Mange bilder frå kunstgrasbana Tilbake

Mange bilder frå kunstgrasbana

🕒 2006-12-03 00:00
🏷️ Fotball

Vi har tatt nye bilde av kunstgrasområdet, sett på framdrifta i arbeidet og vurdert nokre alternative plasseringar for den mykje omtalte Kong Olav-statua.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Kunstgrasbana vil bli noko Herøy kommune og Bergsøy kan vere veldig stolte av. Vi har tatt bilde av området sidan det første spadetaket i mars, og no begynner det verkeleg å bli spennande å følge utviklinga.

Først ei runde med andre nyheiter

Det er på tide med treningar igjen, og måndag er det trening i Huldalen klokka 18.00.

Puljene i Inne-KM for A-laget har kome på plass. Elles blir det jobba med anleggsgarasje til kunstgrasbana i Spjelkavik, medan Hødd er i gang med planering av grusbane.

Vi nyttar også høvet til å gratulere Stian Zahl og Aleksander Dahle med uttaket til «Bylaget – Ulstein Gutar», fødde i 1992. Samtidig gratulerer vi Lovise Frøystadvåg, som blei tatt ut til «Bylaget – Ulstein Jenter».

Laurdag enda kampane slik:

Ålesund – Ulstein Jenter 1–1
Ålesund – Ulstein Gutar 0–0

Søndag spelte Ulstein-laga mot Kristiansund. Vi er usikre på korleis desse kampane enda.

Bergsøy kunstgrasbane

Vi tok ei lita runde for å dokumentere den siste framdrifta på kunstgrasbana.

Både fredag og laurdag var det mykje vind og dårlege arbeidsforhold, og det gjorde at prosjektet ikkje hadde kome så mykje lengre sidan sist vi tok bilde.

Kameraet blei likevel tatt i bruk, og nedanfor kan du sjå to panoramabilde og fleire andre bilde frå området.

Panoramabilde av kunstgrasbana 3. desember 2006
Panoramabilde av kunstgrasområdet.

Vi gler oss sterkt til å sjå lysmastene på plass, og er spente på korleis lyset blir.

På tribunesida blir det også spennande å sjå korleis benkane blir sjåande ut. Etter det vi veit skal telefonstolpar hoggast til og brukast som benkar langs sida der ein no finn den fint sådde grøne haugen.

Det vil nok bli ei meir personleg tribune enn den vi finn ved grasbana. Endeleg kan tilskodarane også få smake på flisa.

Panoramabilde av kunstgrasbana 3. desember 2006
Dagens andre panoramabilde av kunstgrasområdet.

Ny traktor på plass

Ein ny traktor er også på plass. Denne er planlagt brukt både på grasbana og kunstgrasbana.

Traktoren har dessutan førarhus, noko som gjer vedlikehaldet av banene meir behageleg sjølv om det er vind og regn.

Ved bruk på grasbana er ein likevel avhengig av gode nok forhold. Det er ikkje særleg populært dersom det blir djupe traktorspor på kryss og tvers av bana.

Vi kjem tilbake med meir informasjon og bilde av traktoren etter kvart.

Ni månader med arbeid

Vi har kome rundt ni månader inn i arbeidet, og det er liten tvil om at vi til slutt vil sitte igjen med eit flott anlegg.

Vi har dokumentert utviklinga heilt sidan det første gravemaskintaket 1. mars, og forskjellen frå dei tidlege bilda til dagens situasjon er stor.

Arbeid med Bergsøy kunstgrasbane Arbeid med Bergsøy kunstgrasbane Arbeid med Bergsøy kunstgrasbane Arbeid med Bergsøy kunstgrasbane Arbeid med Bergsøy kunstgrasbane Arbeid med Bergsøy kunstgrasbane

Den mykje omtalte statua

Dei som ikkje har fått det med seg, har nok ikkje lese nyheitene særleg grundig den siste veka.

Oslo ville ikkje ha ei Kong Olav-statue som kunstnaren Knut Steen hadde brukt seks år på å lage. Mellom innvendingane var at armen var for tjukk og at Olav ikkje akkurat såg spesielt vennleg ut.

Andre kunstnarar hadde også påpeika at personane under Olav på statua kunne minne om eit bombebelte.

Herøy kommune, med ordførar Arnulf Goksøyr i spissen, gjekk deretter ut i media og sa at statua var velkomen til Herøy.

Bergsoy.com veit at Olav var ein svært sportsinteressert herre, og vi har derfor sett på nokre moglege plasseringar.

Alternativ 1: Sandvolleyballbana

Kva kan vel vere betre enn å plassere den friske Olav-statua i sandvolleyballbana?

Ei slik plassering ville sprite opp eit allereie flott aktivitetsområde og samtidig underbygge statusen Olav hadde som folkets konge.

Olav ser også ut til å vere klar til å utføre ein solid smash slik statua er laga.

Forslag til plassering av Kong Olav-statua ved sandvolleyballbana
Herøy har fått ei flott sandvolleyballbane, og slik vi ser det kan dette vere ei glimrande plassering.

Alternativ 2: Oppe på Heid

Statua er sjølvsagt flott, men kvifor ikkje nytte henne til noko praktisk også?

Vi har fått på plass gjerde rundt bana, men framleis blir det skote ballar høgt og langt. Ved praktisk bruk av Olav-statua kan fleire av desse ballane kanskje stoppast.

Dersom dette skulle bli aktuelt, kan ein i neste fase vurdere å montere ein baseballhanske på handa og eventuelt ein hjelm på statua.

Forslag til plassering av Kong Olav-statua på Heid
Oppe på Heid kan statua også få ei meir praktisk betydning.

Alternativ 3: Bergsøy KGB

Vi har manipulert litt, og dette ser ut til å kunne bli ei fantastisk plassering for statua.

Det er eit kjent faktum at Bergsøy gjerne skulle hatt fleire på tribunen, og med Olav på plass vil fotballspelarane alltid kunne føle at det er nokon som ser på kampane.

Med ei plassering omtrent ved midtstreken ville statua dessutan vere synleg frå lang avstand.

Kong Olav-statua plassert ved Bergsøy kunstgrasbane
Statua kan bli krona på verket når kunstgrasbana blir ferdig.

Det står igjen å sjå kvar Olav-statua til slutt endar. Men vi har god grunn til å tru at Herøy ligg godt an til å kapre henne på free transfer, med tanke på kommunen sine fantastiske moglegheiter.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.