, 2013, 2014.

 
Fred Frantzen

Fred Frantzen



Storscårer frykta av alle lag

Lenge den spelaren i Bergsøy med flest rekordar. Flest kampar, flest mål, raskast mål, flest mål i en kamp og muligens raskast hattrick. I Fosnavåg tenker en kanskje først og fremst to ting om Fred Frantzen. Det ene er lokalavisen Vestlandsnytt, det andre er at Fred var en av de beste spillerne som har vært fra vårt distrikt. Og da tenker vi ikke nødvendigvis bare distriktet Herøy, for talentet til Fred Frantsen var noe som var godt kjent utenfor kommunegrensene ute i havgapet. Det sies, at hadde han ikkje vært så heimkjær så kunne Fred vært en landslagsspiller.

 
Kjartan Fagerlund

Kjartan Fagerlund



Bergsøylegende

En naturlig ledarskikkelse på fotballbana med sterk arbeidsmoral og fin teknikk. Nr 10 på Adelskalenderen etter 15 års tjeneste på A-laget. Scåringar både via frispark og spelemål gjer at han står som nr 11 på målscorarlista. Han var kapteinen som førte Bergsøy til 3.divisjon foran 1970 sesongen. Han var første målscorer for Bergsøy nokongong i ein NM-cupkamp. Og ikkje minst, han var Bergsøy A-lags trenar i tre perioder og også trenar for aldersbestemte lag.

 
Knut Teige

Knut Teige



Scorscåraren frå havet

Teige var offansiv midtbanespelar, løper og angrepsspelar. Høg og sterk og med teft for mål. I vår adelskalender står han med 174 Bergsøykampar. Frå slutten av 1960 åra til midten av 1980 åra tenkte mange på fotball når kraftblokksnurparen Teigenes vart nemnt. Dette kom av at Knut Teige var ombord. Han spelte seg blant anna fast på laget til Hødd når fotballaget fra Ulsteinvik var i landets øverste divisjon, og han var Bergsøy sin første "profilerte" mannlige handballspelar. En lagspiller av de sjeldne. En elegant midtbanespiller. En dyktig handballspiller. En stor og sterk målscårer. Mykje har blitt sagt om Knut Teige, blant anna har Hødd spelaren Knut Ertesvåg nemnt at Knut Teige var eitt av hans forbilder.

 
Marvin Arnesen

Marvin Arnesen



Spelte seg opp i divisjonane

Marvin Arnesen (født 6. mars 1963) spelte i sin aktive karriere toppfotball for Molde, Vålerengen og Ham-Kam. Han fekk tilnamnet "Propell" under sin tid i Molde fordi han var så ernergisk på midtbanen ilag med Kjetil Rekdal. Han starta karrieren i moderklubben Bergsøy Idrettslag på Sunnmøre, før han spelte halvannen sesong for Harstad under verneplikten i 1983 da Harstad rykket opp til 1 divisjon. Arnsen spilte også i Harstad første halvdel av 1984 sesongen. I 1987 blei det sølv i eliteseria for Molde, så blei det Vålerenga i tre år før han gikk til Ham-Kam i 1990 og opplevde opprykk til Eliteserien. Han har også vore spelande trenar for både Nordstrand og Grorud

 
Svein Inge Urke

Svein Inge Urke



Stortalentet fra Hødd

En av de mest talentfulle fotballspillerne ble født 6.juni 1954 og døde 11.mai 2008. Han var en spiller som spilte på landets øverste nivå for Hødd, og samtidig fikk 6 U-19 landskamper. Deretter gikk han til Bergsøy noen sesonger, og ble toppscårer i 1977. Han dro videre til Start midtveis i 1978. Et Startlag som var Norges beste lag - seriemester 1978. Svein Inge Urke ble i 2012 kåra til å være den 16.beste Hødd spelaren gjennom tidene, i en uoffisiell kåring gjennomført av Arne Flatin.

 
Trond Paulsen

Trond Paulsen



Solid kjempe på midtbana

Han blei fødd i 1960, og var ein del av eit kull spelarar som skapte mykje god fotball i Bergsøy på 1970 og 80-tallet. Trond Paulsen er på 3.plass på Bergsøy A-lag Fotball sin Adelskalender med 311 kampar. På toppscårerlisten finner vi han på delt 7.plass ilag med Lars Ove Almestad som begge står med 57 offisielle Bergsøymål. Trond var aktiv fotballspiller i perioden 1977 til 1993, og ble delt toppscårer for Bergsøy A-lag i sesongene 1981, 1986 og 1989.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info

★
Kampreferat som inneholder bilder

☆
Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat