Moltu All Stars - Bergsøy All Stars 0-6 Tilbake

Moltu All Stars - Bergsøy All Stars 0-6

🕒 2021-08-29 00:00
🏷️ Fotball

Det var retrotid på Moltu stadion, med ei rekkje gamle Bergsøy-profilar tilbake på bana. Med over 2000 A-kampar i troppen mangla det ikkje på rutine – og Bergsøy All Stars viste klasse med ein klar 6-0-siger.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Det var retrotid på Moltu stadion, noko vi i historikk.com sjølvsagt sette stor pris på. Gamle stjerner skulle vise at dei ikkje hadde falma – sjølv om det for nokre kanskje var eit tiår eller meir sidan dei spelte på Bergsøy A-lag.

Stikkordet var rutine, og derfor var det viktig at også dommartrioen var av same kaliber. Med hovuddommar Davy Wathne og linjemenn Oddbjørn Aam og Kåre Fjørtoft skulle det vere liten tvil om at kampen var i gode hender. Fjørtoft var inne i sin 46. sesong på rad som dommar.

Oddbjørn Aam

Ja eg begynte å dømme kampar faktisk i 1973, så da kan du rekne sjølv. Det er ganske mange år.

Oddbjørn Aam – linjedommar

Bergsøy sin stjernespekka tropp til kampen hadde til saman spelt over 2000 A-kampar for Bergsøy, fordelt på 1870 A-kampar i fotball og 183 A-kampar for herrelaget i handball – dei siste ved Jan Erik Myrseth.

Dei aller fleste hadde spelt ilag på eitt eller anna tidspunkt, og enkelte var fortsatt aktive på Bergsøy sitt Old Boys-lag i 7-ar fotball. Berre keeper Nerijus Marcinkevicius var aktiv som spelar på A-laget dette året.

Dagens Bergsøy-stall

Bergsøy All Stars på Moltu stadion

Øyvind Paulsen og Kjetil Paulsen var dagens brødreduo. Oppfostra i talentfabrikken Paulsen, som har gitt klubben spelarar med fornamn Kjartan, Trond og Nils Roger, førte desse legendestatusen vidare.

Øyvind debuterte på A-laget i Huldalen tilbake i 2006, mens Kjetil debuterte ein fredag den trettande i 2004 i ein kamp på Aksla Stadion der Bergsøy vann 3-2 etter tre mål av Steffen Kvalsund. Tenk at vi klarte å snike den prestasjonen inn her.

Andre som spelte den kampen i 2004 og som også spelte mot Moltu var Rune Frantsen, Mats Inge Teige, Jarl Åge Vågsholm, Frank Sverre Skorpen, Karl Bjarte Vike og Gustav Pettersen. Meir eller mindre halve laget mot Moltu spelte altså ilag på A-laget den gongen, 17 år tidlegare.

Frank Sverre Skorpen er for dagens ungdom kjent som A-trenar, men for dei som såg kampar på Bergsøy Stadion i perioden 1994 til 2019 er han også godt kjend som spelar. Ti gongar blei han toppscorar for A-laget.

Andre i dagens stall som også hadde blitt toppscorar for Bergsøy A-lag var Gustav Pettersen, Ole Magne Rotevatn og Lasse Myrhol.

Legenden Rune Frantsen er inne på topp 10 på Bergsøy sin adelskalender, trass i opphald i Hødd, mens Jarl Åge Vågsholm, Ronny Pål Kvalsvik, Karl Bjarte Vike og Lars Conradi Andersen også er høgt oppe på listene.

Rett og slett eit kvalitetslag. Legg vi til spisskompetansen til Marius Vangen Kvalsvik, fintene til Jan Erik Myrseth og Thomas Sporsheim si råe kraft, så har ein totalt sett eit uslåeleg lag. Og det skulle denne gjengen vise fram til gagns.

Kampen

Vi har ikkje mykje å fortelje om Moltu, for det er rett og slett for mykje å fortelje om Bergsøy. Med ein kamp som varte 2 x 30 minutt på ei lang grasbane skulle ein tru det handla mest om kramper og strekk for halvpensjonerte fotballspelarar, men slik blei det slett ikkje.

Bergsøy sin toppscorar i 2006, Gustav Pettersen, viste sine gamle kunstar etter at årets spelar i 2010, Kjetil Paulsen, sende av garde ein stikkar. Gustav flaut på graset som i gamle dagar, forbi alle som prøvde å stoppe han, og aleine med keeper sette han ballen trygt inn til 1-0.

Gustav Pettersen set inn 1-0
Gustav Pettersen set inn 1-0.

Det neste målet skulle bli endå flottare. Det var som ein dans der ballen gjekk frå spelar til spelar og snart ut på høgrekant. Framfor mål var Rune Frantsen klar mottakar for den neste pasninga, og han sende den flott vidare inn i nettet. Dagens finaste lagmål.

Det skulle kome endå eit fint mål, men det blei så vidt vi forstår annullert for offside av myndige Davy Wathne.

Rune Frantsen sender ballen i mål til 2-0
Rune Frantsen får fint treff på ballen og sender den i mål til 2-0.

I pausen var det straffesparkkonkurranse der dei fleste hos Bergsøy sette ballen trygt og godt i mål, mens Moltu stilte med ei rekkje eldre spelarar som hadde store problem med å overliste Bergsøykeeper Nerijus.

Det var rett og slett vanskeleg for Bergsøy å la Moltu vinne noko som helst denne dagen.

I den andre omgangen gjorde Gustav Pettersen som han gjorde i den første: scora det første målet. Steffen Kvalsund var kanskje heldig som fekk den lange stikkballen heilt fram til Gustav, men når målmaskina først fekk tak i ballen gjorde Gustav ingen feil. Han blei dagens målkonge, den einaste med to mål i kampen.

Marius Vangen Kvalsvik og Frank Sverre Skorpen på Moltu stadion
Kjekt å sjå fotball igjen etter lengre tids pandemi, her med Marius Vangen Kvalsvik og Frank Sverre Skorpen i kvite skjorter.

Toppscoraren frå 2013, Ole Magne Rotevatn, skulle også vise fram gamle kunstar. Da ballen spratt hans veg ved 16-meteren fekk han tak i den og lurte av både ein og to spelarar før han fekk slengt inn den avgjerande avslutninga. Det var ein spissprestasjon verdig 4-0.

Litt seinare i omgangen skulle ein annan tidlegare storscorar, Jarl Åge Vågsholm, vise at han har ein presis fot. Avslutninga frå venstre kant og inn i hjørnet av nota til 5-0 var vakker å sjå på.

Men målfesten var ikkje over der. Ronny Pål Kvalsvik har fire Bergsøy-mål i vår statistikk, men idet han halvvegs brassesparka inn 6-0-målet skulle ein tru at han var fødd til å score mål.

Det var Marius Vangen som ordna assisten ved å klinisk plassere ballen i tverrleggaren, som Ronny Pål raskt kunne slenge seg etter for å ordne kampens siste spiker i kista.

Kjetil Paulsen på midtbana
Kjetil Paulsen tek hand om ballen på midtbana.

Moltu fekk ikkje mange sjansane til å score. Til det var forsvar og keeper for gode. Karl Bjarte Vike er rolegheita sjølv, mens spreke Kjetil Paulsen og Lasse Myrhol ikkje er lette å ha med å gjere på midten for Moltu-spelarane.

Men viktigast av alt var at ikkje mygg og flått skulle vinne. Det viktigaste var å ha det gøy.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.