Bergsøy har ein av verdas høgaste Tilbake

Bergsøy har ein av verdas høgaste

🕒 2015-03-13 00:00
🏷️ Fotball

208 cm høge Joao Ricardo Costa Martins Ribeiro frå Portugal er Bergsøy sin nye keeper. Det er ikkje mange fotballspelarar i verda som matchar den høgda.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

– Då eg såg kor høg han var, blei eg ganske sjokkert. Det er liten tvil om at han har eit stort nærvær på bana, seier trenar Hugo Vicente til Sunnmørsposten og flirer.

Det ser no ut som at Bergsøy har ein av dei høgaste keeperane i verda på laget sitt. Fleire nettsider skriv at den høgaste keeperen som spelar profesjonell fotball no, er belgiaren Kristof Van Hout. Han er også 208 cm høg og spelar for den indiske klubben Delhi Dynamos FC.

Ikkje henta på grunn av høgda

Vi har ikkje henta han til klubben fordi han er høg. Sidan vi har problem kvart år med å finne ein keeper, har vi valt å investere litt ekstra for å få ein god keeper og ein god keepertrenar.

Hugo Vicente til Sunnmørsposten

Bergsøy-trenaren understrekar at grunnen til at dei valde å hente Ribeiro, er at han har ei solid keepertrenarutdanning.

Han skal ha keepertrening kvar dag med spelarar frå lag i barne- og ungdomsfotballen. Utdanninga han har er på eit høgt nivå, og vi har fått veldig mange gode tilbakemeldingar på han.

Hugo Vicente

Keepertrenar frå Belenenses

Før keeperen kom til Fosnavåg hadde han jobba som keepertrenar i to sesongar for toppserieklubben Belenenses. Der var han også trenar i barne- og ungdomsfotballen.

Kunne henta ein betre keeper

Vi hadde moglegheit til å hente ein keeper frå eit høgare nivå, men han hadde ikkje utdanninga vi trong. Det er ikkje berre slik at vi hentar dei beste vi kan til A-laget, slik mange trur. Men vi ønsker å utvikle heile klubben med ei slik signering.

Hugo Vicente

Det formelle rundt overgangen var på dette tidspunktet framleis ikkje heilt på plass.

Det formelle rundt overgangen er framleis ikkje heilt på plass, men det går nok ikkje så lang tid før han er heilt klar.

Tom Beddari, dagleg leiar i Bergsøy
Trykk for å gi saka ein tommel opp.