Artikkel av historikk.com etter initiativ og tips frå Christina Tollås.
Bergsøy United - Idrettsglede for alle.
Begeistring. Trivsel og glede. Mestringsfølelse. En plass for alle.
Starten var i 2015. I juni 2015 var Bergsøy sin klubbleiar Gintaras Savukynas med intervju i Vestlandsnytt om at det var planar om et lag for utviklingshemma.
- "Vi vil starte Bergsøy United for ei gruppe utviklingshemma som per idag er aktive i Hødd. Vi skal tilby litt handballaktivitet i tillegg for dei som bur i området vårt", sa Savukynas den gang.
Det er fleire som fortjener skryt for sine frivillige initiativ og engasjement i oppstarten. Ei gruppe som var samansett av folk frå NFU Herøy Lokallag og nokre frivillige og tilsette innan omsorgsarbeid for utviklingshemma i Herøy Kommune var veldig viktige.
Viktig skulle også ein annan initiativtakar bli - personen som fekk hovudansvaret som trenar for satsinga med å starte opp eit TH-Lag (Tilrettelagt Handball). Stig Vestnes hadde vore trenar for G16 sesongen før han tok fatt på trenaransvaret for Bergsøy United.
Det er no i 2025 10 år sidan. Og for ei utvikling det har vore!
Det var i august 2015 som var starten på eventyret. 15.august muligens, men det er også skrevet at Bergsøy United hadde si første trening måndag 25.august i gymsalen på Borga. I oppstarten var det seks til sju på treningane i gymsalen på "Borga". Kvar mandagskveld var gjengen igang med øvingar. Blant dei første Bergsøy United spelarane var Per Ivar Kleppestrand, Synnøve Kvalsvik, Linn SKorpen, Sigbjørn Myrseth og Thomas Kvalsvik.
-- "Vi har hatt inntil sju utøvarar på trening men har god plass til fleire. Dersom nokon har lyst til å prøve ut handball er dei hjartelig velkomne til oss". (Stig Vestnes desember 2015)
Vi håper på sikt å kunne spele kampar mot andre lag og delta i turneringer" (Stig Vestnes, Januar 2016)
Treningane fortsatte, fleire såg engasjementet og gleda, og fleire spelarar kom til. Trenar Stig Vestnes fekk pris som "Årets ildsjel" i mai 2017, og ein ser også fram mot ny handballbane og andre treningsforhold etterkvart som arbeidet med Einedalen skule går frammover.
Steg 2 : Å spele kamp
I februar 2018 reiste så Bergsøy United til Trivselshagen på Sandane for å spele to kampar. Den første kampen til Bergsøy United blei spelt 11.februar 2018. Aldri før hadde laget stilt opp i kamp, og dei var spente og nærvøse. Kampen mot HU enda med 6-9 mens en kamp mot Florø endte med 11-19.
Bildet: Bergsøy United spelte sine første kampar. Stig Vestnes, Linn Skorpen, Thomas Kvalsvik, Sia Marie Tollås, Per Ivar Kleppestrand, Synnøve Kvalsvik og Sigbjørn Myrseth.
Når vi kjem seinare ut på hausten til september i 2018 så blei Stig Vestnes heidra for lang og tru tjeneste i Bergsøyhandballen, og blei kåra til "Årets begeistrar" av Region Nord. Vi kan nemne vidare "Frivillighetsprisen" i 2022 og at han blei utnemnd til Æresmedlem av Bergsøy i 2024.
Utmerkelsane har ikkje kome utan grunn.
Stig Vestnes har gjennom dei ti første åra til Bergsøy United skapt et miljø fyllt av mestring og glede. Et miljø fleire og fleire gjerne vil være ein del av. Det starta med dei 5-6 første som kom på trening, mens ein i 2025 har passert 20 spelarar. Draumen om å gå frå øvelsar i en liten gymsal på Borga og til å spele kampar, den er forlengst oppnådd.
-"Det gir så mykje tilbake å være trenar for denne gjengen. Det gir meg driv til å halde på. Det er veldig kjekt å få denne utmerkinga, det er ingen tvil at det er kjekt å bli sett pris på. "
(Stig Vestnes, september 2018)
Steg 3: Meir kampar og Turneringar
Etter dei første kampane i februar 2018 kom ei ny stor oppleving i april då laget deltok på sesongavsluttning og Gullhåndballfest i Førde. Ei magisk oppleving for alle som var med. Laurdagskvelden blei feira med gullbankett på Scandic Sunnfjord hotell med god mat, taler, premieutdeling og dans.
Treningar i Borga hadde no blitt erstatta med treningar i Herøyhallen, og ei ny milepæl for laget kom 3.februar 2019. For første gang skulle det bli arrangert Gullserie i Herøyhallen, og det var stor stas å spele foran heimepublikum som heia for kvart mål.
Laget deltok også på Gullhåndballfest i Bergen 23-24 mars i 2019. Laga blei inndelt i "landslag", og dette styrka samhaldet på tvers av feltakarklubbane. Alle fekk kjenne på det å meistre spelet, og ein lykkelig gjeng reiste heim med minne for livet.
Snart blei det også Landsturnering i Stjørdal i september 2019 der ei tropp på fem spelarar, Per Ivar, Synnøve, Julianne, Geir Roger og Sia Marie deltok. Og i 2020 blei også endelig Einedalen skule klar til å nyttast som treningsarena for laget.
Landsturnering er forøvrig ikkje noko liten cup. Det er kjempestas, og Bergsøy United har vore med fleire gongar. I 2019 var sjølvaste Dag Ingebrigtsen på plass med "Forelska i læreren" og heile salen fikk fart på rockefoten. Det blei blant anna 6-3 siger og 8-5 siger mot Bossekop.
I 2023 var 113 lag påmeldt fordelt på 52 håndballag og 61 fotballag. Slike turneringar skapar glede og samhold. Bussturar med gode sjåførar som blant anna Pelle eller Jan Erik Bjørlykke. Pitstop på Vågmo, og ei 900 meter lang parade gjennom Lillehammer av 1675 påmeldte deltakarar. Det har vore korpsmusikk på Sportsplassen, og det har vore mange lykkelige øyeblikk underveis. Å få nye spelardrakter med Bergsøy IL Håndball var ekstra stas for gjengen. Bankett på Håkons Hall, og diskodans til langt på kveld.
Frå 2018 til 2022 gjekk Bergsøy United frå 6 til 16 spelarar. Og gledene har berre økt på. Men det er ikkje mange lag i området å spele mot. Bergsøy United er det einaste håndballtilbudet for funksjonsnedsette mellom Sogn og Fjordane og Kristiansund.
Laget har derfor hatt reiser til Bergen i sør og til Stjørdal i nord, og en har spelt kampar i Trondheim på Kolstad Arena. Men like stort har gleda vore av å halde turneringar på heimebane. I mars 2023 tok laget imot Florø og Skavøypoll i Hjerteligaen i Herøyhallen.
-"Idag har vi endelig fått arrangert Hjerteligaturnering i Herøyhallen. Andre gongen i historia at vi har fått spele på heimebane. Dette er stort for oss. Idrettsglede på det høgste nivå!"
(Stig Vestnes, Mars 2023)
Laget har stadig nådd nye mål.
Frå å samle spelarar til å trene, frå å trene i liten gymsal til å benytte større bane.
Frå å være få - til å være et LAG.
Som spelar kamp. Kampar. Turneringar. Reiser ilag. Skaper minner ilag.
Skape et stabilt, trygt, sunt og innhaldsrikt idrettstilbud for menneske med nedsett funksjonsevne.