Fred Frantzen mot Liverpool Tilbake

Fred Frantzen mot Liverpool

🕒 2006-07-13 00:00
🏷️ Fotball

Fred Frantzen fekk bryne seg mot topp internasjonal motstand då norske fotballprofilar møtte Liverpool-legender på Color Line Stadion.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Plassen var Color Line Stadion. Vêret var grisete. Kjendisane florerte. Bruce Grobbelaar. Alan Kennedy. Jan Mølby. Ian Rush. Roy Evans. Åge Hareide. Mini Jakobsen. Gøran Sørloth. Lars Bohinen. Og ikkje minst Fred Frantzen.

Fred var ganske aktiv på oppvarminga, og vi starta å sanse at noko stort var på gang. Han verka målbevisst og klar for dagens oppgåve.

Kampen skulle vare i to gonger 30 minutt, og Fred måtte vere klar for å hoppe innpå bana når som helst. Vi er jo alle klar over potensialet som framleis ligg og lurer i kroppen på den aldrande målkongen.

Dette augeblikket hadde han tenkt på i lengre tid, og Fred hadde også trent i lag med A-laget enkelte økter for å få kondisjonen opp og gå.

4900 tilskodarar

4900 tilskodarar – kan det stemme? Det var der og der.

Mini Jakobsen gav det norske laget ein flying start. Ei fin kontring, sjølv om Bruce Grobbelaar i pausa hinta frampå om at det var to yards offside.

Det stod 1–1 til pause etter ei fin utlikning av «man of the match» Mark Walters med drakt nummer 11. Walters var sløv i starten av kampen, men stor utover. Det same kan vi seie om Liverpool, som tok meir og meir over kampen.

Fred fekk sjansen

Men tilbake til det viktige. Fred spelte vel kanskje ti minutt. Han fekk dessverre lite å jobbe med, og datt lengre og lengre ned på bana før han enda ute på benken igjen.

Det var klart at det norske laget ikkje var så samspelt som dei burde vore. Hadde dei brukt Frantzen meir denne kampen, kunne kanskje resultatet blitt noko anna.

Liverpool tok over

Det var stor forskjell på laga etter pause. Mark Walters førte laget opp til 2–1 med ein frekk lobb, og då Ian Rush var kontant og auka til 3–1, var kampen i realiteten avgjord.

Dommar Davy Wathne og ein vifteglad linjedommar fråtok truleg det norske laget ei redusering for feilaktig offside, men resultatet bryr ingen seg om. Underhaldninga stod i høgsetet.

Vi fekk sjå eit brassespark som nesten enda i mål, og vi fekk sjå Mini trenge løftehjelp for å ta saltoen etter scoringa si. Jan Åge Fjørtoft var ikkje særleg einig i linjedommaren sine vinkingar.

Det som nok prega kampen mest, var Liverpool sin presisjon i spelet. Pasningsspelet utspelte og frustrerte dei norske legendene, og Liverpool kunne ha eit dusin trekk innad i laget.

Vi kunne sjå at Liverpool hadde eit ekstra gir å bruke, men dei trong ikkje å ta det fram.

Fred Frantzen i drakt nummer 16 under kjendiskampen på Color Line Stadion
Fred med drakt nummer 16 lukta etter målsjansar på topp. Davy Wathne var dommar.

Fullt av fotballprofilar

Vi har lagt eit lagbilde inn på kjendistreff-sida, der Fred Frantzen står oppe til høgre, ganske så nær trenarlegenda Roy Evans. Kanskje får vi også tak i eit litt betre bilde å legge inn etter kvart? Nok av kjendisar var det iallfall.

Liverpool-profilane:
Bruce Grobbelaar, Bob Bolder, Phil Neal, John Wark, Alan Kennedy, Nicky Tanner, Gary Gillespie, David Fairclough, Mike Marsh, Michael Thomas, Jimmy Case, Mark Walters, Ronnie Whelan, Howard Gayle, Jan Mølby, John Durnin, Ian Rush og Roy Evans.

På norsk side:
Tore Antonsen, Jan Åge Fjørtoft, Åge Hareide, Mini Jakobsen, Erland Johnsen, Gøran Sørloth, Lars Bohinen, Erling Ytterland, Rune Sunde, Jarle Ødegård, Ulrich Møller, Knut Ertesvåg, Vidar Davidsen, Harald Åsland Riise, Fred Frantzen og fleire.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.