To unike prestasjonar i to ulike idrettar
Vi er inne i ein gullalder for Bergsøy Handball, medan gullalderen i Bergsøy Fotball var tilbake i 1981 – for 45 år sidan. Men kor høgt oppe i Noreg var Bergsøy eigentleg då, samanlikna med no? La oss sjå på tala.
Merk at samanlikninga ikkje er heilt lik. For handballen brukar vi tabellen slik han ser ut akkurat no, etter tre serierundar. For fotballen i 1981 brukar vi sluttabellen etter ferdigspelt sesong.
Handball 2026/27
Bergsøy Handball er i Eliteserien. Etter 3 runder ligg laget på 12.plass. Det vil seie at det berre er 11 lag i Norge som er bedre enn Bergsøy sitt handballag.
Altså: Bergsøy er Norges 12.beste handballag.

Fotball 1981
Bergsøy Fotball spelte i 1981 på nivå 2, som den gongen heitte 2. divisjon. Der var det to avdelingar med 12 lag i kvar, medan 12 lag spelte på øvste nivå i 1. divisjon.
Bergsøy enda på 12.-plass i avdeling B med 14 poeng. Alle dei 11 andre laga i Bergsøy si avdeling enda framfor. I den andre 2. divisjonsavdelinga hadde 10 av 12 lag fleire poeng enn Bergsøy.
Legg vi dei to avdelingane saman for å lage ei uoffisiell nasjonal rangering, får vi 12 lag frå 1. divisjon + 21 lag frå 2. divisjon framfor Bergsøy.
Altså: Bergsøy kan reknast som om lag nummer 34 i norsk herrefotball i 1981.

Høgare enn nokon gong
Det er ikkje meininga her å heve ein prestasjon over ein anna. Samanlikninga viser berre kor høgt dagens handballag faktisk har nådd, og at vi må sette pris på det vi opplever.
Det var en enorm prestasjon i 1981 for Bergsøy å være bedre enn Hødd, Ålesund og alle dei andre lokale laga, samme som det er en enorm prestasjon av Bergsøy idag å være bedre enn alle laga mellom Trondheim og Bergen.
Blant dei store
Å vere så høgt oppe skaper minner. Det betyr kampar mot nokre av dei største klubbane i landet – kampar som får ein heilt eigen plass i klubbhistoria..
Bergsøy sitt fotballag i 1981 møtte lag som Bodø/Glimt, Tromsø, Molde og Sogndal. Det blei minnerike kampar med siger 2-0 mot Molde og 4-1 mot Tromsø. Fotballherrane presterte mot dei store, men måtte nedover i divisjonane igjen etter det eine året der oppe.
Bergsøy Handball møter etablerte norske toppklubbar som Elverum, Kolstad, Drammen, Runar, Nærbø og Bergen. Elverum blei seriemeister i 2025/26, Kolstad vann sluttspelfinalen, medan Runar slo Kolstad i NM-finalen. Dette ER Toppidrett !
Begge prestasjonane er store og unike kvar for seg. Dei som var med i 1981 vil mimre om prestasjonane og at laget Bergsøy hadde den gang besto av lokal ungdom. Bergsøy Handball er ei moderne satsing i en anna skala. Å nå høgt opp i fotball i 1981 var ikkje lett, men å nå høgt opp i handball i 2026 er heller ikkje lett.
Det er to unike historier. To unike prestasjonar. Og to ulike idrettar i to ulike tidsepoker.
Men ein og samme klubb. Heia Bergsøy.