Glenn Solberg ny trenar
Handball
FRÅ EM-GULL TIL PLASTSTOLANE I REM ARENA
Er dette tull?, spurte en av våre tidligare ordførarar i kommentarfeltet på facebook igår. Det kan kanskje hørest ut som ei usannsynlig historie frå et spel ala Championship Manager. Men det er ikkje tull, det er berre enda et spennande kapittel i Bergsøy si historie.
Det nærmar seg 1000 liker-klikk på Bergsøy Handball sin post. Tidligare Bergsøykeeper Stian Garvik seier dette er det galnaste sidan 1944 (Dannelsen av klubben). Hødd Handball gratulerer, og alle er enige om at dette er spennande nyheter.
Bergsøy har kanskje vunne berre 1 av 10 kampar i Eliteserien hittil, men har no vunne meir enn berre våre lokale hjerter. At den tidlegare svenske landslagssjefen, som også har blitt europameister som trenar, no kjem om bord i Bergsøyskuta, har nok overraska mange i Handball-Noreg.
Vi har god plass i skuta vår, så velkommen skal du være.
Frå EM-Gull til Rem Arena. Frå å være proffspelar i Barcelona, til å site på en av dei koselige plaststolane Bergsøy har å by på. Ikkje at stolane våra er dårligare enn nokon andre stolar, tvert imot. Men vi er ikkje vandt til at landets største profilar sit der - og iallfall ikkje mens dei representerar vår klubb.
La oss ikkje gløyme at Bergsøy har allereie en internasjonalt merittert trenar i Gintaras Savukynas som har ei imponerande merittliste som trenar. Med 15 ligatittlar, Champions League erfaring og landslagstrenar-erfaring. Bakgrunnen for at Glenn Solberg no kjem til Bergsøy, er den alvorlege sjukdommen til Gintaras Savukynas. Solberg har sjølv fortalt at han ønskjer å stille opp for ein kollega og ein person han kjenner, samtidig som han ønskjer å hjelpe Bergsøy.
Også Gintaras Savukynas har sjølv ønskt Glenn Solberg velkomen til Bergsøy. I ei helsing på Facebook takkar han for støtta, og uttrykkjer tru på at Solberg kan bidra med stabilitet og tryggleik for eit lag han meiner har kapasitet til å prestere betre i Eliteserien.

Vi er takknemmlige for all den hjelpa vi kan få i kampen mot nedrykk.. Det kan bli små marginar som avgjer, og vi håpar at vi kanskje kan klare å bikke dette Bergsøy sin veg.
Det er med andre ord ikkje dekt bord for Glenn Solberg. Han kjem til ein klubb som kjempar mot nedrykk, langt unna medaljekampen han opplevde som svensk landslagssjef. Det er ei tøff utfordring å ta på seg, og det står det stor respekt av. Ikkje alle hadde gjort det.
Nokon eg kjenner sammenlikna det med at Ole Gunnar Solskjær skulle tatt på seg ansvaret med å trene fotballaget til Bergsøy i 4.divisjon. Så stor er sensasjonen at Glenn Solberg tek ansvaret for handballaget. Eit av landets største handballnamn har kome til ein av dei små Askeladdane i norsk toppidrett.Merittane
Glenn Solberg tok EM gull med Sverige i 2022 etter å ha slått Spania i finalen. Han tok VM sølv året før da han førte Sverige til si første finale på 20 år. Og i 2024 tok han Sverige til EM bronse og den tredje mesterskapsmedaljen med Sverige på få år.
Han var landslagssjef for Sverige frå 2020 til september 2024 og hadde ansvaret for vårt naboland i 6 mesterskap.
Men dei aller fleste kjenner nok til namnet og personen Glenn Solberg gjennom mange år som norsk handballspelar og ikkje som svensk trenar. Han starta med Drammen i 1992 og avslutta også si karriære der i 2010. I mellomtida spelte han for Nordhorn i Tyskland, Barcelona i Spania og Flensburg i Tyskland.
