Tilbake

Reisa til Topphandballen

🕒 2026-04-14 00:00
🏷️ Handball

Veien til toppnivået

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Søndag 12.april 2026 blei Bergsøy klare for Eliteserie i herrehandball. Det er ikkje mulig å kome lengre opp i systemet. Men reisa dit har vore lang.

Da Bergsøy blei stifta 4.oktober 1944 så var det gymnastikk, turn og boksing. Og i 1945 var det skirenn og skihopp. I september 1945 var det Fredsmarsj. Svømmeknappen var poppulært denne tida. Og i Januar 1946 beslutta Bergsøy at klubben skulle melde seg inn i Norges fotballforbund, Norges Friidrettsforbund og Turn og Gymnastikkforbundet. Altså, eit vidt spekter med idrett, men altså ikkje handball heilt ennå.

80 år med handball

Handballgruppa ble stiftet 30.10.1946.

Formann var Ingvarda Dimmen. Medlemstallet i handballen var utelukkende kvinner, 38 stk over 17 år og 15 stk under. Treningsplassen var skoleplassen ved Myklebust skole. I 1947 er Karoline Djupvik formann, og i februar melder klubben at det er vanskelig å trene uten handball. Klubben mangler utstyr.

Peder Worren gjorde en instruktørinnsats i en mannsalder. I 1949 blei dei første kampane spelt. Lagets første seriekamp var ifølge "Idrett i havgapet" ein kamp mot Hødd, de heimelaget i Ulsteinvik tilslutt vann 5-1. Ifølge Vestlandsnytt viste Hødd at laget hadde meir erfaring, mens Bergsøy rakk å vise at dei er eit lag med potensiale. I 1950 står det skrevet at Bergsøy handball har blå benklær, og blå/rød trøye.

Bildet: Handballaget som vart krinsmester i 1951. Bildet er teke i Huldalen jonsokafta 1951 da den fyrste handballkampen blei spela der. Bergsøydamene slo Hareid med 6-1. Framme fra venstre; Bjørg Leikanger, Bergljot Myrhol, Anna Nilsen, Grethe Solbakk og Marit Myklebust. Bak fra venstre; Synnøve trettøy, Reidun Roksvåg, Sonja Melvær, Liv Igesund og Rannveig Solbakk

Handball var en utendørsidrett

Etter Myklebust Skuleplass var det i Huldalen. Her er et bilde frå tidlig 1950-tallet.

Handballen spelte seriekampar før fotballen. Huldalen var ikkje stor nok til fotball før i 1952. Og handballdamene var gode. Bergsøy blei også kretsmester i 1957 med spelarar som Margot Roksvåg, Bjørg Leikanger, Janny Hopen, Sissel Bostad og Turid Støylen på laget. Men det var ennå ingen herrelag.

I 1959 skriv Rollon til Bergsøy:

"Det har vært nokså stille med handballen her i distriktet. Vi i Sportsklubben Rollon vil høre om dere er intressert i propagandakamper for herrer og damer. Dere har jo aldri spilt herrehandball, men etter en samtala med en av spillerne på fotballaget trodde han at et lag kanstables på beina".

Tidlig på 1960 tallet er økonomien dårlig. Bergsøy ser ingen annen utvei enn å stryke seg av lista til Norges handballforbund. "Handballsporten har desverre gått en stille død i møte dei siste år", skriv Bergsøy. Sunnmøre Handballkrets hadde heller ikkje avvikla kretsserie i handball, men under leiing av Margot Roksvåg hadde det vore litt trening.

I 1966 hadde Bergsøy Handball 2 medlemmar.

Men det kvikknar til igjen i 1968. I januar melder Bergsøy på damelag i serien igjen. Eivind Rødal er en av pådrivarane og han var formann. Bård Røren (Sekretær og helseleder), Harald Lied (Kasserer), Ludvig Hansen (Oppmann). UK og trenere var Fr. Bjørkås og Johan Kroken.

