22-årige Steinar Logi Thordarson har skrive under for Bergsøy – den andre islendingen til BIL på kort tid.
22-årige Steinar Logi Thordarson har skrive under for Bergsøy. Han er den andre islendingen til BIL på kort tid.
Bergsøy IL veit at årets 3. divisjon i fotball for menn blir knallhard, der kanskje berre dei tre-fire beste klubbane får bli med i neste års 3. divisjon. Då gjeld det å bygge eit godt nok lag innan seriestarten om nokre veker.
Nyleg henta Bergsøy midtstopparen Sveinn Birgisson frå nivå 2 på Island, ein spelar som allereie har vist at han blir ei forsterking for BIL.
Enda ein islending
Og i går skreiv også landsmannen Steinar Logi Thordarson under ein eittårskontrakt med Bergsøy.
Han er primært sideback, men kan også nyttast på midtbana. Han er frå Akureyri, Ålesund sin vennskapsby, og har spelt for klubben Dalvik/Reynir på nivå 3.
Men Bergsøy sin hovudtrenar Lars Petter Rønnestad lovar at dette ikkje er starten på ein islandsk invasjon i klubben.
Nei då, vi stoppar der! Vi har ingen planar om å hente fleire no, verken frå Island eller Norge.
Men via ein agent på Island fekk vi høyre at desse to kunne tenke seg å spele fotball i Norge, og vi skal også finne ein jobb til dei i Fosnavåg. Sveinn Birgisson viste raskt at han held mål, og dermed tok vi også kontakt med Steinar Logi Thordarson.
Lars Petter Rønnestad
Styrkar forsvaret
Vi har vurdert det slik at vi hadde problem i forsvaret vårt i fjor, og noko måtte gjerast. No har vi henta inn dei to islendingane, samt ein ung Hødd-midtstoppar og ein keeper frå Larsnes/Gursken, og det held.
Lars Petter Rønnestad
Noko av årsaka til at klubben hentar forsvarsspelarar er også at BIL mistar tre yngre defensive spelarar til hausten. Då er det best å finne erstattarar for dei allereie no.
Eg trur stallen er bra nok no, til at vi kan hevde oss svært bra i divisjonen.
Lars Petter Rønnestad