En norsk utlandsproff der altså, en av norges største spelarprofilar gjennom tidene, og en landslagsstjerne for Norge med 122 landskampar og 250 mål.
Som spelar vann han den europeiske City cupen med Drammen i 1996, EHF-cupen og den europeiske supercupen med Barcelona i 2003, i tillegg til spansk serie- og cupmeisterskap og tysk cupgull.
Trenarmerittane er at han var assistenttrenar for det norske landslaget i 2014-2016, trenar for St Hallvard HK (seinare kalla Fold Håndballklubb i Bærum) i 2015-2019, og altså da svensk landslagssjef i 2020-2024. Sidan 2025 har han vore coach i Olympiatoppen med arbeid knytt til prestasjonsutvikling og landslag.
Da han trente ST.Hallvard så klarte klubben opprykk til Eliteserien i 2015/16 før dei gjekk ned igjen i 2016/17, og seinare blei dei seriemester med nytt opprykk i 2018/19.
Mennesket Glenn Solberg
I 2019 blei Glenn Solberg den første mannlige handballspelaren som var med i Mesternes Mester på NRK, og han kom til semifinalen det året. Men etter at han la opp som handballspelar så har det ikkje vore berre handball for Glenn Solberg. Han arbeidde i næringslivet i endel år mellom anna i gode stilingar i Gjensidige og Norrøna Sport.
Han har skildra seg sjølv som en rolig person som helst ikkje står i sentrum, og som er opptatt av å sjå mennesket bak idrettsutøvaren.Han har sagt at gode trenarar må bry seg om menneska og ikkje berre resultata. Vi med Bergsøyhjerte kan smile litt og ha sjølvironi nok til å forstå at dette er en perfekt match sånn sett.
Han har sagt følgande:
Det viktigste er at jeg vil jobbe, og få til noe, med mennesker. Jeg vil skape og utvikle gode holdninger og verdier, og jeg ønsker å være med på å gjøre folk gode, både som individer og lag. På og utenfor håndballbanen.
Men det viktigaste, han sa også at han drømte om å trene en storklubb. Og no har han kome til Bergsøy.
Rolla i Bergsøy
I pressemeldinga står det at han blir ansvarlig for trenerteamet rundt eliteserielaget Bergsøy ut sesongen 2026/27, og at han vil kombinere dette med sin jobb i Olympiatoppen. Det betyr nok at vi fortsatt vil sjå dei trenarane vi er vandt til, men at Glenn Solberg no kjem inn med si rutine og hjelper det Bergsøy allereie har på plass.
Vi må heller ikkje gløyme Peter Pucelj, som har teke trenaransvaret i Bergsøy medan Gintaras Savukynas har vore sjukmeld. Han har stått i ein krevjande situasjon og halde arbeidet med laget i gang. No kjem Glenn Solberg inn med si erfaring og sine merittar, og forhåpentlegvis kan dette bli eit løft for heile trenarteamet og spelarane.
Glenn Solberg seier sjølv følgjande i pressemeldinga::– Først og fremst handler dette om et ønske om å bidra og hjelpe en klubb som befinner seg i en krevende situasjon. Klubbens trener er blitt sykmeldt som følge av alvorlig sykdom. Han er både en kollega og en person jeg kjenner, og det er meningsfullt for meg å stille opp dersom jeg kan bidra.
Bergsøy Handball svarte vidare:– Å få en trener og håndballprofil med Glenns erfaring og meritter inn i trenerteamet er en stor ressurs for Bergsøy. Vi er både stolte og takknemlige for at han ønsker å bidra i den situasjonen klubben befinner seg i. Vi tror samarbeidet vil bli svært inspirerende og utviklende, både for spillerne, trenerteamet og klubben som helhet.
Midt oppi gleda over å få Glenn Solberg til Bergsøy, må vi heller ikkje gløyme kvifor han kjem hit. Tankane våre går til Gintaras Savukynas, som betyr mykje for Bergsøy og handballen vår. Vi ønskjer han riktig god betring, og håpar å sjå han tilbake i Bergsøyhallen når helsa tillèt det. ❤️