Herrelaget sin start

Hittil hadde damene dominert, men i 1969 var det på tide med herrelag også. Det står:

"Herrelaget startet opp meget godt, men etter vårsesongen gikk laget nedover, interessen har gått tilbake. Hva dette har årsaken til er ikke godt å si, men det har vært vanskelig å stille trener til å ta seg av de."

13.februar 1969 står det i Vestlandsnytt:

-"Det nyskipa herrelaget møtte eit samansett lag av spelarar frå OIL og lærarlaget der inne. Det var ingen av oss som venta siger, så sjølv om resultatet 28-10 vitna om storsiger til Ørsta er vi nøgne".

"Vi fekk for første gang spele på ei bane som heldt minstemål og berre det var ei oppleving".

"Det er samspelet, plasseringsevna og grepet på ballen det skortar messt på hos herrane. Dette er det første som må rettast på, men det er omlag uråd med dei trange treningstilhøva som er. Alt i alt ein morosam og lærerik tur der spelarane fekk god støtte av heiagjeng leia av Geir-Finn Goksøyr (1947-1996)".

I september besto laget av : Mathias Pettersen, Helge Elsebø, Oskar Torgersen, Kjell Andersen, Sigurd Teige, Ottar Frøystad, Arthur Westbø, Per Jan Vike og Rolleiv Moen.

I oktober 1969 seiast det at herrelaget har vunnet to kampar og tapt 4, har såleis 4 poeng og målkvote 28-47. I innendørskretsmesterskap i Ørsta kom herrelaget på sisteplass, men tatt i betraktning at laget kun har hatt 3 månaders trening så spelte dei godt. Herd slår Bergsøy med 23-11 i mars 1970, og det er Knut Teige som scora 6 av Bergsøy sine mål i kampen. Knut er mest kjent gjennom fotballen, men var en god handballspelar også.

I 1972 spelte damelaget i skjørt, men Herrehandballen var litt nede for telling.

I oktober 1972 prøvar leiar i herrehandballen Ottar Frøystad å starte herrehandballen på nytt, og seier at 9-10 har sagt seg intresserte i å satse. -"Eg reknar med at når vi kjem igang vil interessa for herrehandballen bli større", sa han. Målet var å melde seg inn i 4.divisjon i innandørsserie som blir arrangert i Ørstahallen.

Bildet: 1973. Handballen er i oppsving. Eivind Rødal mimrar om kor langt laget har kome på kort tid ved hjelp av blant andre Ottar Frøystad og Otto Myklebust.

-"Handball er poppulørt på Bergsøya idag. Nytt for året er at herrelaget er meldt inn i 4.divisjon og spelt mange kampar i Ørstahallen. Tapt har vi gjort alle kampane så nær som siste kampen før jul da vi klarte uavgjort mot Rollon B. Men humøret er på topp".

"For å få med så mange som mulig i den lokale idretten har vi laga regelen for herrelaget at dei som er opptekne med å spele fotball ikkje kan få høve til å være med i handballserien. Dette ser vi som ein viktig lekk i aktiviseringsprogrammet vårt."

Bildet: Bilde frå Hovdecupen i 1975. Bente Vestnes for Langevåg scorar på sin søster Ruth Vestnes i Bergsøymålet. Handballbana låg like ved Hovden Flyplass.

Men laget hadde dårlige treningsforhold. Liten plass, men herrelaget hadde to treningar i veka. Ei stor hjelp var at laget hadde fått oppmerka asfalt på sentralskulen. Mange må desverre avvisast fordi det ikkje er kapasitet, det er ingen hall. Og et hoppetau var nesten alt av treningsutstyr.

Ny epoke med eigen hall

Kva hall betydde for handballen i 1979 kan nok ikkje beskrivast godt nok. Fra å spele på grus i Huldalen, asfalt på Borga, grasturneringar utandørs, og reising til Ørstahallen for å spele på heimebane. Gymsalar, som oppe i borga. Bergsøy hadde aldri sin eigen plass som var god nok til å utvikle seg vidare. Men i 1979 kom den.
Og resultata kom med en gang. Nils Djupvik scora 52 mål og var toppscorar sesongen 1979/80. Året etter blei det opprykk.

