Nabokrigen mot Hareid
Fotball
Vennskapelige duellar sidan 1953
73 år med kampar mot Hareid
Den første kampen blei spelt i august 1953, serieåpninga for sesongen 1953/1954. Sesongen før hadde Bergsøy debutert i seriespel og tapte kun den første kampen: Det blei opprykk. Med andre ord så hadde Bergsøy tatt serien med storm den første sesongen, og korleis skulle det gå i seriestarten i den andre sesongen?

Link kampreferat: Hareid - Bergsøy 1-6
Bergsøy tok båt frå Fosnavåg til Hareid. Kampen skulle gå kl 16:00. Det blei ikkje finspel, og det lei ein jamn kamp som Bergsøy kunne gå til pause med 1-2 leiing. Men så hadde Bergsøy bedre kondisjon og satte inn fire mål til. På Bergsøy var senterhalgen Jon Ertesvåg (tidligare Hødd) og ytre venstre Peter Sperre (tidligare Herd) gode i kampen.
Det blei ein 1-6 siger borte mot Hareid i den aller første kampen.
Det skulle gå enda verre for Hareid i returkampen som blei spelt i Fosnavåg seint i september. Bergsøy tok ledelsen 3-0 til pause og vann heile 9-1.Link kampreferat: Bergsøy - Hareid 9-1
Sesongen 1954/55
Hareid skulle revansjere seg i den tredje kampen, og vann 1-4 i Fosnavåg sesongen 1954/55. Kampen starta kl 1630 og billettørar var Gerhard Goksøyr, Knut Harsvik, Reidar Pedersen og Idar Skorpen.

Link kampreferat: Bergsøy - Hareid 1-4
Så kom Hareid sin første siger mot Bergsøy gjennom tidene i seriespel. Vi veit ikkje så mykje om kampen. Den blei spelt med avspark kl 16:30 med billettørane Gerhard Goksøyr, Knut Harsvik, Reidar Pedersen og Idar Skorpen. Utifrå bilda ser det ut til å ha vore fint spelevær. Bergsøy stilte med sine grøne overdeler.
Borte mot Hareid i returkampen vann Bergsøy 3-4. Hareid hadde ledelsen i kampen men Bergsøy hadde bedre kondisjon. Dette var ein toppkamp og begge lag sto med 10 poeng etter 7 kampar. Tilslutt denne sesongen så endte både Hareid og Bergsøy med 15 poeng på toppen av tabellen, men Hareid tok 1.plassen på bedre målforskjell. Det blei dermed opprykk til Hareid på Bergsøy si bekostning.

