Internasjonale Bergsøy Tilbake

Internasjonale Bergsøy

🕒 2016-04-06 00:00
🏷️ Fotball

Bergsøy henta onsdag sin tredje engelske proffspelar – og hadde no sju utlendingar i stallen.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Bergsøy sine utlendingar samla før trening onsdag. Bak frå venstre: Scott Burgess, Joe Wollacott, Franjo Tepuric og Sveinn Óli Birgisson. Framme frå venstre: Jordan Blinco og Steinar Logi Thordarson. Keeper Wollacott hadde si første trening med Bergsøy onsdag.

Foto: Thomas Sporsheim

Nyleg henta 3. divisjonsklubben Bergsøy engelskmennene Jordan Blinco og Scott Burgess til klubben. No er også Joe Wollacott henta inn, frå Bristol City.

Tre engelske spelarar

Jordan Blinco er ein lovande spiss som kjem på lån frå Sunderland i Premier League.

Midtbanespelar Scott Burgess har fleire kampar for Bury på nivå 3 i England denne sesongen og er berre 18 år, medan Joe Wollacott er keeper, 19 år og tredjekeeper i Bristol City på nivå 2 i England.

Alle desse er på lån dei neste tre månadane, og det betyr truleg at Bergsøy ikkje får nytte av dei meir enn i vårsesongen.

Men det går greitt. Dei tre erstattar spelarar hos oss som blir disponible til hausten. Burgess blir erstatta av Daniel Kvalsvik i haust, Daniel spelar for Varegg i Bergen og flyttar snart heim.

Blinco er no som ein erstattar for Thomas Sætre Hauge, som har vore lenge skadd, men som snart returnerer. Og Wollacott er henta inn fordi vår lovande keeper Olav Rekdal er langtidsskadd.

Lars Petter Rønnestad, trenar og sportsleg leiar

Sju utlendingar i stallen

Og det stoppar ikkje der med Bergsøy. Tidlegare i vinter blei islendingane Sveinn Birgisson og Steinar Logi Thordarson henta, medan kroaten Franjo Tepuric blei henta frå Hødd to år tidlegare.

Også litauaren Andrius Petreikis er i BIL-stallen, men 34-åringen har vore i Bergsøy i ei årrekke allereie.

Kva kostar det?

På spørsmål om kva det kostar å låne tre proffspelarar frå engelsk liga, svarar Rønnestad:

Eg vil ikkje seie noko om våre kostnader på desse tre, men klubbane deira i England betaler løna deira når dei er her. Og dei tre kostar oss mindre enn det ville ha kosta oss å hente ein lokal offensiv spelar, som vi forhøyrde oss om tidlegare i år.

Lars Petter Rønnestad

Det er Lars Petter Rønnestad sjølv som no nyt godt av sitt store kontaktnett i engelsk fotball.

Kven andre lokale klubbar hadde kunna fått til noko slikt? Svaret er ingen, for dette har vi klart berre takka vere mitt kontaktnett i England. Vi kunne ha henta 30 gode spelarar frå England, om vi ville!

Og våre utlendingar er også ein fantastisk referanse for våre eigne yngre spelarar. Engelskmennene står igjen lenge etter trening og trener vidare. Og eg ser allereie kva flott innverknad dette har på våre eigne. No begynner våre også å skjøne at eigentrening er veldig viktig om ein skal kome nokon veg.

Lars Petter Rønnestad

«Fordi ingen vil hit»

Men kvifor hentar ikkje Bergsøy lokale spelarar?

Fordi ingen vil hit! Eg veit ikkje kor mange vi har spurt, men svaret er nei uansett. Dei vil truleg ikkje ut hit til havgapet.

Lars Petter Rønnestad

Sterk generalprøve

Mot Skarbøvik IF sist helg vann Bergsøy 5-0 i generalprøva før seriestart. Måla blei scora av Blinco (2), Burgess, Tepuric og Birgisson.

Ikkje akkurat Herøy-svung over dei namna, og dette viser kanskje at Bergsøy allereie er veldig avhengige av importane sine.

Og at BIL blir å rekne med i toppen i årets 3. divisjon. I alle fall i vårsesongen...

Trykk for å gi saka ein tommel opp.