Kven har vore flest år A-trenar for Bergsøy, om det er handball eller fotball, herrer eller damer? Kven har best statistikk? No er det mulig å finne ut meir av dette på vår nye Trenarside.
Statistikk på 93 trenarar
Foreløbige i vårt system kan du finne statistikken til 93 trenarar som totalt har 151 årsverk og vore trenar for 3444 Bergsøykampar.
Joda, det er nokre sesongar vi kanskje manglar info om når det gjelder damefotball, og kanskje nokre få hol i damehandball muligens, men dei aller fleste sesongar er på plass, herrefotball er som vanlig komplett.
Men statistikken seier no som følger:
Trenaren med flest kampar
Tor Sindre Steinsvik toppar listene som Bergsøytrenar, han har hatt eit A-lag i Bergsøy i heile 382 seriekampar.
Neste på lista er Rikard Moe i 207 A-kampar. Begge desse har hatt handball både dame og herrelag.
3.plass: Bjørn Prytz 178 kampar
4.plass: Tom Beddari 168 kampar
5.plass: Bjarne Pettersen 143 kampar
Bergsøytrenar med flest sigrar
Tor Sindre Steinsvik har leda eit Bergsøy A-lag til 176 sigrar. Tom Beddari er nr 2 på lista med 88 sigrar.
Fotball Herrer
Isolert sett om vi ser på berre Fotball Herrer, så er det Tom Beddari som har opplevd å vinne mest som fotballtrenar ifølge vår statistikk. Han har 88 sigrar som fotballtrenar for A-laget. Nestemann på lista er Bjørn Prytz med 81 og Lars Petter Rønnestad med 72 sigrar.
Bjørn Prytzz er trenaren som har trent A-laget lengst: 9 sesongar
Tom Beddari står med 8 sesongar
Fotball Damer
Her manglar som nemnt nokre tabellar, så statistikken vil nok forandre seg etterkvart som vi får forska litt på dette.
Konstanse Torgersen står med 22 sigrar som A-lagstrenar foran Gudmund Hopen og Sigmund Nymark sine 15.
Gudmund, Konstanse og Thomas Voldsund står alle 3 oppført med 4 sesongar som A-trenar. Sigmund Nymark toppar lista når det gjeld snittpoeng pr kamp foran Ole Andreas Skår.
Handball Herrer
Tor SIndre Steinsvik er her i ei eiga klasse med heile 69 sigrar som A-trenar foran Gintaras Savukynas som har 32 sigrar og Jørn Remøy sine 26. Men det er mange måter å rangere resultat på, for John Larsen og Stig Vestnes toppar begge lista om en ser på snittoeng pr kamp, og dei har 1,75 poeng pr kamp.
Tor Sindre Steinsvik har vore A-trenar i 10 sesongar, foran Rikard Moe sine 5.
Handball Damer
Igjen er det Tor Sindre Steinsvik som kronar øverst på "flest sigrar" lista med sine 107 sigrar. Så er det Bjarne PEttersen med 66 og Rikard Moe med 50.
Tor Sindre Steinsvik står oppført med 12 sesongar som trenar for damelaget og Bjarne Pettersen med 8 sesongar.
Om statistikken
På vår nye trenarside kan du velge mellom nettopp Fotball Herrer, Fotball Damer, Handball Herrer eller Handball Damer. Du kan sortere trenere og statistikken kronologisk, etter poeng, etter snittpoeng, etter sigrar, eller etter kor mange år dei har vore trenar.
Du kan også trykke på namna til trenarane for å sjå meir samla statistikken til kvar enkelt trenar, for å få oversikt over kva år dei trente og kva statistikken er.
Link til sida:
Trenarsida