Bildet: Bergsøy sitt herrelag i handball sesongen 1980/81. Opprykk frå 5.divisjon til 4.divisjon.

Dei neste åra var tunge resultatmessig. 1981/82: 2 sigrar 16 tap. Og det var enda verre 1982/83. Beste kampen var i serieåpninga mot Ørsta med 19-20, men det blei 14 strake tap. Sesongen etter i 1983/84 blei det 1 siger, 1 uavgjort og 11 tap.

Bildet: Bergsøy 1984

Dugnad var viktig for handballen. Lossing for å få inn pengar. På bildet under fra 1988: ein gjeng i full sving på Frøystad Fiskevegnfabrikk. Her jobbar dei på kveldane med kniv i handa og tek vekk gammalt garn frå tauverk som skal brukast oppatt.

Men laget var i 4.divisjon lenge uansett om det blei mange tap. Heilt til det kom en ny generasjon handballspelarar på A-laget mot slutten av 1980-tallet. Det blei 2.plass i 1987/88. Så kjem det mer jubel sesongen etter.

Sesongen 1988/89 var det Asbjørn Kilsti som var hovedtrenar og henta inn for å satse. Stig Vestnes var også trenar.

Tor Sindre Steinsvik, Per Frøystad, trenar Asbjørn Kilsti og Stig Vestnes . Viktige personar for Bergsøy.

Heimekampen mot Gloppen, opprykksfinala i siste seriekamp 11.mars 1989 var den største handballkampen i lagets historie fram til då. Bergsøy vann 27-18. Og var klare for 3.divisjon.

Av profilar som kom på A-laget som ei kule denne perioda var blant anna Per Arve “Pelle" Kvalsund Og Nils Christian Nørvåg. Begge prøvde seg i Eliteserien, men Pelle var den som hadde den lange karriæra på toppnivået. Han spelte NM finale 29.desember i 1993. Du kan lese meir om desse to profilane i vår Stjerneprofil-serie: Pelle og Nils.

3.divisjon frå 1989/90

Ronny Koteng og Stig Vestnes var i slag som kjappe vingar idet laget gjorde seg klare til å debutere i 3.divisjon. Laget behold plassen og ansatte Mirijan Sedjak som ny hovedtrenar, og året etter kom Darko Grzentic. No hadde Bergsøy gått ifrå nedre halvdel til øvre halvdel av tabellen i 3.divisjon.

Bergsøy hadde mange gode sesongar her. Den første sesongen i 1989/90 blei det en 8.plass like over nedrykksstreken med 1 poeng bedre enn Sandnessjøen, men utover på 1990-tallet så er det også to 2.plasser. I 1994/1995 var det 1 poeng bak Spjelkavik i kampen om opprykket.

Lagbilde 1999/2000.

Men det blei ikkje opprykk. Det blei eit tiår i 3.divisjon, og så kjem nedrykket i 200/2001. 11.plass i 3.divisjon med 1 siger og 19 tap. Og året etter så er det notert 6 kampar. Så er det stopp.

Ikkje herrelag 2002-2005

Sesongen 2002/2003 var det ikkje herrelag i Bergsøy. Problemet var også i damehandballen, som må seie nei til opprykk. Det er knapt et herrelag igjen på Sunnmøre. Handballen sliter, og det er bekymring for handballsporten på Sunnmøre.

Ny start

Det var i 2006/2007 det blei ny start. Etter fleire sesonger uten handball. Det er omtrent 20 år sidan no.

Den nye herrelaget gjer det bra og får en pangstart. To sesongar og to opprykk på rad. Fra 4.divisjon til 2.divisjon. Og laget beholdt plassen i 2008/2009 tiltross for kun 4 sigere og 16 tap da dei endte på 10.plass..

Dei neste sesongane blir det 9.plass, 10.plass, 9.plass og en 11.plass i 2.divisjon.

