Nye signeringar for Bergsøy A-lag Tilbake

Nye signeringar for Bergsøy A-lag

🕒 2017-03-03 00:00
🏷️ Fotball

Roar Amundsen, Petter Aasen og Jake Knight er klare for spel i Bergsøy.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Klubben er veldig glad for at Roar Amundsen, Petter Aasen og Jake Knight er klare for spel i Bergsøy.

Petter Aasen

Petter Aasen er keeper og kjem frå Ørsta. Han har i fleire år vore førstekeeper i Volda, og har også spelt på Ørsta A-lag.

Petter Aasen spelte også i Nest-Sotra i 2012, då laget rykte opp frå 2. divisjon. Året etter vende Petter tilbake til Volda.

Ein veldig god keeper som har mange sterke kvalitetar. Han er svært dyktig spesielt i fotarbeidet, men også ein sterk keeper i éin-mot-éin-situasjonar.

Vi har no tre keeperar i stallen av veldig høg kvalitet. Det gir god konkurranse på trening også.

Roar Amundsen

Roar Amundsen er midtbanespelar og kjem frå Lillehammer. Han starta som lærar på idrettslinja i Ulsteinvik i fjor.

Han har også vore på prøvespel i Hødd i tre veker. Roar trente med oss i to veker før det.

Denne signeringa er viktig for oss fordi dette er ein spelar med eit veldig høgt nivå. Han fekk eit tilbod frå Hødd, men valde oss.

Roar har tidlegare spelt for klubbar som Lillehammer, Eik-Tønsberg og Ready, samt 2–3 kampar for Hareid hausten før.

Roar spelar på midtbana og er ein veldig kreativ og teknisk spelar. Ein energisk offensiv spelar. Han har blitt veldig imponert over klubben vår og ser fram til å bidra på A-laget.

Vi er ikkje i tvil om at dette vil bli ein av dei beste spelarane i 4. divisjon.

Dette er to fantastiske signeringar som vil gi oss eit kraftig løft i laget.

Jake Knight

I 2016 kom også Jake Knight tilbake til Bergsøy. Først for å jobbe som trenar for vårt nye damelag. Han har no også signert A-kontrakt som spelar.

Sist Jake var i Bergsøy blei han kåra til årets spelar på A-laget som keeper. Dette var i 2013-sesongen.

Jake har tidlegare spelt i klubbar som Borehamwood FC, Northwood FC og Stevenage FC.

Han har imponert veldig på trening hittil. Han er ein veldig komplett keeper med få svakheiter. Klubben er veldig glad for å ha Jake tilbake i A-stallen.

Toni Sandanger om signeringane

Vi er veldig fornøgde med å ha på plass desse signeringane. Dette er tre spelarar som hevar nivået på A-laget.

A-laget har no ein ganske slagkraftig stall med ein miks av unge, svoltne spelarar og etablerte spelarar med erfaring frå høgt nivå.

Vi jobbar fortsatt med å styrke stallen og moglegheita for å bli betre heile tida. A-laget trener fortsatt fem gongar i veka, og per dags dato ser det ut som vi går ein spennande sesong i møte.

Veldig fornøgd med det gutta viser på trening og i kamp hittil. Må også gi våre unge gutar som vi har i stallen masse skryt, for dei viser flott framgang.

Toni Sandanger
Trykk for å gi saka ein tommel opp.