Ein stor dag i Bergsøy-historia: 13. april 2007 kom resten av kunstgrasdekket på plass, og den nye bana var for alvor i ferd med å ta form.
Tidlegare på dagen var over halve bana blitt dekt av kunstgras. Arbeidet gjekk raskare enn venta, og på kvelden 13. april 2007 kom også resten av kunstgrasdekket på plass.
Det var ein stolt dag for alle dei som hadde jobba lenge med å få på plass kunstgrasbana.
Bana var framleis ikkje heilt ferdig. Skøytane skulle limast, sidelinjene skulle leggast og bana skulle fyllast med både grus og gummi.
Denne dagen blei det også dugnad for heile A-laget. Arbeidet var så spesielt at det blei tatt ei lang rekke bilde som dokumenterte korleis den nye bana tok form.
«Arbeidet starter i morgon kl. 07.30. Vi har da 5 mann på plass på dugnad i lag med Hollenderane. Ut over dagen treng vi fleire for avløysing og eg oppmoder folk om å stikke innom for å delta i eit hyggeleg dugnadslag. Dagen i dag har vore positiv med tanke på kva som er gjort på bana. Slik det ser ut no så skulle bana kunne vera klar til å ta i bruk til trening straks over helga. Vi gler oss over det, store som små.»
Bildeserie frå arbeidet
Kiosken er på plass
Det måtte bil og kran til for å få løfta bygget på plass, men etter litt tid og arbeid landa det på rett grunn.
Planen var at blåfargen på bua kanskje skulle erstattast med raudfarge etter kvart.
Bildeserie frå plasseringa av bua