No har vi både Fotball, Handball og Friidrett.
Bergsøy Fotball Heimeside kom på nett i 2002. Den sida utvikla seg og blei kjent som Bergsoy.com etterkvart, eit nettdomene som i dag er eigd og drive av Bergsøy IL.
Mens Bergsøy har fortsatt å drive nettsida med fokus på dagens nyheiter, følte vi at alt arbeidet med historikk som Bergsoy.com ein gong hadde, fortente å bli gjenoppliva. Blant anna ei mengd kampreferat, samt arbeid med adelskalender, toppscorarlister med meir.
Historikk.com blei oppretta for å ta vare på denne historikken, samt å arbeide vidare med den jobben vi starta heilt tilbake i 2002. Det har no nesten gått 20 år, og i dag har nettsida tatt nye steg.
Nytt er blant anna
- Vi delar opp heimesida i kategoriane Historikk, Fotball, Handball og Friidrett.
- Heimesida skiftar design og blir «responsive», som betyr at den også blir mobil- og iPad-vennleg.
- Vi har ei mengd med handball- og friidrettshistorikk som ikkje før har blitt vist. Vi har scanna og sortert i vekevis og har laga adelskalender og målscorarlister for både herrelag og damelag. Trenarsider, kampresultatsider, årets spelarar og meir.
- For friidrett har vi scanna over 100 dokument som er å finne i vårt arkiv, mens friidrettssidene no har resultat og rekordar i 26 kategoriar.
Designet
Det er fleire og fleire som brukar mobilen eller iPad når ein surfar på nettet. Slik heimesida var før, så var dette ikkje tilpassa anna enn datamaskin.
Vi har no brukt månadar på å oppdatere og tilpasse kvar enkelt side for å kome inn i vårt nye design, blant anna fleire hundre nyheiter i arkivet, og alle våre 1400+ kampreferat for å nemne noko av det mest tidkrevjande.
Sjå døme under på kva som har forandra seg:
Vi har også leika oss med designet på forskjellige måtar litt her og der, og vil nok fortsette å leike oss. Ingenting er spikra, og mykje kan bli forandra – men det viktige no er at den største overhalingsjobben er gjort.
![]()
Historikk.com e laga gjøna å prøve å feile. Lesing av kordan en kan lage ei heimeside, og tips og triks. Ditte e en sjølvlært hobby, der ej lære meir og meir. Historikk.com vil dermed forandre seg etterkvart som ej lære.
Steffen Kvalsund
No som sida vil innehalde både historikk, fotball, handball og friidrett håpe ej at det kan være ei side som kanskje vil fænge fleire. Det he bjunt å samle seg ganske store mengde historie på sida her etterkvart.
Kategoriane
Vi har delt heimesida inn i fire kategoriar, som kvar har fått sin gjenkjennelege farge og sitt eige tema.
- Historikk (Historie) – grå med vår Ulve-logo.
- Fotballsidene – raude med fotball-logo.
- Handballsidene – gule med handball-logo.
- Friidrettssidene – grøne, med logo med springande mann.
Du kan bruke menyen øverst til venstre på dataskjermen for å gå til dei forskjellige kategoriane. På ein mobiltelefon finn du menyen øverst til høgre.
På hovudsida har vi også laga ei linje med snarvegar som viser alle dei fire kategoriane. Derifrå kan du trykke på logoane for å gå til den aktuelle kategorien.
Kvar av dei fire kategoriane har sine eigne tema, bakgrunnsfargar og menyar som skal vere med på å hjelpe våre lesarar med å vite kvar ein er på historikk.com. Er du inne på ei gul side, er du nok mest truleg inne på ei side med handballstoff.
Håper du liker oppdateringa, og seier ifrå om noko ser «roskande gale» ut.