Tilbake
Nyheit:

Dommarlegenda Kåre Fjørtoft

🕒 2026-10-12
Dommarlegenda Kåre Fjørtoft Stjerneprofiler
Trykk for å gi saka ein tommel opp.
≡

Fotball-Sunnmøre er i sorg etter at den populære dommaren gjekk bort, 83 år gammal.

Det handlar om respekt ikkje sant? Slik står det i skiltet bak Kåre. Bildet frå en Sandecup for nokre år sidan. Og Kåre fekk respekt som dommar og fotballmann, og han passa på at andre også hadde respekt for kvarandre.

Han sa sjølv han hadde levd med fotball i heile sitt liv. Spelte fotball også da han seilte utenriks, danna Gursken IL i 1972, og var like aktiv da klubben Larsnes/Gursken blei stifta i 2010.

Langt liv i fotballen

Han spelte i midtforsvaret for Gursken i en kamp mot Larsnes på Larsnes Stadion i 1973. Vi finner han i referat ilag med midtstoppermakker Andrew Notøy i en kamp i vanskelige forhold. Andrew braut tåa og heimelaget rakna og tapte 1-3. Det var debutsesongen til Gursken, og den var godkjent.

På Adelskalenderen til Gursken står Kåre Fjørtoft oppført med 39 kampar.

Etter han slutta som aktiv så var han blant anna trenar og leiar for guttelag i 1978, og han trenar lilleputtlaget også. Året etterpå er han leiar av småguttelaget. Vi finner Kåre som trenar for guttelaget på Sunnmørscup i 1983, og trenar for smågutelaget i 1984. Dette er nok berre litt av mykje. Han var formann i hovedstyret til Gursken i 1986 og 1987.

Inn på 1980-tallet starta Gursken å prøve å få realisert si eiga grassbane, og Kåre var veldig aktiv her også til tross for at han arbeidde til havs. Det blei sagt i ettertid at han var ein av dei som brukte mest tid på å vedlikehalde bana, og Kåre svarte at Gursken Stadion alltid hadde vore ein viktig del av han - at han likte å bruke fritida si der.

Dufte mot Tufte i 2006
Dufte mot Tufte i 2006 - Dommar Kåre i bakgrunnen følger med.

Fotball har stort sett vore heile livet mitt, sa han i 2012. Det var då 7 år sidan han hadde blitt pensjonist, men Kåra var fortsatt veldig aktiv. Han var dommar og dommarveiledar, deltok i tre kor og var lokalpolitikar. Noko av det største sa han var å være dommar på landsturneringa for funksjonshemma, med den gleda og engasjementet som var der.

Dufte mot Tufte i 2006
Dufte mot Tufte i 2006

I 2014 fekk Kåre Fjørtoft diplom frå Norges Fotballforbund for 50 års virke innen fotballsporten. Det er klart han var med og dømte mykje i løpet av den tida. I over 20 år deltok han i Nordsjøcup i Danmark, og han har dømt mange kjendislag. Blant anna turneringa MTG foundation i LIllestrøm og ei turnering på Skaugum i kongelig regi.

I 2006 dømte Kåre Fjørtoft showkampen Dufte mot Tufte på Bergsøy Stadion
I 2006 dømte Kåre showkampen Dufte mot Tufte på Bergsøy Stadion

Relasjonen til Bergsøy

Historikk.com skriv jo mykje om Bergsøy og Bergsøyprofilar, mens Kåre Fjørtoft har hatt sine nærmaste klubbar i Sande kommune. Men dette er jo vårt nærområde, våre naboklubbar i nabokommune som stadig med varierande tidspunkt der det kjem opp diskusjonar om kommunane skal slå seg ihop eller ikkje.

Kåre har jo også våre dommar for Romjulsturneringa i Herøyhallen, og har sagt til Historikk.com tidligare at en heiar jo på naboklubbane. Om det er Hødd eller Ålesund eller Bergsøy, så koste han seg med fotballen og fotballpraten både på bana og på sidelinja. Og han huskar tilbake til då Bergsøy var på nivå 2 i 1981 og at han såg på Bergsøykampane, avogtil ilag med sonen Jan Åge.

Joda. Han innrømte at eine barnebarnet skulle ha en million kroner for å melde overgang til Bergsøy. Dette synes vi er artig nabokriging. Larsnes/Gursken var jo i samme divisjon som Bergsøy, det er ikkje så mange år sidan.

Men legg no alt dette til side. Kåre Fjørtoft var ikkje berre ei lokal ildsjel som heia på laga rundt seg. Han var en fotballmann som elska idretten, og som i alle tiåra stilte opp på dei mange banene der vi var. Alle dei forskjellige klubbane har hatt sitt forhold til Kåre Fjørtoft. Og spelarane. Om det er unge eller gamle. Det spelte ingen rolle, vi var på og rundt fotballbana fordi vi elskar idrettsgleda.

Og det viste Kåre oss kvar gang han dømte kamp. Han spreidde glede. Viste at han likte det. Roa ned situasjonar som ikkje trengte å være så alvorlige. Og passa på at alle hadde det bra. Fotball skal være gøy, og Kåre Fjørtoft passa på at vi ikkje måtte gløyme det.

-"Respekter dommaren, respekter motstandaren og ikkje minst ver greie mot kvarandre", sa han under en Jan Åge Fjørtoft fotballskule i 1990. Og slik var tonen også nokre tiår seinare.

6.oktober gjekk han bort i en alder av 83 år. Det er trist at han ikkje passar på oss lenger.
Trykk for å gi saka ein tommel opp.