Tilbake
Nyheit:

Kvartfinalen i NM

🕒 2026-10-13
Kvartfinalen i NM Handball
Trykk for å gi saka ein tommel opp.
≡

Fryktelig nærme ei semifinale

Etter den historiske første Eliteseriesigeren så var det nærme at Bergsøy fekk ein ny opptur da dei hadde Bergen Handball i kne.

En får seie fakta slik som dei er. Denne søndagen i Haukelandshallen var en av klubbens største handballkampar.

Aldri før har klubben spelt ei Kvartfinale i NM. Reint sportslig var dette dermed en historisk stor begivenhet for klubben, noko som i merittane vil stå som en rekord.

At det i ei kvartfinale var berre 370 tilskodarar på tribuna overraskar meg kanskje litt. Ja, Bergen hadde berre 170 i en seriekamp mot Sandefjord, men det var 700 mot Kolstad og nesten 1300 mot Elverum. Det hadde nok vore fleire på tribuna om denne kampen hadde vore spelt i Fosnavåg. Det seier kanskje litt om interessa her heime for oss. At vi hadde fyllt opp Rem Arena meir enn Bergen klarte å fylle Haukelandshallen.

Det seier kanskje også litt om at serien er viktigare enn cup. Bergen vil no møte Kolstad i semifinalen i NM, og Elverum vil møte Sandefjord. Å møte Kolstad og Elverum er nesten som å møte en vegg for dei fleste lag. Cup er med andre ord vanskelig å vinne, men det er gøy å sjå kor langt en kjem.

For Bergsøy sin del blei det altså stopp i kvartfinale. Men da det sto 19 minutt igjen så var vi veldig nærme ei semifinale.

Først hadde vi ledelsen 17-16 til pause. Og med 25-19 så så var dei fleste ganske optimistiske. Bergen hadde scora 2, Bergsøy hadde scora 9. Men seks mål minka til to i løpet av seks minutt, og snart scora Bergen fire på rad. Vi holdt ikkje heilt ut.

Bergsøy hadde ledelsen 30-29 da det var 7 minutt igjen av kampen. Vi leda 31-30 da det var 4 minutt og 40 sekund igjen av kampen. Men så blei det ikkje meir mål til Bergsøy før i siste sekunda. Bergen scora 4 mål.

Det blei 34-32 til heimelaget.

Det blei seks tominuttarar - Bergen hadde fem. Trenar Moe var frustrert over endel av dømminga, men seier også at dei spelte en bedre kamp enn mot sigeren over Sandnes. Det er godt å høre at laget er i stigande prestasjonskurve, og at Christopher Ekmann er tilbake i laget tilføyer også ekstra styrke. Han scora 6 mål, og berre Petter sine 9 var meir denne gang.

Å tape mot slutten av kampane er ofte litt typisk lag som kjem opp på et nytt nivå. Sånn er det uansett kva nye nivå en kjem opp på. Slik var det også da Bergsøy kom opp til 4.divisjon på tidlig 1980-tallet. I 1982/83 så tapte Bergsøy alle sine 14 kampar i serien. Adolf Espeseth og Per Frøystad scora mål og heldt følge med endel lag, men rakna somregel utover i andre omgangane. På bildet er det Dag Harald Igesund som scorar ett av sine 6 mål mot Volda.

Ørsta og Volda slo oss den gangen. No er Bergsøy kjempen av Sunnmøre. Men det er tøfft å kjempe i toppen, mange harde kampar ventar.

Neste kamp er mot ØIF Arendal. Dei har vunne mot Drammen og også hatt en sterk bortesiger mot Follo. Dei tapte med to mål mot Bergen. Med andre ord, det er tøfft - men mulig å vinne.

No er det berre serien å tenke på.
Trykk for å gi saka ein tommel opp.