Handball herrer – kampreferat
Bergsøy


Bjørnar
38–23
Kampens profiler
38Mål
17-meter
26Assist
22 min
23Redningar
🤾 Spelarprestasjonar

⚽ 7 mål As 2

⚽ 7 mål 7M 1 As 5

⚽ 6 mål

⚽ 6 mål As 1

⚽ 4 mål As 1

⚽ 3 mål

⚽ 2 mål As 10 2 min × 1

⚽ 1 mål As 4

⚽ 1 mål 🟥 D

⚽ 1 mål

As 2 2 min × 1

As 1 🧤 6 redn. · 33 %

🧤 17 redn. · 61 %
🏟️ Bergsøy – spelarar i kampen
Bergsøy
Mål / keeperplass
Viser registrerte spelarar i kampen. Keeperane er plasserte i mål, medan utespelarane blir sorterte etter registrert posisjonskategori.
📊 Kampinformasjon og historikk
Bergsøy mot Bjørnar til og med denne kampen
8Kampar
5Sigrar
0Uavgjort
3Tap
Mål: 227–202 · Dette var møte nr. 8.
Dette var 20. sigeren i sesongen.
Sesong til og med kampen: 20–1–3 (S-U-T), 773–650.
📊 Spelarhistorikk mot Bjørnar
Kamptalet er basert på registrerte lagoppstillingar mot denne motstandaren.
📈 Form
Siste 5 totalt
08.03
Bjørnar
38–23
01.03
Lillestrøm
34–29
18.02
Åsane
32–31
14.02
Viking
33–33
08.02
Haslum
33–19
Siste 5 mot Bjørnar
08.03
Bjørnar
38–23
08.11
Bjørnar
27–26
23.02
Bjørnar
25–26
24.11
Bjørnar
28–17
28.01
Bjørnar
21–25
📝 Kampreferat
Bergsøy køyrde over Bjørnar
Bergsøy held fram på toppen av 1. divisjon etter ein klar siger heime mot Bjørnar. I REM Arena Fosnavåg enda det med heile 38–23 etter 20–12 til pause.
Bjørnar, som ligg på nedre del av tabellen og kjempar for å halde plassen, opna best og tok ei tidleg tomålsleiing. På stillinga 1–3 snudde likevel kampen raskt. Heimelaget fekk taket på oppgjeret, medan gjestane byrja å gjere feil, og plutseleg hadde Bergsøy snudd det til 9–3.
Eit godt forsvarsspel gav rom for raske overgangar, og Bergsøy scora frå alle posisjonar. Keeper Oddvar Johan Roseth stod stødig bak, og Bjørnar sleit med å finne tilbake til rytmen. Trass i forsøk på å endre forsvarsspel, fekk dei ikkje stoppa heimelaget, som kunne gå til pause med ei komfortabel leiing på 20–12.
Fleire stod fram
Andre omgang heldt fram i same spor. Bergsøy heldt tempoet oppe, og Bjørnar makta aldri å kome tilbake i kampen. Sigvart Kval leverte ein strålande kamp i mål og enda med ein redningsprosent på 61. Han stoppa det meste som kom, og sette i gang raske kontringar.
Bjørnar sin keeper måtte plukke ballen ut av nettet 38 gonger, medan Bergsøy imponerte med både fart og breidde. Heile ti spelarar teikna seg på scoringslista. Petter Eikrem og Christopher Ekmann vart toppscorarar med sju mål kvar. Bo K. Refsnæs hadde ein svært god kamp på høgrekanten med seks mål, det same hadde Emil Andreas Raknes. Markus Buchardt stod igjen for mange av målgjevande pasningane og styrte spelet offensivt.
– Veldig god kollektiv innsats
Trenar Peter Pucelj var godt nøgd etter kampen.
– Det var kjekt med ein kamp som ikkje vart så spennande, og godt å spele utan det store presset. Vi fekk også gitt speletid til dei unge, noko vi meiner er viktig. Vi møter sterkare motstand framover, sa han, og heldt fram:
– I dag leverte vi ein veldig god lagprestasjon. Engasjementet var høgt, forsvaret fungerte, og tempoet var bra. Det er også kjekt å sjå at Christopher Ekmann er tilbake i god form. Det lovar bra for dei neste kampane.
Heile 347 tilskodarar hadde møtt fram og fekk oppleve både storsiger og god stemning på kvinnedagen. Arrangøren bidrog også til ramma med gratis kaffi og kaker til publikum.
No ventar to bortekampar i Trondheim for Bergsøy, der Tiller og Melhus står på programmet dei neste helgane.
Utforsk kampen
Bjørnar
Motstandar i denne kampen
8Kampar
5Sigrar
0Uavgj.
3Tap
Info
Turnering
serie
Runde
21
Tilskodarar
347
Lagoppstilling