Tilbake
Nyheit:

Siste runde i 4.divisjon

🕒 2026-10-21
Siste runde i 4.divisjon Fotball
Trykk for å gi saka ein tommel opp.
≡

Laget avsluttar heime mot Hødd2. Les statistikk og trenarens kommentar

Bildet øverst: Frank Sverre Skorpen si brasse mot Hødd2 i 2017.

Fakta denne sesongen

Bergsøy har spelt 21 kampar og skal avslutte årets 4.divisjon ved å spele heime mot Hødd2. Hittil har sesongen gitt laget 12 sigere, 1 uavgjort og 8 tap. Bergsøy har scora 46 mål og sleppt inn 32. Dette har gitt laget en foreløbig 5.plass. Laget kan ikkje dette lengre ned på tabellen, men kan klatre litt med godt resultat. Rollon er 2 poeng foran, mens Hødd2 og Hareid er 3 poeng foran men har en god del bedre målforskjell.

Enrique Crespo er lagets toppscorar denne sesongen med 12 mål hittil. Scorar han hattrick mot Hødd2 så er han oppe på 6.plass på målscorarlista likt med Asbjørn Myklebust sine 75 mål. Nesten oppe på nivået til vår legendariske ex-Tyskland proff der altså, og Enrique ligg ann til å bli lagets toppscorar for fjerde sesong på rad.

Av dei måla Bergsøy har scora denne sesongen så har historikk.com registrert at dei fleste har kome frå innanfor 16-meteren. Berre to mål frå Crespo og ett frå Nils Erik Engen har kome utanfrå. 8 mål har kome på hodet, mens 4 har kome på straffe.

Iår har Bergsøy hittil scora 46 mål mens laget scora 45 mål ifjor. Nokså stabilt der altså, men det blei 49 baklengs ifjor mot hittil 32 iår. Det er gledelig at Bergsøy har blitt meir solide bakover denne sesongen.

Alder og Snittalder

Sjølv om det er en kamp igjen så kan vi mest trulig slå fast en ny rekord denne sesongen, og det er en ny snittalder-rekord. Aldri før har en Bergsøy snittalder - og da reknar vi første 11aren - gjennom en sesong vore så høg. Og det til tross for at laget har fått nokre unge spelarar inn på laget i løpet av sesongen. Med en snitt på 26,6 år så slår det den tidligare 1.plassen frå 2023.

Snittalder pr sesong
Snittalder pr sesong

Bergsøy har som kjent nokre rutinerte karar i laget som historikk.com håper aldri legg opp. Kvalitetane til dei rutinerte spelarane er uvurderlig for dette laget, og om mange skulle legge skorne på hylla samtidig så vil det være en stor smell for Bergsøy.

Den eldste vi har registrert starte en Bergsøykamp er Nerijus Marcinkevicius som var 44,2 år i en kamp mot Herd i 2021. Ingen slår den rekorden iår.

For detaljert statistikk rundt snittalder pr kamp og sesong så kan du gå til denne statistikksida: Statistikk: Snittalder pr kamp

Franjo Tepuric

En som har 9 sesongar i Bergsøytrøya og 180 kampar (113 mål) er Franjo Tepuric. Det seiast kampen mot Hødd2 kan være hans siste i Bergsøydrakta, og da er det grunn nok til å kome til kampen og feire hans store bidrag til klubben sidan han kom frå nettopp Hødd i januar 2015.

Franjo i aksjon
Franjo i aksjon
Målmaskina blei kåra til Årets spelar i klubben i 2015 og 2016 og blei toppscorar for klubben i 6 sesongar (2015, 2016, 2017, 2018, 2019 og i 2021).

Meir om Franjo si tid i Bergsøy kan en blant anna lese i Stjerneprofilen: Stjerneprofil: Tranjo Tepuric

Historisk mot Hødd2

Dette blir kamp nr 39 mot vår blå lokalrival. Et lag det er ganske jamnt å møte om det er heime eller borte. Heime har det blitt 7 sigerar, uavgjort og 7 tap, og målforskjellen er 48-39. Så historisk er dette som å kaste en mynt i lufta, det er umulig å spå resultat.

