Kunstgrasområdet må ryddast Tilbake

Kunstgrasområdet må ryddast

🕒 2006-01-28 00:00
🏷️ Historie

Før gravearbeidet på den nye kunstgrasbana kunne starte, måtte området ryddast for skog og tre. Bergsøy inviterte til dugnad – og dei som stilte opp kunne få veden.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Før det viktige gravearbeidet på den planlagde kunstgrasbana kunne starte, måtte området ryddast for skog og tre.

Prosjektleiar Bjørn Otterlei opplyste at området der kunstgraset skulle ligge måtte ryddast, og for å få gjort arbeidet på ein rimeleg og rask måte inviterte Bergsøy til dugnad.

Dei som stilte opp på dugnaden kunne behalde veden sjølve.

Bjørn Otterlei ved området som skulle ryddast før bygginga av kunstgrasbana
Prosjektleiar Bjørn Otterlei fortalde at det var mykje god ved å hente i området.

Mykje god ved

Otterlei fortalde at det voks fleire forskjellige tresortar på området.

– Det er forskjellige tresortar som veks her, mellom anna bjørk, gran, furu og rogn. Mykje bra ved, med andre ord, for den som orkar å ta opp jobben med å sage ned og kappe opp, sa Bjørn Otterlei.

Dei som var interesserte kunne sjølve velje når dei ville hogge og kor mykje dei ønskte å ta. Før arbeidet starta måtte dei kontakte anten Bjørn Otterlei eller Terje Lima for å få nærare beskjed om kvar dei kunne hogge.

Klart for gravemaskinene

Det viktigaste var å få dei større trea vekk slik at anleggsarbeidet kunne kome vidare.

– Det viktigaste for oss no er å få vekk skogen. Kvist og smågreiner kan bli liggande att, det tek gravmaskina når ho kjem i gang.

Bjørn Otterlei håpa på godt oppmøte til dugnaden, slik at området raskt kunne bli gjort klart for neste fase i bygginga av Bergsøy si nye kunstgrasbane.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.