Bergsøy Fotball har starta eit omfattande klubbutviklingsarbeid i samarbeid med Sunnmøre Fotballkrets og NFF.
Det blei eit svært positivt klubbutviklingsmøte på kulturhuset onsdag kveld. Møtet markerte starten på eit arbeid som skal gå føre seg i Bergsøy Fotball det komande året.
Om lag 30 personar møtte fram. Det var ei fin samansetning av representantar frå styret, aktive spelarar, trenarar og lagleiarar på ulike nivå i klubben.
Svein Ove Haugen leiar prosjektet. Han arbeider som klubbutviklar i Sunnmøre Fotballkrets og er tilsett i Norges Fotballforbund.
Målet med arbeidet er å skape klare forbetringar i det verdifulle arbeidet som blir gjort i Bergsøy si fotballgruppe.
A3-prosjektet
Prosjektet heiter «A3» og er den tyngste prosessen NFF køyrer opp mot klubbane på utviklingsområdet.
Rettleiaren frå NFF skal i prosessen vere ein tilretteleggar og hjelpar for klubben. Bergsøy bestemmer sjølv kor høge mål klubben skal setje seg.
Engasjementet og deltakinga på det første møtet tyder på høg aktivitet og eit ønske om å setje fornuftige mål for utviklingsarbeidet.
Fire område
Deltakarane blei delte inn i grupper som skal arbeide vidare med fire hovudområde:
- Sportsleg utvikling
- Kompetanse og organisering
- Haldningar
- Identitet
Det kan også kome fleire arbeidsgrupper til undervegs i prosessen.
Arbeidet held fram
Neste samling er sett til tysdag 18. november. Håpet er at endå fleire då vil ta del i denne verdifulle dugnaden for Bergsøy Fotball.
Referent: Mathias Pettersen