Kvalifisering mot Averøykameratane Tilbake

Kvalifisering mot Averøykameratane

🕒 2002-10-13 00:00
🏷️ Fotball

Bergsøy hadde vunne 3. divisjon og skulle spele om opprykk til 2. divisjon mot Averøykameratane. Etter 1-1 på heimebane venta ei tøff oppgåve på Nordmøre.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Vi hadde vunne 3. divisjon med 10 poeng foran Volda da vi skulle ut i den andre kampen om opprykk.

Vi møtte Averøykameratane i kvalifiseringa, og spelte 1-1 på heimebane. Vårt mål var eit sjølvmål.

Vi hadde dermed ei tøff oppgåve foran oss, og måtte score på bortebane. Vi tok turen ein dag før og overnatta i Molde, før vi køyrde vidare mot det vi håpte var 2. divisjon.

Bergsøy inspiserer bana før kvalifiseringskampen mot Averøykameratane
Inspisering av ei god, men frosen bane før kampstart. Frost i ytterkantane, og ikkje særleg varmt.

Mange var på tribuna, og veldig mange heia på Bergsøy.

Men etter 0-2 til pause, og 3-0 rett etter pausen, var det over. Martin Løseth blei utvist, og til slutt tapte vi 5-0.

Kvalifiseringskampen mellom Averøykameratane og Bergsøy
Fred Frantsen, Tom Beddari og Arvid Kvalsund etter kampen
Kampen er over. Fred Frantsen, Tom Beddari og Arvid Kvalsund slår fast at det blir ein ny sesong i 3. divisjon neste år.
Averøykameratane blir gratulerte etter opprykket
Averøykameratane blir gratulerte av Moldes Magne Hoseth.
Bergsøy sine nye blå drakter
Dei nye blå draktene fekk dermed ein grusom start i Bergsøy.
Trykk for å gi saka ein tommel opp.