Det vi veit er at Frank Sverre Skorpen er den som har møtt Hødd2 flest gangar med heile 23 oppgjør, mens neste på lista er våre rutinerte spelarar Kjetil Paulsen (12), Franjo Tepuric (11), Daniel Jøsok Kvalsvik (11) og Fredrik Muren (11).

Franjo er spelaren som har scora mest mot Hødd2 med sine 9 mål på 11 kampar. Kan vi få et avskjedsmål av Franjo mot sin tidligare klubb på fredag?

Med tanke på adelskalender så vil eventuelt Sondre Nygård Olsen gå opp til 124 kampar om han spelar fredag, og dermed kunne passere Paul Kurt Nerland på lista. Pedro Moreno har 111 ilag og kan passere Lars Conradi Andersen om han står imål.

Tomas Matuszcyk har 52 kampar og kan passere 3 spelarar på lista, mens Alexander Hestad kan potensielt spele sin kamp nr 30 for Bergsøy - og Kevin R Vike sin kamp nr 10.

Adelskalender finner du her: Adelskalender

Trenarkommentaren

Velkomen til sesongens siste heimekamp på Havila Stadion Fosnavåg!

Sidan sist vi spelte heime har vi opplevd både skuffelse og opptur. Heimekampen mot Brattvåg 2 enda med eit 3-0-tap, før vi slo kraftig tilbake i førre serierunde med ein solid 4-0-siger borte mot Langevåg. Det resultatet gav oss ei god kjensle inn mot sesongavslutninga og skapar ei flott ramme rundt dagens oppgjer mot Hødd 2.

Før vi rettar fokuset mot dagens kamp, ønskjer vi å gratulere Stordal med ein imponerande sesong. Dei har sikra seg både avdelingssigeren og kretsmeisterskapet, og skal no ut i kvalifisering om opprykk mot KBK 2. Vi gratulerer med prestasjonane så langt og ønskjer dei lykke til i kampane som ventar.

For vår eigen del er tabellsituasjonen spesiell. Vi er garanterte å avslutte sesongen på minimum ein femteplass, men matematisk lever framleis moglegheita til å klatre heilt opp til andreplass. Det vil krevje at fleire resultat går vår veg, samtidig som vi sjølve må levere ein svært sterk prestasjon i dag. Vi er fullt klar over at mykje må falle på plass, men i fotball har ein sett merkelegare ting skje.

Samtidig skal vi vere ærlege på at fokus først og fremst ligg på oss sjølve. Målet vårt er å slå Hødd 2 og avslutte sesongen med ein prestasjon som både spelarane, støtteapparatet og publikum kan vere stolte av. Om det til slutt betyr andreplass eller femteplass er mindre viktig. Det viktigaste er å kunne sjå tilbake på sesongen og vite at vi gav alt heilt til siste spark på ballen.

Dagens kamp markerer også slutten på eit kapittel i Bergsøy Fotball. Etter mange år som spelar, medspelar, lagkamerat og klubbmann skal Franjo Tepuric spele sin siste kamp i Bergsøy-trøya før vegen går vidare til Fredrikstad.

Franjo har gjennom mange år vore ein lojal og viktig bidragsytar for klubben. Han har representert Bergsøy med stort engasjement, godt humør og eit sterkt konkurranseinstinkt, og har vore med på å skape både sportslege resultat og eit godt miljø rundt laget. Slike personar er uvurderlege for ein klubb som vår.

Vi ønskjer Franjo og familien alt det beste i det nye kapittelet. Samtidig ønskjer vi Toni lykke til vidare på fotballbana. Han har utvikla seg flott i Bergsøy, lagt eit godt grunnlag for framtida og er godt rusta for nye utfordringar.

Til slutt vil vi takke alle som har følgt og støtta laget gjennom sesongen. Enten de har stått på tribuna i Fosnavåg eller følgt oss på bortebane, har støtta dykkar vore viktig. No håpar vi mange tek turen til Havila Stadion Fosnavåg ein siste gong i år og bidreg til å skape ei flott ramme rundt sesongavslutninga.

Vi ønskjer motstandarar, dommarar og publikum hjarteleg velkomne til kamp!

Mvh Anders Helsem Hoff

Trykk for å gi saka ein tommel opp.