Ny styreleiar i Bergsøy Tilbake

Ny styreleiar i Bergsøy

🕒 2018-11-02 00:00
🏷️ Fotball

Lars Conradi Andersen ny styreleiar i Bergsøy.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

På bildet ser vi Geir Johan Bakke gi stafettpinnen vidare med eit godt handtrykk til vår nye styreleiar Lars Conradi Andersen.

Geir Johan Bakke blei takka av som styreleiar under Bergsøy IL Fotball sitt årsmøte tidlegare denne veka.

Bakke har vore styreleiar i 10 år, og i desse åra har klubben tatt store steg både på drift- og anleggssida. Med Fiskarhallen på plass som det siste tilskotet har ein eit komplett anlegg til glede for både små og store i klubben, og Bergsøy Fotball vil takke Geir Johan for hans flotte innsats i klubben.

Vi ønsker også å takke styremedlem Ruth Flø Paulsen, som også valde å gi seg no. Ho har vore med i ei årrekke og lagt ned ein stor innsats for klubben.

Nytt styre

Nyvald styreleiar er Lars Conradi Andersen, og med seg i styret har han:

  • Ronny Pål Kvalsvik – nestleiar
  • Cecilie Zahl – ny
  • Torbjørn Hide
  • Håvard Remøy – ny
  • Lasse Myrhol
  • Rune Frantsen
  • Lisa Mari Dragnes

Vi ønsker styret lykke til i arbeidet med å ivareta det som er status i dag, og ta klubben vidare i utviklinga.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.