Ett mål ifrå igjen
Handball
I Glenn Solberg sin Bergsøydebut
Det var 399 tilskodarar på plass da Glenn Solberg blei presantert som ny Bergsøytrenar til denne kampen mot Kristiansand, og Bergsøy gjekk ut i hundre og ville virkelig vise seg fram for sin nye trenar. Rett og slett var det mykje bra i denne kampen.
Ta foreksempel det vi sa etter sist kamp, om å få ut meir av det offansive potensialet til laget. Rosenkilde hadde siste 6 kampane berre 3,25 avsluttningar i snitt, mens kantspelarane også har meir målpotensiale i seg som må utnyttast. Denne kampen var veldig mykje av dette på plass.
Mange Bergsøyspelarar hadde blant sine beste kampar i Bergsøydrakta både når det gjaldt mål og assist.
Rosenkilde scora 7 mål, altså dobbelt så mange mål som han siste kampane har hatt skudd. Og kantspelarane våre forbedra seg også i målstatistikken i forhold til siste kampane og sto for tilsammen 8 mål i denne kampen.
Rosenkilde sine 7 mål er tangering av sin egen rekord i Bergsøydrakta fra bortekampen mot Nærbø i september da han også scora 7 mål.

Offansivt var det gnist igjen, og den gnisten tenner også publikum. I nokre kampar har Bergsøy brukt ganske lang tid på å bygge opp angrepa, og dratt ned endel tempo. Det såg vi ikkje her, her var det pang fra start av. Bergsøy scora tidlig og sprang på med energi. Til sammenligning har vi tidligare sett heimekampar der Bergsøy har brukt mange minutt på å score mål.
Ovi Lützen sine 6 assist er også det meste han har hatt i Bergsøydrakta.
Legg til at Petter Eikrem fortsatte si gode form og scora 12 mål, som er det nest beste han har gjort i Bergsøydrakta på sine hittil 98 kampar i vår statistikk, ett mål bak rekorden på 13 som han gjorde i desember for ett år sidan mot Charlottenlund.
Og dermed scora Bergsøy 34 mål denne kampen. Det er det nest meste Bergsøy har scora i Eliteserien. Mest kom i heimetapet 36-39 mot Sandefjord, mens Bergsøy også scora 34 borte mot Sandnes i 28-34 sigeren.

Petter Eikrem var rett og slett enorm igjen, det må vi få lov å seie. Han kasta seg inn i feltet og vann sjølv fleire av dei straffene han sjølv satte imål. 5 straffemål denne kampen det er like mange som rekorden - 5 straffemål i september mot Sandefjord.
Petter har dermed 30 straffemål denne sesongen registrert for Bergsøy i våre tall, av dei 99 måla (cup og serie) hittil. Det betyr at ca 30% av måla hans kjem frå straffemerket denne sesongen. Mot 11% ifjor. Han er jo vår nye straffespesialist denne sesongen. Men sjølv om fem straffemål av fem forsøk er kjempebra og alle mål er viktige, så sit vi mest igjen med inntrykket at spelemåla han bidreg med er av enda høgare klasse. Og det seier kanskje litt om forma til Petter Eikrem om dagen. Han var ikkje heilt fornøgd med uttellinga - men samtidig er det altså berre en kamp tidligare han har scora fleire mål.
Petter Eikrem blei fortjent kåra til Dagens beste Bergsøyspelar. 12 mål, 5 assist og altså 17 målpoeng tilsammen. Kristoffer Rosenkilde hadde 7 mål og 7 assist og 14 målpoeng. Ove Lutzen hadde 3 mål og 6 assist og dermed 9 målpoeng. Pauli Høy hadde 6 mål.
Det gir en tabell som hittil denne sesongen ser slik ut når det gjeld målpoeng:
I serien har Petter Eikrem 108 målpoeng (77 mål + 31 assist) mens Kristoffer Rosenkilde har 103 målpoeng (41 mål + 62 assist).
Debuten til Glenn Solberg
Som han sa sjølv, så er det begrensa kva en kan finne på i løpet av 48 timar, men dette var en god kamp av Bergsøy der det igjen for andre heimekamp på rad blei en litt bitter slutt med eit ettmåls tap. Grunnen til tapet denne gangen var som Solberg sa, at laget hadde en for dårlig start på den andre omgangen.

Og som vi kjenner til frå tidligare kampar så skal det gjerne ikkje meir til enn ei litt kort dårlig periode før det straffar seg hardt på dette nivået. Da blei det igjen nesten. Men denne gangen var det også litt frustrasjon mot dommarane såg det ut som, der Bergsøy ikkje var einige i kva som blei dømt.
6 gangar blei det 2 minutts utvisning, og det er litt mykje. Kristiansand fekk 4 utvisningar.

Eg synes iallfall det var mykje bra i denne kampen, en god positiv energi. Å ha Glenn Solberg på sidelinja gir nok spelarane ein ekstra boost, og kjekt var det også å sjå Gintaras på tribuna.
Vi er mange som heiar på spelarane, trenarane og laget. Og vi luktar poenga. Det var veldig nærme denne gangen igjen.
Av andre notatar i vår statistikk:Emil Raknes (951mål) er no berre 5 mål bak Evaldas Grieze (956) på Bergsøy si toppscorarliste gjennom tidene.
Petter EIkrem er på 9.plass på den samme lista med 541 mål, har passert Jan Erik Myrseth sine 517 og er på vei mot Per Frøystad sine 579 mål.
Sjølv om Petter Eikrem no har scora endel straffemål er han med sine 69 registrerte straffer fortsatt bak Emil Raknes sine 188 registrerte og Markus Buchardt sine 120 registrerte straffemål.
Petter Eikrem har 225 registrerte assist, og toppar med det vår assist-liste. Passerte idag Markus buchardt sine 223, mens Kristoffer Rosenkilde har 171 totalt. Merk at denne statistikken berre har vore oppe og går siste åra, og at spelarar fra mange år tilbake ikkje er med på den statistikken.