Mykje å spele for
Handball
Det handlar fortsatt om å behalde plassen
10 første kampane
Bergsøy har no spelt 10 kampar i Eliteserien. Sine 10 første kampar på dette nivået nokongong, og det har vore nokre tøffe opplevelsar innimellom. Dette var vi sjølvsagt litt forberedt på. Bergsøy er Askeladden i Eliteserien, underdogen som har alt å bevise.
Heime mot Follo i sist heimekamp var det snakk om millimetere frå en seier, men det blei tap med ett mål. Eliteserien kan være brutal. Spessielt ettersom dette var det nærmaste Bergsøy har vore ein heimesiger hittil. I heimekampane tidligare hadde det blitt 9 målstap mot Arendal, 15 målstap mot Elverum, 3 målstap mot Sandefjord, og 10 målstap mot Kolstad.

Veldig gode lag alle sammen sjølvsagt. Men i snitt har Bergsøy tapt med over 6 mål. Noko positivt er at første 5 kampane hadde Bergsøy 33,6 mål imot pr kamp og en målforskjell pr kamp på -7,6 mens dei fem siste har hatt 29,8 imot pr kamp og en målforskjell på -4,8 pr kamp. Altså ei defansiv forbedring på nesten fire mindre baklengs pr kamp. Og ikkje minst, at laget vann mot Sandnes.
Utfordringa er at det også har gått ut over det offansive. Etter sigeren mot Sandnes i den sjette kampen så var snittet på 27,33 mål pr kamp, men så har snittet falle kamp for kamp sidan det. Siste fire kampane har målsnittet vore 22,75 og noko som tilsvarer en nedgong på over 16 prosent i målproduksjonen.

Det har vore fem spelarar som har stått for det meste av måla til Bergsøy. Petter Eikrem (65), Philip Haga (38), Kristoffer Rosenkilde (34), Ruben Meder (31) og Pauli Høj (26). Desse står for over 75% av Bergsøy sine mål i Eliteserien hittil.
Petter Eikrem har scora 8 mål i kvar av sine tre siste kampar mens resten av laget har i snitt stått for 14 mål. Det vil seie at Eikrem har stått for over 36 % av Bergsøy sine mål dei tre siste seriekampane. Det seier litt kor viktig Eikrem er for Bergsøy, men et lag er ikkje berre målscorarane. Rosenkilde har blant anna nesten like mange målpoeng som Eikrem.

Rosenkilde var veldig god i dei to kampane der Bergsøy scora mest. Da Bergsøy scora 36 mot Sandefjord hadde han 6 mål og 8 assist, og da Bergsøy scora 34 mot Sandnes hadde han 6 mål og 11 assist. Totalt altså har Petter Eikrem 91 målpoeng og Kristoffer Rosenkilde 89 målpoeng. To forskjellige målprofilar, men begge ganske viktige for Bergsøy. Og Ovi Lützen har 29 assist og er også viktig i det offansive.

Skuddstatistikken viser at Bergsøy har hatt omtrent like mange avsluttningar heile vegen, men at det har blitt litt mindre prosent uttelling siste fire kampane. Om Bergsøy hadde hatt samme skuddprosenten dei fire siste kampane som dei hadde i dei 6 fyrste så hadde dei scora 26,3 mål istadenfor 22,75. Mot Follo kunne det betydd forskjellen på 0 og 2 poeng, for det var kampen med dårligast uttelling for Bergsøy denne sesongen.

Fordelinga av målansvaret
Om vi skal sjå litt individuelt på det. Rosenkilde som har gått frå 8,17 avsluttningar pr kamp dei første 6 kampane til berre 3,25 i dei fire siste kampane. Og Eikrem har kompansert noko av dette med at han har hatt fleire avsluttningar. Samtidig scora Emil Raknes 17 mål første seks kampane og står med to mål dei siste fire, mens Høj hadde 8 mål mot Arendal men har scora 4 mål i dei tre siste kampane tilsammen.
Dette kan hørest ut som kritikk, men det er ikkje meininga. Taktikk og spelestil kan være noko av svaret. Bergsøy har to gode kantspelarar der Raknes berre er 7 mål frå å tangere Evaldas Grieze som tidenes toppscorar i Bergsøy med 956 mål på toppscorarlista. Det handlar om å finne ut om det er mulig å få utnytta meir målpotensialet i dei spelarane vi veit har det i seg. Bergsøy har spelarar med mål i seg, og å få potensialet ut av dei vil være viktig utover i sesongen. Raknes sin beste målprestasjon denne sesongen var i serieåpninga mot Kolstad der han scora 5 mål.Kampen mot Sandnes
Bergsøy har en siger i Eliteserien hittil. Den kom borte mot Sandnes som foreløbig ligg på sisteplass i Eliteserien med 0 poeng. Bergsøy hadde ni forskjellige målscorarar i den kampen, mens Rosenkilde, Eikrem og Lutsen sto for alle assistane.
Men dette var ikkje berre en siger, det var et viktig steg i håp om å halde seg i Eliteserien. Ser vi på statistikken mellom Bergsøy og Sandnes så er det ganske jamnt. Bergsøy har minus 62 mål og Sandnes minus 60. Som betyr at om vi tek vekk kampen laga hadde mot kvarandre så har faktisk Sandnes best målforskjell.
Men det er altså berre ett lag som rykk direkte ned frå Eliteserien, og der har Bergsøy et psykologisk overtak. Først ved å slå dei i cupen, deretter i serien.
Drammen var laget rett framfor Bergsøy på tabellen, men det blei eit nimålstap igår. Dermed har sesongen hittil utvikla seg nesten til at noko av det viktigaste kvar runde er at Sandnes ikkje tek poeng. Sålenge Sandnes fortsetter å tape, så vil Bergsøy unngå direkte nedrykk. Så enkelt er det.
Seinast igår tapte Sandnes berre med to mål mot Kolstad. Med tre minutt igjen av kampen var stillinga 26-26, og det var uavgjort da det var berre litt over ett minutt igjen. Det er en sterk prestasjon, og viser at Sandnes ikkje kan avskrivast.
Det er nesten skremande kor like Bergsøy og Sandnes har vore denne sesongen reint resultatmessig. Bergsøy har scora 255 mål, medan Sandnes har scora 252. Bergsøy har sloppe inn 317 mål, medan Sandnes har sloppe inn 312. Begge laga har tapt tre kampar med fire mål eller mindre.
Det er altså berre tre scora mål og fem innslopne mål som skil dei etter ti seriekampar. Det som verkeleg skil dei på tabellen, er rett og slett kampen der Bergsøy vann mot Sandnes.
Og 3.mars møtast Bergsøy og Sandnes på REM Arena. Vi håper sjølvsagt Bergsøy kan ha økt avstanden frå Sandnes innen den tid, men viss ikkje så kan den datoen bli en skikkelig thriller i kampen for overlevelse på det høgste nivået.
Joda, det har blitt endel tap. Men det er fortsatt veldig mykje å spele for. Ett lag går direkte ned, og nokre lag må ut i kvalifisering.
