Årets spelarar 2008 Tilbake

Årets spelarar 2008

🕒 2008-10-19 00:00
🏷️ Fotball

Daniel Jøsok Kvalsvik og Susann Sandvik blei kåra til årets spelarar på A-laga for herrar og damer.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Fotballens Dag samla nok ein gong store delar av Bergsøy-familien i Kulturhuset. Eit av høgdepunkta var kåringa av årets spelarar på A-laga for herrar og damer.

Det var full rulle i Kulturhuset, spekka med aktive i alle aldrar, stolte foreldre og trenarar. Som vanleg var det oppstilling på parketten, der alle laga kom marsjerande inn og stilte seg på rad og rekke. Det var liten tvil om at Bergsøy IL var ein stor breiddeklubb.

Under arrangementet blei det også klart kven som var kåra til Årets spelar 2008 på dame- og herresida i fotball.

Daniel Jøsok Kvalsvik


Årets spelarar fekk blomster. Her representert ved Daniel Jøsok Kvalsvik og Thomas Voldsund.


Daniel Jøsok Kvalsvik blei kåra til Årets spelar 2008 på herresida.

Årets komet var nærmast ukjent på A-laget før treningskampane vinteren 2008, men spelte seg raskt inn på laget. Frå midtbaneposisjon scora han ni mål i 4. divisjon.

Han markerte seg med stor stå-på-vilje, mange vunne hovudduellar, viktige scoringar, sterke løp og flott treningsvilje.

Det er faktisk mogleg å bli god i fotball sjølv om ein kjem frå Kvalsvika.


Årets herrespelar 2008: Daniel Jøsok Kvalsvik.


Susann Sandvik

På damesida var det Susann Sandvik som blei kåra til Årets spelar 2008.

Med ro og rutine bidrog ho med stor defensiv tryggleik på laget. Ho hadde vore ein matchvinnar og ein viktig spelar i arbeidet med å ta laget eit steg vidare.


Årets damespelar 2008: Susann Sandvik. Trenar Thomas Voldsund tok imot prisen på vegner av henne.
Trykk for å gi saka ein tommel opp.