Grasbana skal bli bra Tilbake

Grasbana skal bli bra

🕒 2006-05-04 00:00
🏷️ Historie

Grasbana treng litt meir tid før den kan takast i bruk, medan arbeidet med den nye kunstgrasbana held fram.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Enkelte har kanskje vore frustrerte dei siste dagane. Det skjer ganske raskt at ønsket om å få kome inn på grasbana kjem sigande så snart sola snik seg fram mellom skyene.

Verre blei det nok at A-laget trente både sist laurdag og måndag, for då var det straks fleire som kravde same behandling. Fakta var derimot at A-laget ikkje hadde lov til å trene på gras nokon av gongane, og banemeister Arvid Kvalsund blei frustrert då han kom tilbake frå si langhelg i Stryn.

Arvid Kvalsund arbeider med Bergsøy Stadion

Grasbana må få tid

Grunnen til at grasbana skal få kvile er sjølvsagt at den må bli sterk nok til å tåle å bli trakka på. Det er enkelte felt på bana der graset prøver å spire så godt det kan, og som treng nokre dagar på seg.

Bildet ovanfor viser Arvid Kvalsund som gjer seg klar til gjødsling av bana, og han er klar på at bana skal bli i god stand frå neste veke av. Då vil bana ha fått tid på seg til å gro seg fin.

«Grunnen til at bana er seinare klar i år er blant anna at våren er 14 dagar seinare i forhold til i fjor, men hovudgrunnen er likevel at bana måtte oppattsåast. Bana blei greven opp, men dei øvste torvene blei ikkje tatt vare på slik det var planlagt – og dermed er ein no litt etter skjema.»

– Arvid Kvalsund

Bergsøy Stadion våren 2006

Ormar, fuglar og ein øydelagd port

Vi har tidlegare rapportert om kidnappinga av ormar frå Bergsøy Stadion, og også dette er noko som gjer at bana per i dag ikkje ser heilt ut som den burde.

«Eg har aldri sett så mykje drit her før», uttalte Arvid tidlegare i dag. Det spørs om det ikkje må bli arrangert litt plukking av fugledrit, slik det har vore nokre gongar tidlegare.

Dei få ormane som er igjen på bana jobbar livet av seg for å skremme fuglane, men ser ut til å måtte gi tapt for overmakta.

Og om ikkje fuglane prøver å skade bana, så er det bilistar. Bildet ovanfor viser porten inn til bana som tydeleg har blitt smadra av ein bil. Dei som har lese siste utgåve av Vestlandsnytt kan der lese at politiet har sine mistenkte bak denne handlinga.

Ein slik port skal visstnok vere verdt nokre tusen kroner. Ein annan port er snudd opp ned, og dette har nok skjedd lenger tilbake i tid.

Arbeidet med kunstgrasområdet våren 2006

Kunstgrasarbeidet held fram

Bildet ovanfor viser Bjørn Otterlei stå og studere dagens arbeid i «myra». Det går sakte, men sikkert framover.

Myrvatnet har stige i takt med steinane som har blitt fylte ned i myra, noko som tydelegvis også gjorde at det var ein viss kloakklukt i området. Dette vatnet er venta å søkke nedover snart.

Sjølve opninga av den ferdige kunstgrasbana er tidfesta til 5. september, så innan den tid vil nok området sjå ganske forandra ut.

Ein del skal likevel skje før den tid, og 19. mai er, så vidt vi veit, ein fastsett dato der ein skal velje ut dei beste kandidatane blant dei som skal legge kunstgrasdekket. Deretter går sjølvsagt arbeidet vidare med å finne den aller beste kandidaten blant desse. Anbod blei sendt ut 2. mai.

Ettersom dei nemnde datoane er tatt frå hukommelsen, kan ein ta dei med ei lita klype hornsalt. Det er håpa at Bergsoy.com får tak i ein fin framdriftsplan, om det er mogleg, som kan gjere dei uopplyste meir opplyste.

Kunstgrasområdet ved Bergsøy Stadion 4. mai 2006

Skarbøvik ventar i Huldalen

Bildet ovanfor er også frå kunstgrasmyra i dag.

Til slutt må ein berre minne om at det er i Huldalen det skjer når Bergsøy fredag skal møte Skarbøvik. Bergsøy har ein ganske høg odds på Nordicbet, og Skarbøvik må finne seg i å vere favorittar etter å ha kome ganske godt ut i år. SIF har faktisk null baklengsmål hittil.

Av andre nyheiter er det ganske sikkert at Geir Sandnes er å finne i Sparta-troppa mot Ålesund til helga, men mest sannsynleg på benken i sitt comeback etter ein operasjon.

Bergsøy har som kjent ein del tidlegare spelarar ute på vift i klubbar i dei høgare divisjonane, og vi må prøve å følgje med så godt vi kan.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.