Rutine mot ungdom då Bergsøy B møtte guttelaget til internkamp i Fiskerhallen.
Torsdag 15. november 2018 · Fiskerhallen
Det var varsla at Guttelaget – dei unge og spreke, veltrente og velstelte – skulle ha seg ei enkel treningsøkt mot dei litt eldre denne dagen.
Dei eldre, der mange nærmar seg 40 og nokre har passert 40 år. Passert den alderen at augene startar å svikte, og beina ikkje alltid lystrer dei ordrene dei skal. Ein del av spelarane har vakse opp med Huldalen grus som sin heim, og no skulle dei møte topptrent ungdom flaska opp på kunstgrasgranulat.
Kva kunne vel gå gale for det framadstormande guttelaget?
Som bestilt tok guttelaget leiinga 1-0. Og latteren frå sidelinja var ikkje til å ta feil av; dette skulle bli enkelt. Men det skulle snart gå frå smil til fortviling for gutane, som fekk oppleve ei oppvisning i rutine og større kroppsmasse i bevegelse.
Når Vidar Remøy som ei blanding av Gøran Sørloth og John Carew får ballen under kontroll, så blei guttespelarane som maur klatrande på eit eiketre utan å finne fram. Nikolai Hasfjord tok sine løp som Øyvind Leonhardsen berre kunne drøyme om å ta, og Lasse Myrhol dirigerte troppene med presisjon som Ole Einar Bjørndalen aldri har vore i nærleiken av å oppleve.
Dei som ikkje såg det, dei får høyre om det. At Øyvind «Maldini» Paulsen kom oppover på løp frå venstreback, og slo ein ball så silkemykt at ingen puter på Kid Interiør kan matche det.
Ballens svevde i lufta som ein elegant fossekall som nettopp hadde funne meininga med livet. Og i enden av regnbogen kom Marius «Gazza» Vangen som ein målscorar av rang ofte gjer, nemleg med berre éin tanke i hovudet. Eit hovudstøyt som lét publikum stå og måpe og keeperen stå og gråte.
Og dette var berre eitt av fleire som kom på løpebandet den første omgangen.
Alexander Teige og keeper Rafael Cervantes tok seg av det meste som kom mot dei. Unntatt baklengsmåla, men det snakkar vi ikkje om.
Det var i dei aller fleste tilfelle ei oppvisning i fotballkunst av heile B-laget, viss vi får lov til å overdrive litt. Og det har vi lov til.
Når Jan Ove «The Tank» Hansen ryddar på midtbana så står lynet stille, det er gammalt jungelord. Og slik kunne det verke sett frå vår subjektive vinkel, at guttespelarane var paffe av B-laget sin briljans og eleganse idet klikk-klakk-spelet førte til stadig fleire mål.
Vi må få legge til at Pijus Marcinkevicius, den utrettelige løpsmaskina, var som ein gjeterhund som på beste vis prøvde å samle resten av troppene til krig.
Han viste glimt av kvifor han blei kåra til Årets Bergsøyspelar 2018, ein bragd i hans alder. Han var guttelaget sin dominerande skikkelse, og kanskje kampens beste spelar viss vi for ein gongs skuld tek på dei objektive brillene.
Og det var fleire som gjorde forskjellige ting bra, som keeperen som avverga alle tre lobbeforsøka til Steffen Kvalsund. Friskare bein hadde Rafael Cervantes, som i andre omgang spelte på midtbana. Men det blei litt Hawaii til tider etter pause, sjølv om sigeren til B-laget aldri var trua.
Både Vidar Remøy og Øyvind Paulsen scora på headingar frå corner, i tillegg til Marius sitt hovudstøyt. Det viste seg at B-laget si større fysiske tilstadevering utgjorde ein viss forskjell i feltet.
Lasse Myrhol sin skotfot må guttelaget også hugse på å aldri la kome nærare enn 30 meter frå målet. Då blir ein straffa.
Oppsummering? Det blei ein trist dag for dei unge håpefulle, nesten litt for hardt og brutalt på eit vis. Men fotballen er slik nokre gongar, at ein møter overmakta når ein minst ventar det.
Det er berre å lære av. Bite tennene saman og trene vidare. Kanskje, når B-laget sin snittalder passerer 50, så kan revansjekampen spelast.
B-laget
Marius Vangen Kvalsvik, Alexander Teige, Øyvind Paulsen, Anders Helsem Hoff, Lasse Myrhol, Jan Ove Hansen, Nikolai Hasfjord, Rafael Cervantes, Vidar Remøy og Steffen Kvalsund.
Guttelaget
Aron, Christopher, Daniel, Glenn Are, Håvard, Joakim, Johannes, Kristen, Kristoffer, Markus, Pijus, Sander, Tarjei, Teodor og Viljar.