Ein trufast Bergsøysupporter gjennom fleire tiår.
Ludvig Holberg «Lulle» Hansen var fødd 21.05.1937, og døydde 14.09.2017 ved Myrvåg Omsorgssenter/Fosnavåg.
I Bergsøymiljøet var han ein kjend supporter gjennom fleire tiår. Han var med på bortekampar, og såg også gjerne ein Bergsøy B-kamp.
Det merkast når ein som alltid var på plass, ikkje lenger er det.
Bildet øvst er frå 29. mai 2004. Bergsøy skal ha bortekamp mot Godøy. Lulle møter opp.
Eitt minutts stille
22. september 2017 gjennomførte Bergsøy A-lag eitt minutts stille før kampen mot Nordborg til minne om den trufaste Bergsøysupporteren.
I 2011 blei Lulle kåra til Årets Bergsøysupporter. Vi kan godt seie at det var ei utdeling som var vel fortent, og som mange nok hadde venta lenge på.
Få har opplevd så mange Bergsøykampar som Lulle gjorde.
Bildet under er frå ein Bergsøy 2-kamp borte mot Moltu på Moltu Stadion, og det seier nok det meste om at Ludvig Hansen var ein dedikert supporter. Bergsøy vann for øvrig kampen 8-0.