Bergsøy IL Fotball bygger 7-arhall til 17,5 millionar kroner.
Målsettinga er oppstart i oktober og ferdig i april neste år.
Dette er eit stort løft for klubben, spesielt i dagens situasjon der vi opplever ein betydeleg reduksjon i sponsorinntekter. Men klubben meiner at hall er heilt nødvendig sidan fotball har blitt ein heilårsidrett.
Finansiering
Hallen har ei kostnadsramme på 17,5 millionar kroner. Finansieringa er gjort gjennom fleire bidrag:
- Herøy kommune forskotterer moms og spelemidlar.
- 1,5 millionar kroner i RDA-midlar.
- Sparebanken Møre sponsar med 1 million kroner og langtidsfinansiering på inntil 2 millionar kroner.
- Resten er planlagt finansiert gjennom oppsparte midlar og mange andre mindre sponsorar.
Namnet blir Fiskarhallen
Namnet på hallen blir Fiskarhallen. Namnet er ein heider til alle dei flotte fiskefartøya og alle dei dyktige og stolte fiskarane vi har i Herøy.
Eit viktig argument er også at fiskerinæringa er ein avgjerande bidragsytar til bygginga av hallen. Det er til no samla inn rundt 1,5 millionar kroner i sponsormidlar frå fiskebåtreiarlaga og leverandørar til reiarlaga.
Hallen er framleis ikkje fullfinansiert, men det er fleire som vurderer å vere med. Det blir også mogleg for enkeltpersonar og familiar å bidra etter modell frå Fosnavåg Konserthus.
«Fantastisk å drive ein klubb i Herøy»
Det er fantastisk å drive ein klubb i Herøy. Vi ser at næringslivet, og i dette tilfellet må vi spesielt nemne Sparebanken Møre, ikkje berre bidrar til å skape lønsame og trygge arbeidsplassar i Herøy, men dei ser nytten og bidrar vesentleg til å utvikle samfunnet.
Bergsøy IL Fotball har som visjon å «Gjere Herøy kommune til ein enda betre plass å bu», og næringslivet hjelper oss ikkje berre, men motiverer oss også enormt gjennom bidraga deira i denne jobben.
Tom Beddari, dagleg leiar
Fantastiske anlegg for framtida
Bergsøy IL Fotball vil etter bygginga av hallen ha eit moderne og godt anlegg, med i tillegg to kunstgrasbaner – ei 11-arbane og ei 9-arbane – klubbhus og overbygd tribune.
Klubben vil når hallen er ferdig ha investert om lag 50 millionar kroner i anlegg dei seinare åra, noko som ikkje hadde vore mogleg utan god støtte frå Herøy kommune og våre trufaste sponsorar.
Gjelda vil, trass i dei betydelege investeringane, sjølv etter at hallen er ferdig vere maksimalt 2 millionar kroner. Målsettinga er at ho skal bli enda mindre, avhengig av korleis vi lykkast i arbeidet mot andre sponsorar.