Bergsøy låner Sunderland-spiss Tilbake

Bergsøy låner Sunderland-spiss

🕒 2016-03-14 00:00
🏷️ Fotball

I fjor spelte han fast på Sunderland sitt U18-lag. No skal Jordan Blinco spele for Bergsøy i norsk 3. divisjon.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

I fjor spelte han fast på Sunderland sitt U18-lag. No skal Jordan Blinco spele for Bergsøy i norsk 3. divisjon.

Bergsøy IL har hatt ord på seg for å satse ambisiøst innan fotball. Og no tar klubben skikkeleg i, ved å hente 19-åringen Jordan Blinco frå Sunderland i England.

Lars Petter Rønnestad er trenar for Bergsøy sitt 3. divisjonslag, og Rønnestad er også kjent for å vere svært anglofil. Han er glad i engelsk fotball, i særleg grad Luton Town. Lars Petter fridde til kona si på Luton si bane Kenilworth Road i pausen i ein kamp der.

Men no har han altså lagt lista høgare enn Luton, i jakta på å styrke Bergsøy sine sjansar til å overleve i årets 3. divisjon. Over halve divisjonen rykker ned i år på grunn av den nye serieomlegginga.

Avtale med Sunderland

Eg har gode kontaktar i England, og vi har fått tilbod om å hente fleire lovande spelarar frå England hit. Jordan Blinco ser ut til å vere den mest spennande, så vi har fått ein avtale med Sunderland om å nytte han fram til sommaren.

Moglegheita er til stades for å utvide låneperioden, dersom dette fungerer bra både for oss og for guten.

Lars Petter Rønnestad

Blinco er i U21-stallen til Sunderland. Året før var han fast på 18-årslaget til klubben. Han er ikkje spesielt høg, berre rundt 175 centimeter, men ifølgje Rønnestad er han både kvikk og svært teknisk god.

Kan debutere mot Volda

Allereie onsdag skal Bergsøy møte Volda borte i 1. kvalifiseringsrunde i NM, og Blinco kan få debuten sin allereie der.

Vi har fått alle nødvendige papir frå Sunderland, så no spørs det berre om NFF rekk å køyre gjennom overgangen i tide til Volda-kampen.

Lars Petter Rønnestad

Blinco har trent med Sunderland sitt A-lag ganske ofte, og er rekna som ein framtidig mann å satse på i klubben frå Nord-England.

Eit stort ansvar

Vi er veldig audmjuke i denne saka. Det er eit stort ansvar vi tar på oss ved å hente ein 19-årig engelskmann hit ut, og vi har forplikta oss overfor Sunderland til å sende stadige rapportar om utviklinga hans hos oss.

Og dersom vi ser at dette ikkje fungerer optimalt for guten, så sender vi han heim. Men klart vi håper at vi kan ha gjort eit «scoop» her.

Lars Petter Rønnestad
Trykk for å gi saka ein tommel opp.