Toppsprintaren Aham Okeke tok turen til Herøyhallen og gav unge Bergsøy-utøvarar ei treningsøkt utanom det vanlege. Både fotballspelarar og friidrettsutøvarar fekk lære av Noregs raskaste mann.
Dei hadde sikkert ønskt at kvelden skulle vare lenger. Gutelaga og friidrettsutøvarane til Bergsøy fekk ein heil kveld saman med toppsprinteren og Noregs raskaste mann, Aham Okeke, i Herøyhallen.
Tilbake i Herøyhallen
Det var ikkje lenge sidan sprinteren hadde vore på besøk sist. Den gongen likte han seg så godt at han gjerne takka ja til å kome tilbake.
Denne gongen var det ikkje berre friidrettsgruppa som fekk trene saman med Okeke. Også Bergsøy sine gutelag i fotball fekk vere med.
Fart i beina er viktig også på fotballbana. Teknikk åleine er ikkje alltid nok.
Lærte bort sprintteknikk
Aham Okeke hadde mykje å lære bort. Gode treningsmetodar for reaksjonsevne, stegteknikk og spenst var blant det han hadde å bidra med denne kvelden.
Sprinteren fauk bokstavleg talt rundt i Herøyhallen og verka å ha utømmelege energikjelder å ta av.
For elevane hans blei det ei krevjande, men spennande og lærerik treningsøkt. Fleire kunne nok kjenne økta både her og der i kroppen etterpå.
Farten imponerte
Då Okeke sjølv demonstrerte løpeteknikken sin over diagonalen i hallen, gjekk det styggfort.
Det kunne nesten vere nok til å ta motet frå kven som helst, men bak farten låg det mange år med beinhard trening.
For dei unge og lovande Bergsøy-utøvarane var demonstrasjonen først og fremst noko å bli inspirert av.