Tilbake

Forhåndsomtale Bergsøy - Hareid

🕒 2025-10-17 06:33
✍️ Steffen Helsem Kvalsund

Det er klart for den aller siste serierunden i 4.divisjon 2025

Fredag kl 18:30 
Siste serierunde i 4.divisjon 2025 

Hareid - Bergsøy Lokaloppgjer. 

Heilt sidan 1953 har klubbane møttast i offisielle kampar, og det er no klart for møte nummer 60 mellom desse klubbane.

 Hittil har Bergsøy vore storebror med 35 sigerar og 9 uavgjort. 

Hareid har 15 sigerar. 
Under halvparten der altså. Til Hareid.

 Tre av desse kampane var cupkampar. 

Den første kom i 1989. Bergsøy vann 3-0 etter mål av Henning Solem, Endre Tjervåg og Nils Roger Paulsen. 

Den andre kom i 1997 - då vann Bergsøy 4-1 etter to mål av Preben Hestad og to mål av Jarl Åge Vågsholm. 

Så møttes klubbane igjen i cuppen i 2011. Hareid stilte et sterkt lag. Tore Johan Ytrehauge var på plass etter skade. Fredrik Aursnes var tilbake etter skade. Kim Tore Husøy, Georg Olsen, Lars Henrik Hasund og Vagn Scheide Mork spelte. 

Men det var ikkje nok. 
Bergsøy vann 5-3 etter to mål av Frank Sverre Skorpen, samt mål fra Peter Daniel Baade, Ulrik Wingsternes og Kestitus Deveika. 

Ubesigra i cupkampar mot Hareid der altså. 

Målforskjellen til Bergsøy totalt sett er 141-83. 

Det er ingen andre lag Bergsøy har scåra så mykje mot. Med 35 sigerar er det heller ingen lag Bergsøy har vunnet så mykje mot. 

Det er klart at Bergsøy er storebror her. 

Om Daniel Jøsok Kvalsvik spelar på fredag så blir dette hans Bergsøykamp nummer 200. Han debuterte tilbake i 2008 og har i snart si heile Bergsøykarriære vore vandt til å berre hente 3 poeng fra desse Hareidskampane. Han har scora 8 mål mot Hareid gjennom tidene, i ei periode der "Bergsøy" har vore eit skremmeord på Hareid. Noko ein frykta. 

Frå 30.juni 2006 til 13.juni 2024 hadde nemlig Bergsøy 18 kampar PÅ RAD mot Hareid uten tap. 15 sigere - 3 uavgjort - 0 tap. Iløpet av snart ei 18 års periode. 14.juni 2024 kom Hareid sin første siger mot Bergsøy sidan 24.juni 2005. 
Nesten 19 år sidan sist det skjedde.

 Og sidan har det blitt spelt to kampar der Hareid har vunnet enda en kamp, mens det blei 2-2 sist laga møttest i mai. Forbannelsen er over for Hareid. Og dei har stabla på plass et godt 4.divisjonslag i 2025. Dei er nemlig 1 poeng over Bergsøy på tabellen. Vinnaren på fredag tek 4.plassen. Og Hareid er favoritt. Dei har sjansen til å kunne ende over Bergsøy på tabellen for første gang på nesten 20 år. 

Det er klart at Hareid ikkje kan la denne sjansen gå fra seg. En slik sjeldan sjanse.. 

Vi ønsker begge lag lykke til med sesongavsluttninga.