Sesongen 1957/58
Da laga møttest til seriespel igjen hadde det gått nokre år, men Bergsøy viste seg å være sterkare enn sin nabo denne sesongen. Det blei 6-1 siger både heime og borte. For Hareid scora Elvanes på straffespark i Fosnavåg, mens Peter Sperre blant anna hadde ei kjempescoring for Bergsøy.
Kampen som blei spelt på Hareid der hadde heimelaget problemer med å stille lag fordi fleire var på fiske eller i militæret, og det blei ein ny enkel 6-1 siger til Bergsøy. Nok engang var det kondisjonen til Bergsøy som blei gjeldande.Hareid dobbel i 1959/1960
Link kampreferat: Hareid - Bergsøy 6-3
Den tredje sesongen laga møttest i seriespel så tok Hareid og vann for første gang begge kampane. Asbjørn Gjerde scora fire mål i ein 6-3 siger på Hareid, mens senterhalf Øverlid og keeper Brobakk hadde en god kamp.
Kampen i Fosnavåg endte 0-3 og dermed ny siger til Hareid. Bergsøy brende også et straffespark denne kampen. Og den desidert beste spilleren var Hareid sin senterhalf St.Øverlid og målmannen St. Grimstad.
Link til kampreferat: Bergsøy - Hareid 0-3Storscåring i 1960/61
Kampreferat: Bergsøy - Hareid 6-0
Om Asbjørn Gjerde scora fire mål mot Bergsøy sesongen før så skulle ikkje Kolbjørn Wickstrøm gjere det dårligare i kampen mot Hareid i august 1960. Han scora 5 mål, og Bergsøy vann 6-0 etter at Ola Goksøyr satte det siste målet.
Bergsøy vann også returkampen oppe på Hareid med 1-2. Heimelaget tok ledelsen i den første omgangen, men Bergsøy scora to i den andre. Kolbjørn Wickstrøm scora eitt av dei.
Nesten 20 år utan å møtest
Vi skal ikkje gå gjennom alle 61 kampane som har vore sidan 1953, det blir litt voldsomt. Men vi kan nemne nokre namn og hendelser.
1964: Kåre Fjørtoft scora mål mot Bergsøy i en 3-1 siger til Hareid i 1964, og dei rødkledde hadde gode spelarar i Gunnar Skehaug og Einar Elvanes. Hallbjørn Holstad i løparrekka på venstresida var også god.
Og deretter var det kamptørke mellom Bergsøy og Hareid heilt fram til 1982. Det var 18 år uten å møtast i seriespel. Bergsøy hadde sin tidenes høgste sesong i divisjonssystemet året før i 1981 da dei var oppe i 2.divisjon (nest høgste nivået) over både Hødd og Ålesund.
1982: Og Bergsøy hadde en tung sesongstart i 1982. Det var gått 29 år sidan klubbane møttest for første gang, men no kom den første uavgjorte kampen. Geir Holstad satte inn 1-0 etter 58 minutt mens Fred Frantzen ordna uavgjort etter 65. minutt. Ivan Myklebust hadde ei redning på streken, mens Tonny Pettersen hadde sin beste kamp i Bergsøydrakta til den tid.
Og publikum var heile 1140 betalande på tribuna. Det er det meste vi har notert i en kamp mellom Bergsøy og Hareid.
Kampreferat: Hareid - Bergsøy 1-1
I Fosnavåg september 1982 vann Bergsøy 2-1 etter mål fra Knut Igesund og Fred Frantzen. For Hareid scora Leif Arne Grimstad. Bergsøy hadde på dette tidspunktet 10 kampar på rad utan tap.Kampreferat: Bergsøy - Hareid 2-1
1983: Om Laga venta nesten 30 år på den først euavgjorten så kom det snart fleire. Denne seosngen spelte laga uavgjort i begge kampane. 0-0 i Fosnavåg og 1-1 på Hareid. Arve Holstad og Trond Paulsen var målscorere i oppgjera denne seosngen.
Resten av 1980-tallet
I 1984 scora blant anna Einar Magne Skeide for Hareid idet Bergsøy vann 3-1 i Fosnavåg, mens Harald Riise, Tom Fredrikson (2) og Magnus Holstad var målscorere da Hareid vann 4-1 på heimebane. Fred Frantzen scora trøstemålet. Bergsøy gjekk på eit nytt nedrykk denne sesongen.
1989: Neste gang Bergsøy og hareid møtes til kamp er i cupen i 1989. Det blei 3-0 siger til Bergsøy.I det 52.minuttet var det klart for 1-0 da Endre Tjervåg dro seg fri på venstrekanten og la inn foran mål og Henning Solem satte den i buret. Bergsøy fortsatte å presse, og satte inn 2-0 etter 65.minutt da Endre Tjervåg knalla inn fra 12-13 meters hald via tverleggeren. Ti minutt før slutt var det klart for 3-0 da Endre Tjervåg nok engong fekk lagt inn fra venstre, og en udekka Nils Roger Paulsen kunne skubbe ballen over streken.
Bergsøy har møtt Hareid tre gangar i cupsamanheng og vunne alle tre gangane. I 1989 (3-0), 1997 (4-1) og i 2011 (5-3).
Vi hoppar fram i tid
Kenneth Moldskred blir matchvinnar i ein 1-0 kamp i Fosnavåg i 1996. Hareid sin trenar Inge Gjerde kallar det et ran.
I 1997 får Trond Moldskred rødt kort idet Bergsøy vinner 4-0 i Fosnavåg etter at Arve leine, Rune Frantsen, Lars Ove Almestad og Frode Myrhol ordna måla.
I 1998 får Espen Akernik rødt kort for Hareid idet Oddmund Vaagsholm blir matchvinnar i en 1-0 kamp på Bergsøy Stadion mens Karl Bjarte Vike og Nils Roger Paulsen ordna måla i 0-2 sigeren på Hareid på haustkampen.
I 2001 er det historikk.com sin tur å spele mot hareid, men skotet frå nettsida sin redaktør blei redda av keeper før Roy Igesund satte inn returen. Vidar Langva scora for Hareid og kampen endte 1-1. I returkampen på Hareid var det Remi Helleseth som satte inn sluttresultatet 1-0. Remi er ein av spelarane som har spelt for begge lag.
I 2002 blei historikk.com matchvinnar med 0-1 på Hareid for Bergsøy. Brukte to forsøk på å score. Mens Frank Sverre Skorpen scora hattrick på haustkampen i en 4-2 siger.

Ubesigra nesten 20 år
Frå 2006 sesongen tilogmed 2023 sesongen så spelte laga 18 kampar, og Bergsøy tapte ingen av dei.

15 sigerar - 3 uavgjort - 0 tap.
I 2024 så endte den rekka, og Hareid vann med 4-1 heime og med 3-1 i Fosnavåg. I seesongen 2025 vann Hareid 6-3 heime og spelte 2-2 i Fosnavåg. Før Bergsøy vann med 2-5 på Hareid i mai denne sesongen i 2026.
Statistikk

På 61 kampar har Bergsøy vunnet 36 av dei. Det er ingen andre lag Bergsøy har så mange sigerar mot som mot Hareid.
Det er heller ingen lag Bergsøy har så god målforskjell mot, med 58 plussmål totalt (149-91).
Det mest vanlige resultatet er 2-1 til Bergsøy, det har skjedd 6 kampar (9,8%).
Spelaren som har spelt med mot Hareid er Frank Sverre Skorpen med 23 kampar, mens Daniel Jøsok Kvalsvik har spelt 12 kampar. Dei har prestert å score like mange mål mot Hareid - 9 kvar.
For kvart tiår, så har Bergsøy hatt positiv målforskjell etter kampane mot Hareid. Eller for å seie det på en bedre måte: Bergsøy har vore bedre enn Hareid i alle tiår.

Vi har notert oss flest gule kort til Ruben Kenneth Brandal i desse oppgjera, med 4 gule kort, men Lars Conradi Andersen står med 3 og har opplevd også to røde kort i desse kampane.
For Hareid har jamens Sjåstad scora 6 mål mot Bergsøy, mens Kim Tore Husøy har scora 5.
Foran denne kampen
Bergsøy vann 4 kampar på rad før dei gjekk på en smell mot Ørsta som kanskje kan bli en siger etter protest. Hareid har 9 kampar uten å tape og er i enda bedre form. James Sjåstad har 8 mål på 10 kampar. Erlend Skeide har 10 mål på 22 kampar. Når det gjeld Bergsøy så er Enrique Crespo toppscorer med 11 mål.
Om Bergsøy vinner fram med sin protest så er begge laga på 33 poeng.