Tunge år. På 5 sesonger i 2.divisjon hadde laget totalt 17 sigere, 5 uavgjort og 78 tap. En total målforskjell på 2235-3316. Det var 1081 mer mål imot enn dei scora sjølv. Men nedrykket i 2012/2013 tok ikkje motet vekk frå herrane.

Hittil i klubbens historie hadde lokale patriotar stillt opp i åresvis som trenarar. Tor Sindre Steinsvik, Jørn Remøy og Rikard Moe har plenty med år bak seg som trenarar. Så startar ei ny trenarepoke der en satsar på mer kompetanse utanfrå. Det var stor aktivitet for å få Gintaras Savukynas inn som trenar.

Allereie sesongen etter (2013/2014) vann dei 3.divisjon igjen og blei på nytt klare for 2.divisjon. Og no var det ikkje lengre berre en kamp mot nedrykk.

Etablerer seg i 2.divisjon

Bergsøy etablerer seg i 2.divisjon frå 2014/2015 sesongen. Først under Gintaras Savukynas, deretter Igor Dokmanovic. Med Thomas Buchardt som trenar i 2018/19 I blei det 2.plass berre to poeng bak Tjølling. Bergsøy lukta på sensasjonen å rykke opp til 1.divisjon. Einar Jónsson blei ny trenar, men koronapandemien ødela. Så kom Lárus Gunnarsson.

Lagbilde 2016

Det er jo mykje som skjer innanfor handballen. Noko av det kjekkaste er at Bergsøy United blir starta i 2015. Les Stjerneprofilen til Stig Vestnes for mer info om det.

Men hoppar vi litt så blir John Larsen trenar i 2022/23. Og det er da det skjer. I 2022/23. Opprykket til 1.divisjon.

Bergsøy hadde nådd toppen. Trudde dei. Trudde vi. Tenkt at dei endelig skulle få oppleve opprykk til 1.divisjon.

1.divisjon

Emil Raknes blei toppscorar med 179 mål, og spelarar som Deividas Jovaisas og Raivis Gorbunovs scora også mange mål. Evaldas Grieze var der. Mikkel Hansen. Pål Vestnes Sørdal. Men også Iver Frantzen Pettersen, Sander Aasen, Oddvar Johan Roseth. Fleire som har opplevd mykje siste åra.

Det var så små marginar. Utrulig små marginar. Bergsøy endte på 22 poeng og under nedrykksstreken, ett poeng mindre enn Ros og Bodø. Det som skulle hindre nedrykket var overraskande at laget over der igjen, Nøtterøy, sleit økonomisk. Bergsøy berga plassen på dramatisk vis.

Men det tok lang tid før Bergsøy visste om det. Lenge trudde fleire at det blei 2.divisjon igjen. Spelarar som ville satse var på vei vekk. Da serien var igang igjen i 2.divisjon i 2024/25 så var det klart at dette kom til å bli vanskelig.

Det blei tap i dei fire første kampane.

Bergsøy endte på 6.plass i 2024/25. Det var en enorm snuoperasjon. Det var den største prestasjonen til herrelaget gjennom tidene. Til da. Og med Åge Remøy i spissen ingikk REM Offshore AS ei 10 års avtale der hallen no skifta namn til Rem Arena Fosnavåg.

Ein ny milepel i handballhistoria til klubben.

Men så kjem da 2025/26 og overgår det meste.

Opprykk til Eliteserie. Det er heilt utrulig.

Og nye eventyr ventar. Klubben har blitt større enn si eiga bane. Større enn sitt geografiske område. Største handballklubben mellom Trondheim og Bergen.

Vi er spente på fortsettelsen.

Les :Opprykk til Eliteserien: Fantastisk og historisk.

PS: Bergsøy Handball har mange ildsjeler og pådrivarar som ikkje er nemnte i farta her. Denne artikkelen var ikkje meint å nemne alle ildsjeler, den var meint å gi et sammendrag av veien det sportslige har tatt og litt av utviklinga rundt det.
Trykk for å gi saka ein tommel opp.