Per Rune Tødenes tek over som hovudtrenar for Bergsøy, med Gullikk Kjellstadli som hjelpetrenar.
Sportsleg utval har i det siste jobba intensivt for å styrke trenarsida rundt A-laget herre. Det er derfor gledeleg å kunne opplyse om at vi no har fått nye trenarar inn i teamet, fortel dagleg leiar i Bergsøy IL Fotball, Tom Beddari.
Per Rune Tødenes, som har hatt mange trenarverv i Hødd, overtek som hovudtrenar i Bergsøy etter at Rimantas Zvingilas avslutta kontrakten sin med Bergsøy. Gullikk Kjellstadli blir hjelpetrenar.
Etter mykje intern uro etter seriekampen mot Stranda, som enda med 0-2-tap på heimebane, blei forholdet mellom Bergsøy og dåverande trenar Rimantas Zvingilas avslutta.
Kjetil Paulsen overtok som hovudtrenar-vikar og leidde Bergsøy i cupkampen mot Træff – ein kamp som enda med 4-0-tap.
Tødenes tek over
No er det klart at tidlegare trenar i Hødd, Per Rune Tødenes, overtek Bergsøy-skuta – med Gullikk Kjellstadli på høgrehanda. Kaptein Kjetil Paulsen held fram som spelande hjelpetrenar.
Alle avtalane varer ut 2011.
Per Rune Tødenes, som skal fungere som hovudtrenar, har i mange år hatt forskjellige trenaroppgåver i Hødd. Dei siste åra som hovudtrenar for damelaget i 2. divisjon.
Sjølv om han eigentleg hadde tenkt seg eitt friår, blei freistinga for stor då moglegheita for å trene vårt A-lag dukka opp. Han ser på spelarstallen som svært spennande, og med stort potensial, og er meget motivert for oppgåva.
Tom Beddari, dagleg leiar i Bergsøy IL Fotball
Kjellstadli tilbake
Hjelpetrenar Gullikk Kjellstadli er ein kjend mann i Bergsøy.
Gullikk Kjellstadli har etter eitt års pause valt å trå til igjen for Bergsøy. Gullikk har lang trenarerfaring i Bergsøy, og var sist i 2009 hjelpetrenar under Lars Petter Rønnestad.
Han kjenner spelargruppa godt, og vil bli ein viktig brikke i teamet.
Tom Beddari