Anders Helsem Hoff går frå Bergsøy til Larsnes/Gursken.
Larsnes/Gursken presenterte i dag sin nye trenar. Anders Helsem Hoff (39) er ny hovudtrenar i Larsnes/Gursken fotballklubb.
Frode Fuglseth, Øyvind Grønnevik, Anders Helsem Hoff, Kjell-Åge Saure og Synnøve Nystøyl (styreleiar) var med på presentasjonen. Bilde: LGFK.
Sportsleg leiar Kjell-Åge Saure ønsker Anders velkommen. Anders sjølv seier til Vestlandsnytt:
Eg meiner LGFK har ein god stall med mykje fotballkompetanse og har lyst til å vere med på å utvikle laget vidare.
Anders Helsem Hoff
LGFK skriv vidare at Hoff har solid utdanning, erfaring som trenar og har UEFA B-lisens.
Anders kjem frå rolla som trenar for G16 i Bergsøy, ein klubb han har vore aktiv i sidan han var seks år gamal. Han har også vore assistenttrenar i fem år under ulike trenarar i 4. divisjonsklubben Bergsøy, skriv LGFK i ei pressemelding.