Planen var å starte legginga av kunstgrasdekket 19. mars. Måla var komne på plass, ballnettinga var levert, og arbeidet med dreneringa heldt fram.
Vi er inne i mars, og mykje tyder på at dette kan bli månaden då Bergsøy endeleg får den etterlengta kunstgrasbana på plass.
Ifølgje den siste planen skal legginga av sjølve kunstgrasdekket starte 19. mars. Dersom vêret spelar på lag, kan bana vere klar til bruk mot slutten av månaden.
Måla er komne på plass
Fleire viktige delar av anlegget har no kome på plass. Måla som skal stå på den nye kunstgrasbana er levert og står klare ved bana.
Ballnettinga rundt bana har også kome fram. Eitt av netta viste seg å vere for kort, så det må skaffast to større nett før dette arbeidet kan ferdigstillast.
Dreneringa blir utbetra
Det er også positivt at området i hjørnet opp mot badeland blir restaurert. Dette har vore eit av felta med størst belastning og mest problem med drenering av regnvatn.
Arbeidet med dette området er i gang, og målet er å få underlaget best mogleg før kunstgrasdekket skal leggast.
Om alt går etter planen, nærmar Bergsøy seg no siste fase før den nye kunstgrasbana kan takast i bruk.