Klubbhuset i Huldalen er i ferd med å gå frå gult til kvitt. Samtidig blei det seier til juniorlaget, uavgjort for Jenter 14 og nye oppdateringar frå kunstgrasarbeidet.
Klubbhuset sine gule dagar held på å forsvinne. Spelarar har både laurdag og søndag fått kvitfarge på veggane, og det første strøket er bortimot ferdig på den synlege sida av huset.
Frå gult til kvitt
Klubbhuset i Huldalen har stått i området sidan 1988, og har gjennom åra gått gjennom fleire forandringar. Det er heller ikkje lenge sidan det kom på plass ei ny og fin tribune i området.
Den siste dugnaden dreier seg om maling. Ikkje den aller største revolusjonerande forandringa, men nok til at huset får eit heilt anna uttrykk.
Laurdag var ein gjeng på plass for å male det første strøket på muren, og søndag var det sjølve veggen som skulle dekkast med kvitmaling.
Den gule fargen forsvann meir og meir, og då klokka nærma seg 17 var det ikkje mykje gult igjen.
Juniorane slo Stranda
Bergsøy sine juniorar slo Stranda 3–1. Stillinga til pause var 1–1.
Etter rapportane var Bergsøy klart best, og Andre Lima, Kjetil Paulsen på straffespark og Bjørnar Gundersen sørga til slutt for ein fortent siger.
Det siste og avgjerande målet kom etter eit flott Bergsøy-angrep, før Bjørnar Gundersen knalla ballen i mål på volley.
Poengdeling for Jenter 14
Bergsøy består sjølvsagt av fleire lag enn A-laget og juniorlaget. Jenter 14 hadde nyleg fått si eiga lagside, og denne dagen blei det første kampreferatet lagt ut.
Jentene spelte 2–2 mot Ørsta på Heid grus. Måla blei scora av Kristine «Solskjær» Vike og Lovise «Ronaldo» Frøystadvåg.
Kunstgrasbana let vente på seg
Tidlegare var det håp om at kunstgrasbana kunne opne i september. Sjølv dei største optimistane vil nok sjå at dette ikkje har klaffa heilt.
Arbeidet held fram, men det er vanskeleg å fastsette ein ny opningsdato. Vi gler oss uansett og håpar inderleg å sjå bana klar til bruk før vinteren kjem.
Lysmastene ligg i det minste klare. Dette er mastene som tidlegare stod på gamle Kråmyra stadion.
Når lys først er tema, blir det også stadig mørkare på kveldane. Det kan skape problem for fredagens kamp mot Hødd 2 dersom den skal spelast på Bergsøy Stadion.
Lysforholda kan derfor føre til at kampen må flyttast til Huldalen.