Utan dugnadsånd hadde det ikkje vore mykje Bergsøy, og litt ekstra tak blir det ofte før seriestart.
Det var 25. januar vi hadde nyheita om at nettstolpane blei skada, men no har dette blitt ordna gjennom god dugnadsånd.
Netta har i lengre tid vore på halv åtte etter at det var storm i januar, men no vil dei gjere det dei var meint å gjere: stå loddrett opp frå bakken og hindre at ballane flyg dit kråkene bur.
Dugnad på anlegget
Her er nokre bilde frå arbeidet med å få nett og stolpar på plass igjen.
A-laget på steindugnad
Fleire dugnadar har det også vore, og A-laget hadde ein dugnad sist laurdag.
Det var steinplukking og steinkasting for Go-Cart-klubben som held til på Leikongeidet. Fleire kjende det godt i armane etter denne dugnaden.
Seriestart mot Ørskog
Torsdag klokka 19.00 ventar Ørskog på Bergsøy kunstgras i årets seriestart.
To av dei nye som har forsterka laget, Knut Erik Håheim og Steffen Ulbæk, er uaktuelle til torsdagens seriestart. Uaktuelle er også Gustav Pettersen og Dag Gøran Brandal grunna suspensjon.
Vi håper derfor at laget får utnytta den store breidda i stallen og at dette vil slå positivt ut. Ørskog er eit godt lag.
Mykje kan tyde på at Daniel Jøsok vil få sin første obligatoriske A-kamp på sentral midtbane. 1991-modellen har kome inn i A-lagsgruppa som eit skot denne pre-season og tilfører laget blant anna god aggressivitet og vilje.
Det kan laget trenge mot Ørskog. Det er viktig å kome godt ut av startgropa dersom ein skal klare ambisjonane om opprykk.
Ørskog si heimeside har lagt ut spelarane dei meiner vil starte mot Bergsøy i ein 5-4-1-formasjon. Laget er ifølge Norborg.com svært aggressivt, fysisk og godt på kontringar.
Vi kjenner laget litt frå året før, og beskrivingane kan nok stemme også på årets lag. Tilsvarande kamp i 2007 enda 1-1.
Norborg tippar Bergsøy på topp
Vi las i Vestlandsnytt at Åram meinte BIL kunne gå gjennom 4. divisjon utan å tape. Vi tenkte for oss sjølve at det var voldsomt optimistisk, sjølv om det ikkje er så altfor mange år sidan Bergsøy gjekk gjennom ein heil sesong i 3. divisjon utan å tape – i 2002.
No er det Norborg.com som er optimistiske på Bergsøy sine vegner, og meiner vi kjem på 1. plass framfor Stranda og Ørsta.
Vi takkar Norborg.com for at dei har tru på oss. Denne gongen klarte vi ikkje å halde oss – vi «måtte stjele» det Norborg skreiv for å vise det til våre lesarar. Dette slik at vi har det bevart, så får heller Norborg.com stjele frå oss seinare.