José Peralta har skrudd forventningane opp hos håpefulle Bergsøy-supporterar med tre mål på sine to første kampar for klubben.
Beheld 19-åringen scoringsforma ut sesongen, kan det bli vanskeleg å hamle opp med Hugo Vicente sitt lag i kampen om serietittelen i 3. divisjon, avdeling 8.
Bergsøy ønskte i utgangspunktet å forsterke laget med spelarar frå nærområdet.
Vi ville finne spelarar frå vår eigen region.
Hugo Vicente
Bergsøy hadde konkret interesse i seks til åtte spelarar, men fekk berre signert éin av dei, Isak Husøy. Resten takka nei.
Vi fortsetter å jobbe med å få fleire lokale spelarar.
Hugo Vicente
I staden fekk Bergsøy inn hjelp frå utlandet. 17-åringen Jake Knight kom inn frå England for å bidra på keeperplass, medan spanjolen José Peralta (19) kom inn som ei offensiv forsterking.
Peralta var på prøvespel i ei veke før han skreiv under for Bergsøy.
Ein unik spelar
Medan Knight har til gode å vise seg fram i Bergsøy-drakta, har Peralta allereie imponert i to NM-kampar med tre mål.
José er ein litt unik spelar på dette nivået, men han vil trenge litt tid til å venne seg til det fysiske spelet.
Hugo Vicente
Den vesle spanjolen drøymer, som så mange andre, om å spele profesjonell fotball, og bruker Bergsøy som eit utstillingsvindauge.
I Spania er han éin av mange, medan her kan han vise seg meir fram. Og vi trur vi kan hjelpe han med å nå målet sitt.
Hugo Vicente
Vicente trur Peralta vil vere til stor hjelp for Bergsøy også.
Han er ein ganske komplett spelar. Godt skot, god spenst og bra fart.
Hugo Vicente
Eit betre Bergsøy-lag
Året før blei Bergsøy nummer fire i serien. I 2014 var alle laga som hamna framfor Bergsøy på tabellen borte frå avdelinga. Herd rykte opp, medan Brattvåg og Kristiansund 2 hamna i andre avdelingar.
Vicente såg likevel ikkje på Bergsøy som favorittar av den grunn.
Vi vil forbetre oss frå i fjor, og veit kva vi står for. Men det er ein del nye lag i serien vi ikkje kjenner så godt. Etter fem-seks rundar har vi nok ei betre oversikt over kvar vi vil hamne på tabellen.
Hugo Vicente
Bergsøy-trenaren meinte samtidig at årets lag var betre enn laget sesongen før.
Dette er mitt andre år i klubben, så mine idear har blitt våre idear. Og spelarane har blitt meir seriøse. Vi er eit meir komplett lag no.
Hugo Vicente