Gursken vann turneringa igjen Tilbake

Gursken vann turneringa igjen

🕒 2006-12-29 00:00
🏷️ Fotball

Gursken gjekk heilt til topps i romjulsturneringa etter 5–1 over Team of Carraghers i finalen. Johnny Moltubakk markerte seg som ein av turneringa sine store profilar.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Gursken vann igjen. Dei var kvikkare og hadde betre balanse enn dei andre laga som hadde møtt opp til turneringsdyst. Ein verdig vinnar, som med godt teknisk spel underheldt publikum. Men Ulstein FK var svært nær ved å slå Gursken i semifinalen.

Nedanfor finn du 25 bilde frå årets romjulsturnering.

Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006

Gursken suverene i finalen

Gursken slo Team of Carraghers 5–1 i finalen, og kampen blei etter kvart meir som ei parade samanlikna med den dramatiske semifinalen mot Ulstein FK.

Ulsteinlaget var nemleg i føringa nesten heile semifinalen, men Gursken redda kampen til ekstraomgangar og golden goal med ei utlikning kort tid før slutt.

Like dramatisk skulle det avgjerande målet bli. Tida var kanskje ute før Gursken fekk frispark, og diskusjonen gjekk mellom sekretariatet og dommaren. Gursken fekk likevel æra av å ta det siste sparket på ballen.

Johnny Moltubakk var ein av turneringa sine mest dominerande spelarar, og han sette ballen klin i krysset. Gursken var i finalen.

Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006

Carraghers til finalen

Team of Carraghers, med Oddmund Waagsholm i spissen, fekk det lettare i semifinalen mot Sacre Blanc. Harald Åsland Riise utnytta ein forsvarsglipp til 1–0, medan 2–0 kom på eit frispark.

Carraghers, også med Dag Roar Ørsal og Ronny Jørgensen i troppa, klarte å stresse Sacre Blanc slik at dei ikkje fekk til det gode spelet sitt.

Sacre Blanc, med spelarar som David Molnberg, Frank Skorpen, Ulrik Wingsternes, Ove Kvalsvik, Roy Igesund, Lars Conradi Andersen, Lasse Myrhol, Arve Kvalsvik og Knut Peter Sævik, produserte få sjansar i denne kampen.

Laget skulle likevel kapre bronsen med ein overtydande siger mot Ulstein FK.

Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006

Godt nivå i hallen

Det var fleire lag som fekk vise seg fram, og Tjørvåg var eitt av dei. Preben Hestad, Per Ståle Nykrem, Jarl Åge Wågsholm og Curt Åge Hauge danna kjerna i laget som måtte sjå seg slått av Sacre Blanc i kvartfinalen.

Kampen var jamn heilt til det siste, før David Molnberg fekk inn det avgjerande skotet minuttet før slutt.

Ein må kunne seie at Bergsøy-laga ikkje akkurat overtydde, men det viktigaste er sjølvsagt å delta. Laget Reit-Im-Winkel, med spelarar som Anders Per Wågsholm, Bjørnar Gundersen, Kjell Alfred Otterlei og Tommy Remøy, klarte heller ikkje å hevde seg i turneringa.

Det seier kanskje litt om det gode nivået på laga i hallen dette året.

Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006 Romjulsturneringa 2006

Moltubakk årets spelar

Johnny Moltubakk fekk Bergsoy.com sin pris som årets spelar, og også prisen for årets mål.

Årets mål er sjølvsagt vanskeleg å kåre, også fordi det var fleire gode langskot. Men Johnny sitt mål mot Sacre Blanc var ikkje prega av tilfeldigheiter. Han tok to tunnelar på veg mot mål før ballen gjekk i nota.

Prisen frå vår side er uoffisiell, og vi har dessverre ingen pokalar å dele ut.

Dramatikk og diskusjonar

Brannalarmen gjekk under semifinalen mellom Ulstein og Gursken – ifølgje sekretariatet på grunn av eit skot som lukta svidd.

Det var elles mange på tribunen som la merke til opplysningane om at Gursken uansett hadde gått til finalen dersom dei ikkje hadde fått målet på golden goal. Sekretariatet opplyste at Gursken då ville gått vidare på betre målforskjell. Vi håpar dette var feilinformasjon.

Rykta på tribunen skulle også ha det til at finalen eventuelt kunne bli avgjord på loddtrekning dersom han enda uavgjort. Slik skal det sjølvsagt ikkje vere i ei turnering for vaksne lag.

Ingen kvartfinale eller semifinale bør bli avgjord på grunnlag av målforskjellen frå gruppespelet heller. Berre så det er klart til neste års turnering.

Tidsmangel gjer at vi ikkje får tid til meir før nyttår. Vi hadde planlagt å legge ut ein film frå romjulsturneringa, men denne kjem ein gong på nyåret.

Godt nytt år!

Trykk for å gi saka ein tommel opp.