Rekordmange møtte fram då Bergsøy inviterte til Fotballens dag i Herøyhallen. Preben Hestad fekk den største heideren då han blei kåra til Årets spelar.
Då Bergsøy Idrettslag inviterte til Fotballens dag i Herøyhallen, strøymde det til med folk som aldri før i arrangementet si historie.
Fullt i benkeradene var med på å kaste ekstra glans over BIL-fotballen sin festdag. Det blei ikkje spart på applausen då spelarane marsjerte inn i fargerike drakter og med smila på plass.
Ein festdag for Bergsøy-fotballen
I løpet av dagen fekk både små og store spelarar høve til å vise seg fram på parketten etter det som hadde vore ein jamt god sesong.
A-laget sleit i ein periode, men etter ei knallsterk avslutning sikra laget seg ny kontrakt i 3. divisjon i siste serierunde.
Også laga i dei aldersbestemte klassene hadde hevda seg godt, noko som lova bra for framtida.
Det største problemet var banemangelen. Håpet var at dette skulle betre seg når den etterlengta kunstgrasbana kom på plass, etter planen i løpet av august eller september.
Preben Hestad årets spelar
Fotballens dag er også ein dag for heider, og denne gongen var det Preben Hestad som fekk den største æra då han blei kåra til Årets spelar.
Fotballformann Terje Lima overrekte ein blomsterbukett og ein gåvesjekk på 1500 kroner til prisvinnaren.
Veteranen hadde vore ein motivator for dei yngste på laget og ein pådrivar då laget trong det som mest.
Hestad enda også som Bergsøy sin toppscorar denne sesongen, og stod med nest flest mål i 3. divisjon avdeling Sunnmøre.