Tilbake

Bergsøy mot Bodø

🕒 2026-04-06 00:00
Kamp 450: Bergsøy - Bodø/Glimt (2-3)

Snart 45 år sidan sist storkamp mot Bodø

Trykk for å gi saka ein tommel opp.
Det var en gang for snart 45 år sidan. En solskinnsdag på Bergsøy Stadion. Det var 16.mai og over 2300 mennesker var samla på tribuna.

Det var fjerde serierunde i 2.divisjon. Det nest høgste nivået i divisjonssystemet på den tida. Berre en gang før hadde det vore over 2000 tilskodarar på tribuna, det var mot Tornado året før da det var kanskje 40-50 fleire registrerte tilskodarar.

Det var folkefest.

Det er desse to kampane i fotballhistorien til Bergsøy som var dei to store publikumskampane. Det var heile 600 fleire tilskodarar på desse to kampane enn det var på den tredje største heimekampen, mot Sogndal i serieåpninga i 1981. Og over 1000 fleire enn det var då Bergsøy spelte mot eliteserielaget Kristiansund i 2018 etter å ha slått Ålesund i NM.

Men dette er altså fotball. Og toppen av kransekaka i Bergsøy si fotballhistorie. For fleire bilder frå kampen Bergsøy - Bodø så gå til kampreferatet som ligg på denne sida:

->Kampreferatet Bergsøy - Bodø/Glimt 1981

Handball

No er vi komne til ei anna tid. Bergsøy skal spele mot Bodø igjen snart 45 år seinare, men denne gangen er det handball det handlar om. Og muligheta til å banke inn en ny dato i historiebøkene.

08.04.2026 - Kampen Bodø mot Bergsøy. Bergsøy har 42 poeng. Bodø har 41. Vinnaren vil ha store muligheter for å spele i øverste divisjon neste sesong.

Rema 1000 ligaen. Toppen av Norge. Der vi har Elverum, Kolstad, Bergen, Sandefjord, Drammen og dei andre store norske klubbane.

Bergsøy vil ha gode muligheter også ved uavgjort. Viking kan ende likt i poeng, fordi dei har også 41 poeng når det gjennstår to kampar. Men Bergsøy vil være over på innbyrdes oppgjør. Dei siste kampane ser slik ut:

08.04.2026: Bodø - Bergsøy 08.04.2026: Haslum - Viking 12.04.2026: Bergsøy - Kragerø 12.04.2026: Viking - Melhus 12.04.2026: Charlottenlund - Bodø

To kampar altså. Får Bergsøy minst en uavgjort mot Bodø, så vil dei være i Eliteserie med siger heime mot Kragerø. Blir det siger til Bodø mot Bergsøy på Onsdag, så må en håpe på hjelp frå andre lag.

Eventuell Kvalik

Så langt skal vi ikkje sjå. Men om Bergsøy endar på 2.plass eller 3.plass så er altså ikkje håpet om Eliteserie ute - fordi då blir det kvalik-kampar for opprykk mot Follo, Sandnes, Halden eller Bækkelaget som pr idag ligger sist i det som heiter Rema 1000 ligaen.

Slik vi forstår det så er kvalik best av 3 kampar, der regelen er først til 2 sigrar.

Ifjor spelte Bækkelaget mot Viking i kvalik, og Follo møtte Melhus. Bækkelaget vann 2 gangar mot Viking og beholdt plassen i Rema 1000. Follo vann også to gangar mot Melhus. Det blei aldri nødvendig med en kamp nummer 3.

Så Eliteserielaga er ikkje lette å slå. Og det er stor sjanse for å møte lag som har vore i en slik situasjon før sidan både Bækkelaget og Follo er i risikosone til å ende der også iår.

Ny Folkefest

Ok. Så det blir ikkje over 2300 tilskodarar når Bergsøy spelar heime mot Kragerø komande søndag. MEN: Stemninga den kjem til å bli stor. Uansett

Fordi det er utsolgt. 10 dagar før kampen skal spelar var det utsolgt. Klubben har sendt ut epost i håp om at folk på venteliste kan få sleppe inn, sånn i tilfelle personar med sesongkort kanskje ikkje kjem på kamp.

Kor mange det er plass til er eg usikker på, men i 2023 var det 450 i kamp mot Kolstad2. Det er den registrerte rekorden vi har notert oss i nyare tid, og så har det vore 444 mot Nøtterøy i 2024 og 437 mot Fyllingen. Så var det 412 mot Charlottenlund no sist.

Det er faktisk mulig at Bergsøy kjem til denne kampen med sikra Eliteserieplass. Om Bergsøy vinner og Viking roter det til. Det skal litt til. Men det er lov å håpe. Det vi håper på som valg 2 er at Bergsøy kan gå til Eliteserie med seier mot Kragerø. Men i verste fall, så blir det feiring av en rå sesong som ender med at laget seinare skal ut i kvalifiseringskampar mot Eliteserielag.

Og det er rått det også. Historiske kampar er i vente uansett. Og igjen så er et lag frå Bodø innvolvert.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.