≡
I dag er det framleis berre ei myr, men planen er at dette området skal bli Bergsøy si nye kunstgrasbane. Vi tok turen ut for å dokumentere korleis det såg ut før arbeidet starta.
Trykk for å gi saka ein tommel opp.
Her skal det kome kunstgrasbane, men akkurat no er det ikkje spesielt lett å forestille seg fotballkampar på dette området.
Frå myr til fotballbane
Det er trass alt ei myr den framtidige bana skal byggast på, og området er definitivt ikkje klart for fotballspel med det første.
Planane er likevel at dette ein dag skal bli Bergsøy si kunstgrasbane.
Derfor tok vi nokre bilde av området slik det ser ut no. Dersom planane blir realiserte, kan desse bilda bli interessante å finne fram igjen når vi ein gong kan samanlikne myra med ei ferdig fotballbane.
Slik såg området ut i 2004
Trykk for å gi saka ein tommel opp.